Hopp til innhold

Kjartan (26) har fast jobb og eigenkapital – får ikkje kjøpt bustad

Kjartan Hverven (26) har sikker jobb og 240.000 i eigenkapital, men kjem seg likevel ikkje inn på bustadmarknaden i Oslo. No ber han politikarane prioritere ein sosial bustadpolitikk.

Utbygging i Bjørvika

FÆRRE NYE PROSJEKT: Igangsettinga av nye bustadprosjekt har falle kraftig det siste året. No fryktar Boligprodusentenes Forening at det blir bygd for få nye bustader i Oslo dei neste fem åra.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix

Han jobbar som konsulent ved Universitetet i Oslo med ei årslønn på over 500.000 kroner. Eigenkapitalen på 240.000 er ikkje ein gong nok til det billegaste husværet han har funne på Finn.no. Det er ein eittroms på 15 kvadratmeter på Vålerenga.

Kjartan Hverven (26)

Kjartan Hverven har jobb med brukbar lønn, men får ikkje lån til å kjøpe bustad.

Foto: Privat

– Eg meiner politikarane må regulere bustadmarknaden igjen. Etter frisleppet på 1980-talet har vi ikkje hatt nokon bustadpolitikk her i landet. Det er på høg tid at noko blir gjort slik at unge menneske kjem seg inn på bustadmarknaden. Og mange har eit dårlegare utgangspunkt enn meg, seier Kjartan Hverven til NRK.

Kraftig fall i bustadbygging

Samstundes er det eit kraftig fall i bygging av nye bustadar. Dette uroar Boligprodusentenes Forening. Saman med innstramming i låneforskriftene kan det bli vanskeleg for unge som vil inn på bustadmarknaden.

Salet av nye bustader ligg på nivå med fjoråret, viser statistikk Boligprodusentenes Forening presenterte torsdag.

Men det blir bygd færre nye bustader no enn tidlegare. I juli låg igangsettinga 25 prosent under fjoråret, medan augusttala viser 41 prosent under same periode i fjor.

– Det uroar oss at igangsettinga av nye bustader er så låg. På sikt kan det bety at bustadprisane vil stige kraftig, slik vi såg i 2016, då det var for lite bustadbygging, seier administrerande direktør Per Jæger i Boligprodusentene.

Ifølgje Jæger er ein viktig grunn til den store nedgangen at bankane har stramma inn på prosjektfinansieringa, slik at ein no må selje 70 prosent av bustadane før ein kan starte bygging. Tidlegare måtte ein selje 50 prosent av bustadane før igangsetting.

Per Jæger, administrerende direktør i Boligprodusentenes Forening.

UROA: Administrerande direktør i Boligprodusentenes Forening, Per Jæger, fryktar kraftig prisstigning fordi det blir bygd for få nye bustadar. Han meiner det, saman med innstrammingar i låneforskrifta, skal gjere det vanskeleg for unge å kome inn på bustadmarknaden.

Foto: Johnny Syversen

Mangel i Oslo

Det er særleg i Oslo ein merkar fallet i igangsettingar. Ifølgje utrekningar treng hovudstaden 5000 nye bustadar dei neste fem åra, men ligg an til å berre få ferdig 3000 av desse i denne perioden.

– Det største underskotet på bustadar har vi i Oslo. Der er det nesten ikkje planlagt nye prosjekt neste år, og det uroar oss, seier Jæger.

No er vi ein situasjon der det blir seld fleire bustader enn det som blir bygd. Det vil seie at ein stor del av dei nye bustadane som blir selde no er uselde bustader i allereie igangsette prosjekt.

I landet elles er det balanse mellom behov og igangsettingar.

Vil ha bort forskrift

Onsdag åtvara DNB mot Finanstilsynets forslag til innstramming i bustadlån-reglane. Dei meiner innstramminga vil kunne føre til at 20.000 unge utan rike foreldre ikkje kjem seg inn i bustadmarknaden neste år.

Boligprodusentene er også skeptiske til dei føreslåtte innstrammingane.

– Dersom vi skal følge den eigarlinja politikarane snakkar om, at flest mogleg skal eige eigen bustad, må vi også få dei unge inn på bustadmarknaden. Innstramminga betyr at det berre er dei med rike foreldre som har råd til å kjøpe bustad, seier Jæger.

Han foreslår at ein i staden skrotar bustadlån-ordninga eller reduserer kravet til eigenkapital.

– Eg trur bankane sjølve klarer å regulere kven som bør kunne få lån eller ikkje utan forskrifta.

Kan gi lågare prisvekst

Men å fjerne reguleringa er eit forslag direktør i Finanstilsynet, Morten Baltzersen, har lite til overs for. Han meiner det kan føre til ein mindre stabil økonomi.

– Forskrifta har bidrege til ein strammare utlånspraksis. Ei fjerning vil bidra til å auke risikoen for at det blir teke opp lån ein seinare ikkje klarer å handtere. Det vil også bidra til å auke risikoen for finansiell ustabilitet og ustabilitet i økonomien.

finanstilsynet

VIL STRAMME INN: Den samla gjelda til hushaldningane i Noreg har auka meir enn inntektene. Direktøren i Finanstilsynet, Morten Baltzersen, meiner difor det er naudsynt å stramme inn.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Han meiner reguleringa på sikt vil gagne alle som vil inn på bustadmarknaden for å eige.

– Gjeld og bustadprisar påverkar kvarandre gjensidig. Tiltak som bidreg til å dempe opplåninga, bidreg også til å dempe presset i bustadmarknaden. Over tid kan bustadprisane difor bli lågare enn dei ville ha vore utan ei slik regulering.

DEBATTEN: Kjartan Hverven fortalde om situasjonen i Debatten med programleiar Fredrik Solvang.

AKTUELT NÅ