Hopp til innhold

Varslar håper Giskes comeback-tale blir endeleg punktum

Sunniva Andreassen synest det er bra at Trond Giske meiner varslarane fortener respekt for å ha stått fram.

Sunniva Andreassen snakker med NRK

HÅPER PÅ PUNKTUM: Sunniva Andreassen stod fram som éin av varslarane mot Trond Giske i førre veke. Ho håper talen laurdag kan bli eit endeleg punktum i saka og at ho aldri treng å uttale seg om Ap-politikaren igjen.

Foto: Truls Antonsen / NRK

For litt over éi veke sidan stod ho fram som éin av varslarane mot Trond Giske. Andreassen var 18 år og AUF-ar i 2008 då den første episoden med Giske skjedde. Då ho var 19 år i 2009 trekte ho seg som lokallagsleiar i AUF etter ein ny episode med den dåverande kulturministeren.

Då Giske laurdag returnerte på den politiske scena, var mange spente på kva den avgåtte Ap-nestleiaren skulle seie. Andreassen seier ho håper talen kan vere siste ord i saka – i alle fall for henne.

– Eit punktum i form av at eg forhåpentlegvis aldri treng å prate meir om Trond Giske. Eg bryr meg ikkje om hans politiske framtid. Eg bryr meg om at denne saka vil føre til varig endring i samfunnet i framtida.

– Eg har tatt imot orsakinga frå han. Det er viktig for at eg skal kunne legge denne saka bak meg og gå vidare, seier Andreassen.

Trond Giske

ORSAKA: Trond Giske tok ein pust i bakken før han gjekk inn på varsla om seksuell trakassering som har komme mot han.

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

Ville ikkje bagatellisere eller bortforklare

Giske blei møtt med ståande applaus då partifellar tok imot han i Orkdal laurdag. Det politiske comebacket var eit faktum.

Jubelen, og den spontane klappinga, stilna når Giske uttalte seg om dei turbulente siste månadene.

Etter ein lang pustepause var det ein audmjuk Giske som sa han var svært lei seg. Han uttalte seg òg om varslarane spesifikt:

– Dei som har fortalt om det, også mot meg, fortener respekt for motet sitt. Etter mange år står dei fram med historier som sikkert har vore kjempevanskelege å fortelje om. Det er historier som ikkje skal bagatelliserast eller bortforklarast.

Giske var tydeleg på at han hadde tatt til seg historiene og gitt ei orsaking utan førehald.

– Eg er lei meg for at eg ikkje har vore bevisst på mi rolle og makt i sosiale samanhengar, sa Giske i talen.


Giske møtt med stående applaus, men beklager til varslerne

Har tatt imot orsakinga

Andreassen høyrde ikkje talen til Giske direkte, men fekk i etterkant høyre kva han hadde sagt til partifellane i Trøndelag. Ho synest det er positivt at han seier varslarane fortener respekt.

– Det er bra at han anerkjenner det. Men då må han ikkje gå ut og nekte for og skulde delar av varsla som falske og grunnlause, meiner den i dag 28 år gamle kvinna.

Det var i eit langt brev til sentralstyret i Arbeidarpartiet at Giske meinte fleire av varsla var anten feil eller hadde manglar. Han kommenterte ikkje dette direkte i talen laurdag. Under ein spørsmålsseanse i etterkant ville han ikkje uttale seg meir om desse varsla.

Andreassen seier til NRK at ho er glad for at Giske ikkje bortforklarte seg i talen. Ho meiner likevel at han burde strekke seg lenger i orsakinga, og ta meir ansvar for det som har skjedd.

– Han har ikkje vore spesielt tydeleg på kva han beklagar. «Ikkje vore bevisst på eiga rolle og makt» er det lengste han strekk seg. Varsla er spreidde over ein periode på ni år, seier ho.

NRK har vore i kontakt med rådgjevaren til Trond Giske i kveld. Han seier Giske ikkje ønsker å kommentere varslar-sakene utover det som blei sagt under talen i ettermiddag.

Sunniva Andreassen i Dagsnytt 18

STOD FRAM: Sunniva Andreassen fortalde om kvifor ho valde å stå fram og fortelje om sine møte med Trond Giske, i Dagsnytt 18 2. januar.

Oma: – Positive tonar

Varslingssakene mot Trond Giske blei først kjende offentleg i desember. Giske sjølv blei sjukemeld, før han 7. januar trekte seg som nestleiar i Ap. Også vervet som finanspolitisk talsperson og plassen i sentralstyret til partiet forsvann.

Ap-politiker Line Oma står frem som en Giske-varsler.

POSITIV: Line Oma stod i januar fram som éin av varslarane mot Trond Giske. Tonen ho høyrde i talen til Giske laurdag omtalar ho som positiv.

Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

To dagar før Giske trekte seg stod Lina Oma fram som varslar.

Ho var 23 år og praktikant ved ambassaden i New Delhi, då den dåverande næringsministeren Giske oppførte seg upassande. Etter talen laurdag var den i dag aktive Ap-politikaren i Oslo positiv.

– Eg synest det er positive tonar, og dersom dette er det vi høyrer frå Giske om varslar-sakene framover, så er det bra, seier Oma til NRK.

Viste svakheit

Fleire politiske kommentatorar var òg positive til Giskes tale. Politisk kommentator i Adresseavisen, Tone Sofie Aglen, meiner talen er den viktigaste Giske noko sinne har halde.

– Korleis han klarte å gjennomføre den handlar nok mykje om korleis han blir oppfatta og tatt imot i ettertid, meiner Aglen.

Ho meiner Giske viste seg frå ei audmjuk side då han prata om dei siste månadane.

Pressekonferanse APs sentralstyremøte mandag

SER FRAMOVER: Partileiar i Arbeidarpartiet Jonas Gahr Støre, ser fram til å samarbeide med Trond Giske igjen.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Eg trur mange var spente på om Giske ville prøve å reinvaske seg eller slå tilbake, slik han har gjort med advokatar og i sosiale medium. Det gjorde han ikkje. Han orsaka, var audmjuk og fortalde at dette sjølvsagt hadde vore ei veldig vanskeleg tid. Han viste også svakheit ved å fortelje at han grua seg veldig før talen.

For Trond Giske er tilbake. Partileiar Jonas Gahr Støre er éin av mange som no ønskjer trønderen velkommen tilbake etter sjukemeldinga.

– Eg ser fram til eit godt samarbeid i stortingsgruppa, seier Støre til NRK.

Tone Sofie Aglen - Politisk redaktør i Adresseavisen kommenterer Giske-talen

– VISTE SVAKHEIT: Politisk kommentator Tone Sofie Aglen i Adresseavisen meiner Trond Giske viste seg frå ei audmjuk side i Orkdal laurdag.

AKTUELT NÅ