Hopp til innhold

Vart steriliserte for å få riktig kjønn på papiret: Krev unnskyldning frå staten

Rundt 500 personar har blitt sterilisert for å få riktig juridisk kjønn i Noreg. No krev fleire organisasjonar offentleg unnskyldning og erstatning frå staten.

"Iver"

TRAUMATISK OPPLEVING: «Iver» gjekk gjennom eit stort inngrep han verken ville ha, eller trengte. Det pregar han framleis.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

Fram til 2016 måtte ein fjerne reproduktive organ for å kunne skifte juridisk kjønn. Det vil seie livmor, eggstokkar og livmorhals for transmenn, og testiklar for transkvinner.

«Iver» er ein av dei som gjekk gjennom dette for å kunne bli mann på papiret. Han ønsker å vere anonym, og det er NRK som har gitt han namnet i denne saka.

– Eg opplevde det ikkje som et val å bytte juridisk kjønn. Eg kunne enten seie ja til å fortsette å bli grov diskriminert i alle dei viktige arenaene i livet mitt. Eller så kunne eg gå med på å ta denne operasjonen, seier han.

Lenge levde han som ein mann, såg ut som ein mann, var ein mann. Alle rundt han kjende han som ein mann. Men dei juridiske papira hans viste noko anna. Der var han framleis kvinne.

– Det førte til fleire tilfelle eg vart utsett for konkret diskriminering som ein direkte konsekvens av det. Eg vart «outa» og greidde ikkje å gjennomføre studia, seier Iver.

Mellom 1950 og 2016 reknar ein med at 500 personar steriliserte seg for å få riktig juridisk kjønn. I dag er det eiga oppleving av kjønn og kjønnsidentitet som bestemmer.

Å fjerne ein kroppsdel

– Eg opplevde det som eit overgrep. Mange trur det er ein liten operasjon. Men ein går inn å fjernar indre organ. Det er omfattande og smertefullt, seier Iver.

I tida etterpå hadde han fleire fysiske smerter, og undersøkingar han opplevde som krenkande. Dette endte med at han vart sjukemeldt ei lita periode.

Hadde han visst at kravet var på veg til å bli fjerna ville han ha venta.

– Det føltest heilt meiningslaust. Eg hadde ikkje lyst på operasjonen, og det var heller ingen medisinsk grunn til at eg skulle ta han, seier han.

Å leve med feil juridisk kjønn

Luca Dalen Espseth, i FRI

KREV UNNSKYLDNING: Luca Dalen Espseth er rådgjevar for kjønnsmangfald i FRI. Han seier at transmiljøet treng både ei offentleg unnskyldning og erstatningsordning frå staten for å vise at ein anerkjenner transpersonar og den uretten ein har utsett dei for.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

Like etter at steriliseringskravet vart fjerna søkte 655 personar om å endre juridisk kjønn.

– Dette er menneske som har mått leve med feil juridisk kjønn i perioden før, og dermed lidd og blitt «outa», seier Luca Dalen Espseth, rådgjevar i FRI, organisasjonen for kjønns- og seksualitetsmangfald,

Alle har eit personnummer i Noreg. Dette bruker vi blant anna i utdanning, på reise, i banken og på jobb.

– Det går ikkje ein dag utan at andre får tilgang på ekstrem intim informasjon og identiteten din og kroppen din.

Krev unnskyldning frå staten

Sju organisasjonar, blant anna FRI, Skeiv Verden og Skeiv Ungdom, krev no ei offentleg unnskyldning frå staten, fordi ein meiner praksisen har vore i strid med menneskerettane. VG har også omtalt saka.

– Folk har lidd både fordi dei har mått leve med feil juridisk kjønn, og fordi dei har mått gå gjennom eit kastreringsinngrep, seier Espseth.

Kravet om sterilisering var aldri ein del av norsk lov, og har aldri vore oppe i Stortinget, men eit krav for å kunne søke om nytt personnummer og å endre kjønn i Folkeregisterforskrifta.

Ifølgje Espseth er lova ein har for å endre juridisk kjønn i Noreg i dag, ei av dei beste i verda. Likevel kan det aldri gjere opp for den uretten ein har blitt utsett for tidlegare.

– Ein må kunne anerkjenne at om ein har kastrert menneske mot deira vilje, er ikkje det riktig, uansett korleis lovverket eller praksisen såg ut på den tida, seier Espseth.

Forstår problemstillinga

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Inger Klippen, skriv dette i ein e-post til NRK.

Statsekretær Inger Klippen, HOD

Inger Klippen er statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet.

Foto: Anita Hamremoen / HOD

«Jeg har forståelse for at dette er en vanskelig situasjon for dem det gjelder. Regjeringen arbeider for å styrke rettighetene til LHBTIQ-personer. Når det gjelder spørsmålet om en egen erstatningsordning for denne gruppen mener vi det er naturlig at domstolen og rettsapparatet først avgjør de konkrete erstatningssakene som nå går for retten.»

Kravet om offentleg unnskyldning ønsker dei ikkje å kommentere.

Likestillings- og diskrimineringsombud, Hanne Bjurstrøm, seier dette ikkje er eit godt nok svar. Dei har sendt brev til Helse- og omsorgsdepartementetet der dei etterspør ei kompensasjonsordning uavhengig av erstatningssakene som er oppe i retten.

– Det vi krev er noko anna. Ein treng ei oppreising og ein kompensasjon, uavhengig av om det foreligg eit erstatningsmessig ansvar, seier Bjurstrøm.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger