Hopp til innhold

Varslar kritisk til Ap sitt kvinnenettverk: – Partiet har ein forfallen likestillingspolitikk

I dag vel Arbeidarpartiet ny leiar i Kvinnenettverket. – Likestillingspolitikken til Ap er forfallen og treng opprusting, seier varslar Sunniva Andreasen til NRK. Ho er skuffa over innsatsen til nettverket i metoo-kampen.

Sunniva Andreassen forteller om Giske-varsler

Sunniva Andreassen sto ope fram om varsla mot tidlegare nestleiar Trond Giske.

Foto: Truls Antonsen / NRK

Sunniva Andreassen sto ope fram og fortalde om bakgrunnen for at ho varsla om tidlegare nestleiar Trond Giske.

I eit brev til Arbeidarpartiet sitt sentralstyre beklaga Trond Giske sin eigen oppførsel mot Andreassen. Han erkjente at oppførselen hans var upassande «ut frå posisjon og aldersforskjell».

Haldningane i Kvinnenettverket i partiet til metoo-kampanjen var ein av grunnane til at ho valde å stå fram.

– Det var starten på mitt engasjement i denne metoo-debatten, fordi det provoserte meg veldig, seier Andreassen.

Det som særleg provoserte Andreassen då det storma som verst, var at leiar i Kvinnenettverket, Anniken Huitfeldt, hadde åtvara om at varslingar kunne bli brukt i ein maktkamp, noko Huitfeldt seinare avviste.

Andreassen meiner Kvinnenettverket har eit særleg ansvar no.

Skuffa

Halvtanna år etter er Andreassen framleis ikkje imponert over innsatsen. Ho meiner Arbeidarpartiet sin påtroppande leiar for kvinnenettverket må rette opp inntrykket av at metoo-bevegelsen var ein maktkamp. I dag blir Anette Trettebergstuen etter alt å dømme valt som leiar av Kvinnenettverket.

– Det er Kvinnenettverket som bør ta ansvar for å løfte metoo-debatten ut av maktkampsporet og tilbake dit den høyrer heime. Debatten handlar eigentleg om likestilling, likeverd og deltaking, seier Andreassen.

Huitfeldt nemnde seksuell trakassering i ei bisetning da ho heldt sin siste tale etter 12 år som leiar for Kvinnenettverket i går. Ho vil ikkje kommentere kritikken frå Andreassen til NRK.

Påtroppande leiar nettverket, Anette Trettebergstuen, meiner ikkje Kvinnenettverket har noko å beklage.

– Kvinnenettverket til Arbeidarpartiet har ikkje gjort metoo til maktkamp, men framover er det viktig at metoo blir eit av hovudsatsingsområda. At Arbeidarpartiet er det partiet som fremjar politikken for å hindre seksuell trakassering, og at vi blir det partiet som er trygt og godt å vere i, der ingen opplever det, seier Trettebergstuen.

Anette Trettebergstuen

Anette Trettebergstuen blir truleg valt som leiar i Kvinnenettverket til Arbeidarpartiet.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Ser dei ikkje at det er politikk?

Andreassen meiner Kvinnenettverket må sørge for at metoo-rørsla ikkje blir eit blaff, men at det endrar likestillingspolitikken.

– Etter eit år med mykje metoo-støy så tørstar partiet etter å jobbe med politikk. Dei vil jobbe med politikk blir det sagt, og at Arbeidarpartiet ikkje ser at metoo-debatten er politikk, det synest eg er urovekkande. Eg syns ikkje det lover så veldig godt for opprustinga av likestillingspolitikken, seier Andreassen.

– Ja metoo er definitivt politikk. Det er i kjernen av likestillingspolitikk. Det er kampen mot seksuell trakassering og det skal vi snakke mykje om både på landsmøtet i helga, og halde fram og snakke om, seier Trettebergstuen.

AKTUELT NÅ