Torsdag endra regjeringa reglane for karantenehotell. Blant anna skulle dei som er beskytta kunne gjennomføre ei innreisekarantene heime.
Fredag kom det ei ny endring. Dei som er beskytta av vaksinen, kan gå ut av innreisekarantene om dei testar negativt, tre dagar etter innreise til Noreg, seier helseminister Bent Høie (H).
Dette er gjeldande frå fredag klokka 15.
Regjeringa har bede Helsedirektoratet og FHI om unge mellom 12 og 18 år skal kunne få lempingar i innreisekarantenen, seier helseminister Bent Høie.
Foto: Gorm Kallestad / NTBDesse blir definert som beskytta:
- fullvaksinerte personar i Noreg
- personar som har fått ein dose, og det er gått 3 til 15 veker etter denne dosen
- personar som har hatt korona dei siste seks månadane
Samtidig kan barn under 12 år teste seg ut av ei karantene etter tre dagar, dersom dei har reist med ein beskytta.
– Familien kan ta innreisekarantene heime. Tar du ein test etter dag tre og den er negativ, slepper både du og barnet ditt hotell, seier Høie.
Regjeringa har også bede Helsedirektoratet og FHI vurdere om unge mellom 12 og 18 år skal kunne teste seg ut av innreisekarantene tidlegare.
Meir politi på grensene
Frå 27. mai blei ordninga for karantenehotell endra slik at det er smittetrykket i landet du kjem frå som avgjer om du må på hotell eller ikkje.
Regjeringa har no oppdatert lista over land der også dei som ikkje er beskytta kan gjennomføre innreisekarantenen heime. Blant desse landa er Italia og Tyskland.
I tillegg er Island og Malta unnateke innreisekarantene.
Men dersom ein mellomlandar i eit land med høgt smittetrykk, og som kvalifiserer til karantenehotell, er det reglane for karantenehotell som gjeld.
Samtidig som det blir gjort endringar for innreisekarantenen, ønsker regjeringa å styrke grensekontrollen. Dei foreslår å tilsette 100 mellombelse politifolk som dei vil stasjonere på grensene.
– Dei som arbeider på grensa, står i ein krevjande situasjon med reglar som stadig blir endra, og køar som blir lengre på grunn av strenge dokumentasjonskrav. Politiet har vore under eit stort press på grunn av pandemien, sa Mæland.
Koronasertifikat
Onsdag presenterte regjeringa også koronasertifikatet som etter planen skal kome 11. juni. Dette er eit digitalt bevis som viser vaksinestatus eller om ein har hatt covid-19 og blitt frisk igjen.
I juli kjem også EU med eit liknande sertifikat som skal gjer det mogleg for mange å reise over landegrensene igjen.
– Regjeringa jobbar vidare med sertifikatet som skal knytast til EUs sertifikat, sa Høie.
- Les:
- Les:
Samtidig understreka han at regjeringa rår frå alle reiser til utlandet som ikkje er naudsynte. Og dersom ein vel å reise, er det viktig å følge med.
– Vel ein å reise, må ein sette seg godt inn i reglar for karantene og smittevern, også i landet du reiser til, seier han.