Vanskeleg å busetje funksjonshemma flyktningar

Norske kommunar vegrar seg mot å busetje flyktningar med funksjonshemming. Årsaka er at det betyr ekstra kostnader for kommunane. Interesseorganisasjonen SEIF kallar det diskriminering.

Helge Eide

Leiar i KS, Helge Eide, etterlyser betre støtteordningar for busetjing av funksjonshemma flyktningar.

Foto: Idar Edvin Krogstad / NRK

Leiar for interesseorganisasjonen for kommunane, KS , Helge Eide, seier det er heilt naudsynt at kommunane må få meir pengar for å busetje dei funksjonshemma.

Han seier at å busetje funksjonshemma betyr både auka kostnader og meir arbeid for dei tilsette.

– Vi veit at det er eit visst tal personar som har vorte verande på mottak, der vi veit at funksjonshemming er årsak til at dei ikkje blir busette. Og det er fordi kommunane veit at det blir store utgifter i mange år framover, seier Helge Eide, som ikkje vil kalle det diskriminering.

To typar tilskot

Eide vedgår at alle har rett på lik behandling, og at det ikkje er slik i dag. Han etterlyser støtteordningar som går ut over dei fem åra kommunane får støtte i dag.

Det var bladet Handikappnytt som først fortalde om problemet.

I dag finst det to typar tilskot frå Imdi (Immigrasjons- og mangfalds-direktoratet) for personar med alvorlege funksjonshemmingar og eller åtferdsvanskar. Eit eingongstilskot på 181.000 kroner, eller eit tilskot på 1,1 millionar kroner over fem år. Då stansar også pengestraumen, og kommunane må ta rekninga sjølve.

KS-leiaren meiner det er her problemet ligg.

– Det ville ha vore veldig fornuftig med støtteordningar som strekkjer seg ut over desse fem åra. Då ville ikkje kommunane ha den same økonomiske årsaka til å seie nei til å busetje funksjonshemma, seier han, men han vil ikkje kalle situasjonen for diskriminering.

– Dette er diskriminering

Belinda de Leon

Belinda de Leon i interesseorganisasjonen SEIF meiner kommunane diskriminerer funksjonshemma born.

Belinda de Leon i interesseorganisasjonen SEIF (Sjølvhjelp for innvandrarar og flyktningar) er ikkje i tvil om at dette er diskriminering.

– For foreldra er dette ein forferdeleg situasjon å høyre at barnet deira er for dyrt. Det blir nesten ein seleksjons-prosess, og det er rett og slett diskriminering av desse borna, seier ho til NRK.

Leon meiner at norske kommunar ikkje tek på ansvaret dei har, og ho meiner det er uheldig at kommunane får velje kven dei skal ta mot.

– Vi har eksempel på familiar som har venta i eitt år etter å ha fått opphaldsløyve, og det er ikkje rett, legg ho til.

Ynskjer kvoteordningar

Generalsekretær Lilly Ann Elvestad i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) er ikkje overraska over at norske kommunar vegrar seg for å ta mot funksjonshemma flyktningar.

– Dei må i alle fall sørgje for at det er ei finansieringsordning som ikkje gir ei dobbelt funksjonshemming. Vi har sett at dette har vore ei utfordring over lang tid, og det er kanskje naudsynt med kvoteordningar for å sikre at kommunane tek mot dei funksjonshemma, seier Elvestad.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger