Hopp til innhold

Vanleg med vald og psykiske overgrep mot eldre på sjukeheim

Ein studie blant 3700 pleieansatte på 100 norske sjukeheimar viser at vald og psykiske overgrep begått av pleiarar ikkje er uvanlege.

Illustrasjonsbilde, Kvinne i silhuett på sykehjem.

Undersøkinga viser at mange eldre blir utsett for vald og forsøming på sjukeheim. Illustrasjonsbilde.

Foto: Frank May / NTB scanpix

Ein studie forskarar ved NTNU har utført, viser at nesten halvparten av dei 3700 pleieansatte som har svart, innrømmer at dei har gjort seg skuldige i minst eitt tilfelle av forsøming i løpet av det siste året, skriv Aftenposten.

Undersøkinga blant sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar og ufaglærte på 100 sjukeheimar viser at heile åtte av ti hadde observert ein eller fleire tilfelle av vald, overgrep eller forsøming mot bebuarar i løpet av det siste året.

Seks av ti svarte at dei sjølv hadde utsett bebuarar på sjukeheim for dette.

Dei vanlegaste forsømingane var å nekte eldre munnpleie, å ignorere dei eller la dei vente for lenge på hjelp.

– Vald, overgrep og forsømingar truar velværet til ein eldre person og er knytt til ei rekke alvorlege helsemessige konsekvensar, seier Anja Botngård som er førsteforfatter av studien som nyleg er publisert i BMC Health Services Research.

Studien frå Noreg er den største i sitt slag internasjonalt. Botngård seier problema som er avdekte, truleg vil vekse sidan mange land har auke av eldre i befolkninga.

AKTUELT NÅ