Hopp til innhold

Vald og overgrep gjer kvinner til trygdemottakarar

Ein ny studie viser at sjansen blir meir enn dobla for at kvinner blir uføretrygda, om dei har vore utsette for seksuelle overgrep i barndomen eller vald i nære relasjonar.

Seksuelle overgrep i barndomen eller vald i nære relasjonar fører ofte til at kvinner blir uføretrygda.

VIDEO: Tone Steen fortel om overgrepa ho vart utsett for.

Det er Sintef -forskar Eva Lassemo som er ansvarleg for studien saman med Inger Sandanger frå Universitetet i Tromsø . Funna blir publiserte i det vitskaplege tidsskriftet Scandinavian Journal of Public Health.

– Undersøkinga viser at kvinner som har vore utsette for bevisste handlingar, truslar og vald frå ein nær person, og om seksuelle overgrep som har ramma i barndomen, har over to og ein halv gong større sjanse for å ende opp som uføretrygda, enn kvinner utan traumatiske opplevingar, seier Eva Lassemo til NRK.

Forskar Eva Lassemo.

Eva Lassemo frå Sintef er ein av forskarane bak rapporten.

Foto: NRK

Ho meiner menn reagerer på ein annan måte enn kvinner, og at dei derfor ikkje har så stor sjanse til å ende opp utanfor arbeidslivet.

Misbrukt og selt

52 år gamle Tone Steen har vore uføretrygda i to år no. For henne er det inga overrasking at seksuelle overgrep og vald skapar trygdemottakarar. Ho vart sjølv seksuelt misbrukt av faren frå ho var fire til ho var 15 år.

– Det tek så mykje plass i hovudet at jobb ikkje er aktuelt, seier ho.

Ho fortel at faren hadde ein kompis, og at då ho var 11–12 år så selde faren henne til denne kompisen for sprit.

Ho fortrengde misbruket i mange år, heilt til ho møtte veggen.

Tone Steen melde misbruket til politiet fleire år etter, men då var saka forelda. Sjølv om ho håpar at ho ein dag skal klare å jobbe litt igjen, har ho bestemt seg for å vere open om historia si.

Slik snakker du med barn om overgrep

– Trist hvis ingen får lov til å prøve seg

– Treng hjelp

Marta Trzcinsca Slinde ved Incestsenteret i Oslo.

Marta Trzcinsca Slinde er dagleg leiar ved Incestsenteret i Oslo.

– Kanskje er det nokon som tenkjer: Ho har klart det, då kan eg også klare det. Då bergar eg kanskje ein. Då er heile jobben min gjort, avsluttar ho.

Marta Trzcinska Slinde, dagleg leiar for Støttesenteret for incest i Oslo, meiner undersøkinga støttar opp under det dei har erfart.

– Mange klarer kanskje å fullføre skule og å skaffe seg jobb. Men har dei ikkje fått hjelp, men undertrykt det som har skjedd, ser vi at det held berre ein viss periode. Og så smell det, seier ho til NRK.

Fylgde 1600 i ti år

Forskarane har fylgt rundt 1600 menneske i perioden frå år 2000 til 2010. Eva Lassemo meiner dei som er utsette for skadelege traume, må få tilbod om oppfølging, og kanskje ein arbeidsplass, slik at dei får tilknyting til arbeidslivet og ikkje fell utanfor.

– Eg angrar ikkje eit sekund på at eg la ut den statusen

AKTUELT NÅ