Hopp til innhold

Utvist islamist saksøkjer den norske stat

Den utviste talsmannen for den islamistiske gruppa Profetens Ummah går til sak mot norske styresmakter. Han nektar for å utgjere ein fare for norsk tryggleik. Saka startar i Oslo tingrett komande tysdag.

Erna Solberg taler under demonstrasjon mot IS i Oslo

Erna Solberg talar under ein demonstrasjon mot Profetens Ummah i Oslo i august 2014.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Den 28 år gamle mannen er svensk statsborgar med bakgrunn frå Kosovo. Han kallar seg Abu Arijon, men dette er ikkje det rette namnet hans. Han tok over som talsmann for Profetens Ummah då Ubaydullah Hussain vart arrestert.

Det var PST som bad om at Abu Arijon skulle utvisast frå Noreg. Dei er klare på at vilkåra for utvising er til stades, ut frå utlendingslova paragraf 122 jf.

– Alvorleg trussel

Advokat Lars Christian Sunde.

Lars Christian Sunde skal føre saka for den utviste islamisten.

Foto: Moment Studio

PST og Justisdepartementet meiner at Abu Arijon vil utgjere ein trussel mot norsk offentleg tryggleik og grunnleggjande nasjonale interesser, om han får opphalde seg her i landet. Dei meiner det ligg føre ein umiddelbar fare for at han kan gjennomføre, bidra til eller medverke til terrorhandlingar her i landet.

I forsvaret for utvisingsvedtaket heiter det blant anna:

«Det foreligger, eller må antas å foreligge, personlige forhold hos saksøker som innebærer en virkelig, uniddelbar og tilstrekkelig alvorlig trussel mot grunnleggende samfunnshensyn, og tungtveiende hensyn til offentlig sikkerhet tilsiker at utvisning skal skje».

Den svenske statsborgaren blir vurdert til å vere ein person med ekstreme islamistiske haldningar og med kapasitet til å gjennomføre alvorlege valdshandlingar for å fremje den religiøse/ideologiske bodskapen sin.

Det at han oppheld seg i Noreg, vil bidra til eit forverra trusselbilete, heiter det blant anna frå Justis- og beredskapsdepartementet. Ein del av grunnlaget for denne vurderinga er gradert.

– Ugyldig vedtak

Det er advokatkontoret Elden som fører saka for Abu Arijon. 28-åringen meiner at vedtaket om utvising er ugyldig, fordi det er faktafeil i grunngjevinga for utvisinga og feil forståing av lova.

Ingrid Skog Hauge

Ingrid Skog Hauge skal føre saka for Regjeringsadvokaten og Justisdepartementet.

Foto: Lars Eie

Saksøkjar meiner at vilkåra for utvising etter utlendingslova ikkje er oppfylt, og at omsynet til offentleg tryggleik ikkje gir grunn for utvising. Han meiner det heller ikkje ligg føre personlege forhold som inneber ein reell, umiddelbar og tilstrekkeleg alvorleg trussel.

Advokat Lars Christian Sunde i Advokatkontoret Elde DA er prosessfullmektig for saksøkjaren.

Saksøkjar har kalla inn ekstremismeforskar Lars Gule som vitne i saka. Jørn Presterudstuen og Kristian Hovde skal vitne for staten.

Advokat Ingrid Skog Hauge hos Regjeringsadvokaten er prosessfullmektig for Staten ved Justis- og beredskapsdepartementet.

Det er sett av to dagar til den offentlege delen av saka, tysdag. I tillegg kjem den delen av saka som er gradert, altså hemmeleg.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger