Valkomiteen i Venstre ber om nye leiarinnspel

Valkomiteen i Venstre inviterer fylkeslaga til å kome med nye innspel til kven som skal leie partiet. Virus-krisa har skove heile leiardiskusjonen fram i tid.

6U2TcTQUtdM

GODE, GAMLE DAGAR: I januar i år tok Venstre-leiar Trine Skei Grande leiar-utfordrarane Sveinung Rotevatn og Abid Raja inn i regjering. I mars gjekk ho sjølv ut og opna med det opp leiardiskusjonen.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NT

Venstre skulle eigentleg hatt landsmøte på Gardermoen i helga som vi nettopp har lagt bak oss. Der skulle partiet velje partileiing for dei komande to åra.

Slik vart det ikkje.

Då alt vart snudd opp ned

5. mars foreslo valkomiteen i Venstre at partileiar Trine Skei Grande skulle få fornya tillit. Då hadde partiet hatt ein lang prosess med grundige rundar med innspel frå lokallag og fylkeslag. Ei veke seinare var det meste snudd på hovudet.

For å skifte ut ein statsråd er det nok at ei halv regjering er samla. For å velje ein ny partileiar må eit landsmøte med eit hundretals delegatar kome saman og stemme fram sin leiar.

Det er ikkje så lett om dagen.

Akkurat no er det einaste sikre at det ikkje blir Venstre-landsmøte før sommaren. Ingen veit når landsmøtet kan finne stad. Men diskusjonen om kven som skal vere leiar blir no opna opp igjen.

Invitasjon

For no inviterer leiaren i valkomiteen Per A. Thorbjørnsen fylkeslaga og sideorganisasjonar i partiet (slik som ungdomspartiet og kvinneorganisasjonen) til å kome med sine oppdaterte innspel i leiardiskusjonen.

– Vi gir dei høve til å kome med ei ny innstilling til kven som skal vere leiar i partiet, seier valkomiteleiaren til NRK.

Per A. Thorbjørnsen, leder av Venstres valgkomite.

INNSPEL: Leiar i valkomiteen, Per A. Thorbjørnsen.

Foto: Eivind Molde / NRK

Invitasjonen blir sendt ut mandag.

– Dei ikkje, men får moglegheita. Det har trass alt skjedd store endringar sidan valkomiteen la fram vår innstilling, seier Thorbjørnsen til NRK.

Etter nye innspelsrundar vil valkomiteen kome med ei ny innstilling til kven som skal vere leiar i partiet. Forslaget til samansetning av landsstyre og sentralstyre vil elles forbli uendra, seier Thorbjørnsen.

I innstilinga 5. mars foreslo valkomiteen at Sveinung Rotevatn og Abid Raja skulle vere nestleiarar og utgjere leiartrioen saman med Grande. Det er Rotevatn og Raja som har blitt sett på som dei mest aktuelle leiarkandidatane etter Grande. I dag er Ola Elvestuen og Terje Breivik nestleiarar i partiet.

Fritt fram for nye namn

– Kan fylka spele inn kven som helst eller er det nokre definerte leiarkandidatar frå valkomiteen?

– Vi set ingen grenser. Det er fritt fram for å spele inn nye namn om ein vil det.

Valkomiteen kjem med sitt forslag fire til seks veker før landsmøtet blir arrangert. Det er altså enn så lenge høgst uvisst når innstillinga frå valkomiteen kjem.

– Er det uheldig at partiet blir sittande lengre enn planlagt med ein partileiar som har varsla avgangen sin?

– Viss verda hadde vore normal hadde vi valt ny leiar denne helga. Men verda er jo ikkje det, og det er hovudårsaka til at dette ikkje går på skinner. Men generelt er det jo ønskeleg å få ein ny leiar på plass så raskt som mogleg. Det er ikkje heldig å utsette dette lenge.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger