Hopp til innhold

Uvanleg stille i Oslo sentrum

Ved inngangen til den første helga etter den sosiale nedstenginga av Oslo, er det uvanleg stille i sentrum.

Tomt i Torggata på en fredagskveld

Det er nesten tomt i Torggata i Oslo sentrum. Vanlegvis er det mykje liv frå utestadane som ligg i denne gata.

Foto: Espen Alnes / NRK

Frå og med tysdag var det full skjenkestopp i Oslo og sosiale møteplassar som treningssenter, kinoar og leikeland blei stengde.

Byrådsleiar Raymond Johansen kalla det ei sosial nedstenging av hovudstaden.

Mange restaurantar og barar har valt å stenge etter innføringa av dei nye tiltaka fordi det blir vanskeleg å tene pengar.

Stille i sentrum

Vanlegvis yrer det av liv på Youngstorget og i Torggata i Oslo sentrum. Dette er eit område med mange serveringsstader i hovudstaden.

Fredag kveld er det stengde dører og få menneske i gatene.

Dei få NRK møter, er folk som er ute på ein liten kveldstur. Josra, Emad, Khalil og Raged var på jakt etter ein matbit. Men dei møtte stengde dører. Samtidig gir det håp.

– Det er bra at folk følger dei restriksjonane som er innført. Det er viktig at folk tek det seriøst, for eller kjem ikkje denne pandemien til å ta slutt. Det som må til, er det vi må gjere om vi skal sjå lyset i tunnelen, seier dei.

Josra, Emad, Khalil, Raged

Josra, Emad, Khalil og Raged synest det er unaturleg stille i Oslo fredag kveld, men dei håper det skal gjere det enklare å komme seg gjennom pandemien.

Foto: Espen Alnes / NRK

Marie og Mathilde var på ein spasertur langs Akerselva då dei fekk lyst på ein kopp kakao på fredagskvelden. Men det skulle vise seg lettare sagt enn gjort.

Dei synest det er uvant å sjå gatene så tomme.

– Akkurat her i Torggata er det ofte mykje folk i helgene. Det er rart, men på ein måte godt å vite også, at folk held seg heime.

Mathilde og Marie

Mathilde og Marie var på jakt etter ein god kopp kakao i Oslo fredag kveld. Men det meste var stengt, så dei valde å gå ein liten tur i staden.

Foto: Espen Alnes / NRK

Travel kveld for politiet

Men sjølv om det er roleg i sentrum av byen, har politiet i hovudstaden vore langt frå arbeidslause denne fredagskvelden.

– I sjølve sentrum har det vore relativt stille med stengde utestader og stopp i skjenkinga. Men vi har hatt mange meldingar om bråk og støy andre stader i byen, seier innsatsleiar Tore Barstad i Oslo politidistrikt.

Tore Barstad i Oslo-politiet

Innsatsleiar Tore Barstad i Oslo-politiet ser at ein del av julebordsbråket har flytta seg til privatadresser. Med bøtesatsane som er sett for brot på koronatiltaka, kan det bli ei dyr førjulstid for enkelte.

Foto: Fouad Acharki / NRK

Vanlegvis skulle julebordssesongen ha stått for døra no, med alt det fører med seg av arbeid for politiet. Men med avlyste julebord, kan det sjå ut som om ein del av dette har flytta seg til heimeadresser, seier Barstad.

– Gjennom veka har vi fått ein del meldingar om heimefestar og om det folk trur er brot på reglane som er sett. Og då skal folk vite at det kan bli ganske dyrt å bryte desse reglane, seier han.

AKTUELT NÅ