NRK Meny
Normal

30 prosent av viktige varslingsanlegg virket ikke i helgen

Nesten kvart tredje varslingsanlegg i Norge har vore ute av drift etter at det oppstod ein feil før helga. DSB jobbar for å finne ei varig løysing på problemet.

Varslingsanlegg

Over 360 av dei om lag 1250 varslingsanlegga i Norge har vore ute på grunn av ein programvarefeil.

Foto: Odd Skarbomyr / DSB

Dei om lag 1250 varslingsanlegga som er spreidde rundt om i landet skal varsle folk om akutt fare med sirener. Ein feil på utstyret gjer no at over 360 av desse anlegga har vore ute av drift i helga, melder Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap, DSB.

Det er uvisst kor lenge anlegga har vore nede, men feilen blei oppdaga fredag, seier fungerande avdelingsdirektør i Sivilforsvarsavdelinga, Arnstein Pedersen, til NRK.

– Feilen blei oppdaga ved ein rutinesjekk. Grunnen til at dei ikkje har fungert er at utstyret og programvara ikkje har fungert som det skal.

Restartar anlegga

Han seier feilen kan ha oppstått tidlegast torsdag morgon.

Direktoratet har sett i gang kortsiktige tiltak som går ut på at dei oppsøker kvart enkelt anlegg, og restartar dette.

Det gjer at om lag 85 prosent av anlegga fungerer som dei skal no. På lengre sikt, det vil seie innan to veker, skal alle anlegga få nytt utstyr som gjer at dei skal fungere permanent.

Anlegga blir blant anna brukt når det skal varslast om gasslekkasjar og flyalarmar. Alarmanlegga som har vore nede, er spreidde over 15 fylke, men mange av anlegga ligg i Oslo, Akershus og Østfold.

Arnstein Pedersen i DSB

Arnstein Pedersen i DSB synest det er leitt at kvart tredje varslingsanlegg i landet har vore ute av drift, men er glad for at dei har fått retta opp i feilen.

Foto: Elisabeth Tøtte Hansen / NRK

– Ikkje godt nok

Pedersen seier dei ser alvorleg på at anlegga ikkje har fungert på grunn av feil på programvaren.

– Vi har kome opp i ein lei situasjon når desse anlegga ikkje verkar som dei skal. Vi er ikkje fornøgde med det som har skjedd, men vi er glade for at dette blei oppdaga såpass raskt, og at vi fekk sett i verk tiltak som betrar beredskapen igjen, seier Pedersen til NRK.

Han understrekar at det er viktig at alle anlegga til ei kvar tid fungerer. DSB skal no setje seg ned med leverandøren av utstyret for å sikre at liknande hendingar ikke skjer igjen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger