Hopp til innhold

Var aldri i tvil

- Korleis ein i det heile kom på ideen om ikkje å realisera dette er heilt uforståeleg, seier tidlegare direktør ved Rikshospitalet Radiumhospitalet Åge Danielsen.

Åge Danielsen

Tidlegare direktør ved Rikshospitalet Radiumhospitalet, Åge Danielsen

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

I dag er han glad for at prosjektet vert realisert, men sjølv var han aldri i tvil om at hotellet måtte byggjast.

- Bygginga av eit slikt pasienthotell er så openberr fornuftig av di det både vil tena pasientane og at det vil spara sjukehuset for mykje pengar, at det er rart at noko i det heile tenkte på å la vera å fullføra dette, seier Danielsen.

Fekk avslag

Den tidlegare direktøren ved Rikshospitalet Radiumhospitalet i Oslo, Åge Danielsen vart sparka frå stillinga si tidlegare i vinter av di han hadde sett i gang bygginga av dette sjukehushotellet utan naudsynt godkjenning og finansiering fr å eigaren Helse Sør-Aust.

Då han i si tid bad staten om pengar til prosjektet fekk han avslag. Den gongen lanserte han og leiinga også ein alternativ modell som i botn gjekk ut på at private skulle byggja og driva hotellet. Dette fekk han ikkje gjennomslag for.

Vart urettvist behandla

Men no her han berre glad for at staten har gått inn med pengar i prosjektet slik at det vert noko av.

- Eg har lært mykje i mi tid ved hospitalet, mellom anna om psykiatri og eg freistar å halda vonde kjensler vekke. Eg har synest at det har vore ein nedtur og at eg har vorte urettvist behandla, men eg vil ikkje fokusera på det.

Heller ikkje kjendisinvestor Artur Buchard er vonbroten i dag. Han var med på å leggja fram ein investeringsplan for oppføring og drift av sjukehushotellet, men vart vald vekk.

- Det viktigaste er at løysinga er komen på bordet til beste for alle. Så får ein gløyma historie, prestisje og politikk og så er det resultatet som tel.

AKTUELT NÅ