Varslar kamp for lokalsjukehusa

Grasrota i Frp brettar opp ermane før landsmøtet denne helga. Fleire lokallag er klare til å kjempa for å behalda akuttkirurgien på lokalsjukehusa.

Frå toppen: Stein Tore Wolff, Daginn Olsen og Torbjørn Klungstad i Frp

Frå toppen: Stein Tore Wolff i Namsos Frp, Dagfinn Olsen i Nordland Frp og Torbjørn Klungland i Flekkefjord Frp talar lokalsjukehusa si sak.

Foto: NRK / NTB scanpix / Terje Næss

Lokalsjukehus er ein svært viktig valkampsak før kommunevalet til hausten. Fleire Frp-politikarar frå distrikta seier til NRK at dei ønskjer debatt om den omstridde saka på partiet sitt landsmøte i helga.

– Det blir eit tøft landsmøte. Me ska gjera det me kan og driva lobbyverksemd overfor dei som bestemmer mest, seier gruppeleiar i Namsos Frp, Stein Tore Wolff.

– Det blir total krise

Stein Tore Wolff i Namsos Frp

– Eg trur ikkje Høie veit kva han held på med. Han må gå gjennom saka ein gong til, seier Stein Tore Wolff i Namsos Frp om helseministeren sitt forslag om å leggja ned akuttkirurgien ved små sjukehus.

Foto: Terje Næss

Grasrota i Frp er uroa for lokalsjukehusa etter at helseminister Bent Høie (H) i ein tale i januar i år opna for å leggja ned akuttfunksjonar ved mindre sjukehus.

– Folk i Nordland er bekymra. Me må stå opp for det som folk i distriktet treng. Eg håpar at signalet på landsmøtet blir så klart at når slutninga skal trekkjast, så sit me att med eit godt akuttkirurgisk tilbod, seier Dagfinn Olsen i Nordland Frp.

Eit av forslaga er fjerna akuttkirurgien ved sjukehus som har eit pasientgrunnlag på færre enn 60.000-80.000 menneske. Førre veke flagga helsedirektør Bjørn Guldvog støtte til Høie.

– Dersom akuttkirurgien forsvinn, så forsvinn fødeavdelinga og då har me ingenting att. Det blir krise, total krise. Eg trur ikkje Høie veit kva han held på med. Han må gå gjennom saka ein gong til, seier Wolff i Namsos Frp.

Kampsak for Frp-lag i sør

I Flekkefjord er framtida for lokalsjukehuset og akuttkirurgien er eit tema som overskuggar alt anna i møte med potensielle veljarar.

– Det går rett inn på folk sine primærbehov for å vera i live og trygge, då bleiknar alt anna. Eg ventar at ei så viktig sak kjem opp og blir snakka om på landsmøtet. Eg håpar dei vil la oss freda lokalsjukehusa og dei viktige funksjonane som akutt og føde, seier leiaren i Flekkefjord Frp, Torbjørn Klungland.

Grasrota i Høgre fekk ikkje gjennomslag for å behalda akuttkirurgien på lokalsjukehusa på sitt landsmøte sist helg.

Helseministeren skal seinare i år leggja fram ein nasjonal helse- og sjukehusplan.

NRK har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå Frp sentralt om standpunkt når det gjeld lokalsjukehus og akuttkirurgi.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger