Hopp til innhold

Vanskelegare å snoke på skatten

Natt til fredag kan du på ny snoke på skatten til naboen, sjefen eller svigermor. Men det vert vanskelegare enn før. I år må du nemleg gå via skatteetaten sine heimesider.

Hva tjente naboen i fjor?

I år kjem det ekstra hindringar i vegen for dei som vil søkje skattelistene.

Foto: Scanpic/Colourbox.com

Finansdepartementet vedtok i vår at det skal bli vanskeleg for vanlege folk å gå inn for å sjekke skattelistene. NRK og andre media får framleis listene, men dei kan ikkje leggje dei ut på nettet.

Mellomløysinga er eit forsøk av Regjeringa på å sikre personvernet, og samtidig halde fast på prinsippet om offentleg tilgjengelege skattelister.

Det er framleis høve til folk å sjekke andre sin inntekt og formue, men det trengs litt ekstra innsats enn tidlegare. No må du logge deg inn med MinID og sjølv finne fram til listene hos skatteetaten.no.

I tillegg har du «berre» lov til å leite opp 500 namn per månad.

I teorien skal dette gå bra. Men basert på dei massive dataproblema Skatteetaten hadde i samband med skatteoppgjeret i sommar, så er det grunn til å spørje seg om serveren deira klarar å ta unna all trafikken som før har vore kanalisert gjennom alle nettavisene.

– Ikkje optimistisk

Thomas Nortvedt

Thomas Nordtvedt i Forbrukarrådet vert ikkje overraska dersom Skatteetatens nettsider krasjer.

Foto: cf-wesenberg/kolonihaven.no

– Eg har vel ikkje noko grunn til å vere optimistisk, seier fagdirektør for digitale teneste i Forbrukarrådet, Thomas Nordtvedt.

– Det er jo første gong dei legg ut listene på denne måten. Dei har nok lent seg på nettavisene i for lang tid. Men dei veit at det kjem eit slikt «trøkk». Men det har vore ein del slike tilfelle no der dei ikkje klarar å leggje til rette for tilgangen.

– Kva betyr det for omdømmet til Skatteetaten dersom systemet igjen vil krasje?

– Dette er eit stort høve for dei til å skine og vise at dei klarar å levere den tenesta dei har lova å gjere. Så eg håpar at dei gjer det bra.

Nordtvedt har likevel ein viss forståing for at nettsida kan oppleve nedetid.

– Til deira forsvar er det ikkje noko jamn bruk av offentlege portalar, så det er jo litt av dilemmaet dei har. Dei må vere til stade når behovet er der, og treng ikkje å ha overdekning heile tida.

– Forventar stor pågang

Og medan Forbrukarrådet håpar at tenesta vil virke som den skal, går Skatteetaten langt i å forsikre, men vedgår at det kan oppstå problem.

– Me ventar stor pågang frå publikum. Om store delar av Noreg går inn på Skatteetaten sine nettsider på same tid, kan det fort bli litt kø inn den elektroniske døra. Eg vil tru at folk flest vil få den informasjonen dei ønskjer innan kort tid om det skulle bli stor pågang, seier Astrid Mjærum i Skatteetaen.

Skjermdump skattelistesøk

Slik ser det ut når du må logge deg inn hos heimesidene til Skatteetaten.

Foto: Skjermdump

Media kan bruke listene

Media har framleis lov til å nytte skattelistene i journalistisk samanheng, så både politikarar og kjendisar må rekne med å sjå eigne likningstal både på papir og nett også i år.

Det betyr at NRK.no kjem til å lage journalistikk på skattelistene på same måte som tidlegare. Du kan utover dagen fredag få innblikk i inntekt og formue til sentrale offentlege personar i Noreg.

Totalt 100 forskjellige media får i år tilgang til skattelistene. Dei som ikkje overheld reglane satt av styresmaktene vil ikkje kunne få tilgong til listene neste år.

Dersom du ikkje gidd å bruke den ekstra energien som trengs for å lese årets lister, har du framleis tilgong til listene frå i fjor.

AKTUELT NÅ