Hopp til innhold

Uvisse om vegen etter Gaddafi

Midtausten-ekspert meiner folket sitt behov for revansje er den største utfordringa for Libya, etter at Gaddafi sine dagar no mest sannsynleg er talte. Men han trur ikkje det blir eit nytt Irak.

TURKEY-LIBYA-CONFLICT-DIPLOMACY TURKEY-LIBYA-CONFLICT-DIPLOMACY

Libyske opprørarar heiser flagget etter at størsteparten av hovudstaden Tripoli er under kontroll.

Foto: - / Afp

Etter at opprørarane i natt storma Den grønne plass i sentrum av Tripoli, er det no lite sannsynleg at Gaddafi har nok støttespelarar til å halde opprørarane tilbake.

Men sjølv om Gaddafi vil gå av som leiar, har det libyske folket nok av utfordringar å ta tak i når dei skal starte demokratiseringa av landet.

Midtausten-ekspert ved Universitetet i Oslo, Bjørn-Olav Utvik, er positivt overraska over at opprørarane allereie no har teke kontrollen i Tripoli.

– Det er jo gledeleg at me kan sjå slutten på dette i Libya. Det er klart at dette har kosta mange liv, men det verker som at kampen i Tripoli har vore mykje mindre blodig enn me frykta. Det gjenstår sjølvsagt å sjå kva Gaddafi gjer, men alt tyder på at dette er slutten.

Utfordringar

Bjørn Olav Utvik

UiO-professor, Bjørn-Olav Utvik, meiner det er viktig at prosessen mot demokratisering har legitimitet blant folket.

Foto: NRK

Utvik peker på ei at opprørarane har ei rekke utfordringar etter at Gaddafi er kasta.

– Det blir ei stor utfordring å bevare eininga i landet, og å skape ein truverdig prosess mot eit demokratisk system.

Han meiner dette blir vanskelegare i Libya enn det gjorde i Egypt og Tunisia.

– Libya har i enno mindre grad erfaring med noko som kan likne på eit demokratisk styre. Det fantes ikkje noko organisert sivilt samfunn før oppstanden starta i vår.

Medan det var mange institusjonar ein kunne byggje vidare på i Egypt og Tunisia, må ein starte heilt på botn i Libya. Dette trur Utvik kan slå både positivt og negativt for landet.

– Den kan vere ein fordel å starte heilt på nytt. Men det også vere større fare for at ein kan få oppløysingstendensar. Utfordringa er å la vere å setje i gang ein revansj. Utfordringa blir å få eit overgangsråd som har legitimitet hos folket, og som legg opp ein truverdig prosess mot demokratiseringa.

Utvik påpekar at det vil vere viktig å få i gang eit skikkeleg rettsoppgjer mot Gaddafi-regimets verste forbrytarar, men at det vil vere eit stort feilsteg å summarisk avrette folk.

– Ikkje eit nytt Irak

Mange har åtvara vesten om å stå fast i ei ny hengemyr, slik som i Afghanistan og i Irak. Utvik trur ikkje denne samanlikninga er heilt treffande.

– For det første så er utgangspunktet for omveltinga eit indre opprør, medan det kan seiast å vere motsett i Irak. I tillegg er stammesamfunna mykje meir kontrastfulle i Irak og Afghanistan enn det er i Libya. Folket i Libya er også samansett av ulike stammer, men samhaldet er mykje sterkare enn mellom kurdarane, sunni- og sjia-muslimane i Irak.

Har du tru på ei lysare framtid for libyarane i den næraste framtida?

– Ja, eg har for så vidt det. Men skal ein samanlikne situasjonen med Egypt og Tunisia så er det mykje større uvisse om vegen vidare. Så det er grunn til ei reservert optimisme.

Støtte frå den muslimske verda

Det er også positive kommentarar å finne i den muslimske verda. Talsperson for organisasjonen Hamas, Sami Abu Zuhri, gratulerar opprørarane med å ha teke over Tripoli.

– Me håper dette representerar eit vendepunkt i historia til Libya mot framgong og rikdom, ved å følgje vilja til det libyske folket.

Forskar ved Brookings-instituttet i Doha i Saudi-Arabia, Shadi Hamid, meiner det som skjer i midtausten er viktig for heile regionen.

– Arabarane trengte dette, dei trengte ein siger til. Dette forandrar heile tonen i regionen etter månader med skuffelse. Ein kan sjå på Facebook og Twitter at heile regionen følgjer nøye med på kva som skjer i Libya.

Han rosar opprørarane for jobben dei har gjort mot Gaddafi-regimet.

– Dei har gjort ein imponerande jobb med å styre Benghazi. Det er alltid risiko etter fallet til ein leiar, så det kjem sikkert til å bli ein svingete veg. Men det internasjonale samfunnet er saman i å støtte opprørarane.

Presidentkandidat i Egypt, Hamdeen Sabahy, stiller seg også støttande til at regimet til Gaddafi går mot slutten.

– Eg støtter triumfen til det libyske folket etter ein lang kamp mot Gaddafi. Den arabiske revolusjonen vil fortsetje, og vil vinne over alle tyrannar og undertrykkjarar. Gratulerar med fridomen.

Parlamentsmedlem i Kuwait, Waleed Al-Tabtabaie, kommenterar hendingane på eit noko utradisjonelt vis.

– Avgangen til Mubarak var ein siger for ungdomen, og eit tap for Israel. Avgangen til Gaddafi er ein siger for folket og eit tap for humoren. Syria sin president, Bashar al-Assad, sin framtidige avgang vil vere ein siger for Syria og eit tap for Iran.

AKTUELT NÅ