Utviklingshemma tiltalt for overgrep mot 12 kvinner

Ein 38 år gammal mann med diagnosen «lettare psykisk utviklingshemma» er tiltalt for seksuelle overgrep mot 12 ulike kvinner. Mannen har vore varetektsfengsla sidan juni i fjor.

Innslag fra DR 21

VIDEO: - Alvorleg overgrepssak

Det er statsadvokaten i Oslo som har teke ut tiltale i saka, men overgrepa skal i følgje tiltalen ha gått føre seg på fleire ulike stader i landet.

– Det er ei alvorleg og omfattande sak. Det er 12 fornærma i saka, og det er fleire tilfelle av valdtekt, seier statsadvokat Anders Mandal Funnemark.

Sak frå 2008

Statsadvokat Anders Mandal Funnemark.

– Ei alvorleg og omfattande sak, seier statsadvokat Anders Mandal Funnemark.

Foto: NRK

Ei av sakene er frå så langt tilbake som 2008, men saka vart då lagt bort. Bistandsadvokaten til kvinna som melde mannen til politiet då, Hege Salomon, er kritisk til at saka vart lagt bort den gongen.

Ho klaga på vegner av klienten på avgjerda om å leggje bort saka. Ho var uroa for at mannen kunne gjere seg skuldig i nye overgrep.

– Klienten min er svært sårbar. I tillegg til at ho er døv, har ho også eit fysisk handikap som gjorde det vanskeleg for henne i ein valdtektssituasjon å kome seg unna og få hjelp, seier Salomon.

– Når det gjeld konkrete omstende knytt til etterforskinga den gongen, så vil det bli teke opp i rettssaka, og det vil ikkje vere rett av meg å kommentere det no, seier Anders

Advokat Torleiv Drangsland.

Torleiv Drangsland er forsvarar for den tiltalte 38-åringen.

Foto: NRK

Mandal Funnemark i ein kommentar.

Nektar straffskuld

Den 38 år gamle mannen er også tiltalt for seksuelt krenkande framferd overfor ein mindreårig i ein nær relasjon.

Forsvararen til mannen, advokat Torleiv Drangsland, seier til NRK at klienten hans vedgår delar av tiltalen og delar av dei faktiske hendingane, men at han nektar straffskuld. Han er heilt klar på at dei forholda han har vedgått, har vore frivillige.

Bistandsadvokat Terje Korneliussen.

Terje Korneliussen er bistandsadvokat for seks av dei fornærma kvinnene.

Foto: NRK

Det er klart at den tiltalte har kome i kontakt med fleire av dei fornærma på nettet, og at fleire av kvinnene kjenner kvarandre.

Terje Korneliussen er bistandsadvokat for seks av kvinnene. Han fortel at alle saman er svært sårbare, og at det er viktig at dei skal sleppe å møte i retten.

Sjølv om tiltalte blir karakterisert som lettare psykisk utviklingshemma, så meiner dei sakkunnige at han likevel er strafferettsleg tilrekneleg.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger