NRK syner no fram dei same bileta etter avtale med Filter.
Stadfestar nazi-sympatiar
Bileta som Filter Nyheter har funne i sosiale medium, syner at mannen har ei interesse for våpen og effektar knytt til 2. verdskrig, og særleg tyske.
Eit av bileta er lagt ut på ein Telegram-profil som ifølgje Filter Nyheter har samme namn som den sikta mannen. Biletet syner fem pistolar, ein handgranat og ei uniformslue med hakekors – i kjøleskapet.
«Slik ser et høyre ekstremt kjøleskap ut», står det knytt til bildet.
På dette bildet i sosiale medium syner mannen fram kjøleskapet sitt. Ifølgje Filter Nyheter skreiv han i denne chatten at det ikkje var vanleg at han hadde våpen der.
Foto: Filter NyheterEtter det NRK får opplyst er dei høgreekstreme interessene til mannen i 20-åra godt kjende for politiet frå før.
Omfattande ransaking
Det var tysdag denne veka at politiet gjekk til aksjon mot mannen som bur på Jæren.
Sidan då har politiet gjort ei omfattande ransaking der han bur. I dag fekk dei bistand frå Forsvaret sine ekspertar.
Mannen er sikta etter straffelova paragraf 190 som omtalar ulovleg omgang med skytevåpen, våpendeler, eksplosiv og utgangsstoff for eksplosiv.
Politiet og forsvaret har brukt fleire dagar på å ransake bustaden og området rundt.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRKErkjenner ikkje straffskuld
Mannen sin forsvarar, Odd Rune Torstrup, seier at klienten hans stiller seg heilt uforståande til siktinga og at han ikkje har gjort noko straffbart.
– Han er nyleg lauslaten frå fengsel, og har knapt hatt tid til å gjere noko straffbart, gir han uttrykk for, seier Torstrup.
– Kva slags våpen er det snakk om?
– Det er våpen som er lovlege å ha, og som er plomberte. Han gir uttrykk for at det er samleobjekt.
Dømd for kanon-tjuveri
Tidlegare i år blei han dømd til over eit år i fengsel for liknande forhold.
I dommen blir det mellom anna synt til at mannen ulovleg hadde teke med seg våpendelar frå Tyskland til Noreg.
Han blei også dømd fordi han hadde våpen og våpendelar som var stole frå ulike museum.
Mellom anna skal han ha stole ei luftvernkanon tilhøyrande Forsvarsmuseet på Akershus festning i Oslo.