Hopp til innhold

Stort behov for nye antibiotika - stoppa opp for 30 år sidan

Så godt som ingen nye typar antibiotika er utvikla i løpet av dei siste 30 åra. Samstundes er dette blant dei aller viktigaste tiltaka mot antibiotikaresistens og ein global helsekatastrofe, ifølgje FHI.

Torni Myrbakk viser antibiotika på UNN

Utvikling av ny antibiotika er lite lukrativt for legemiddelindustrien, ettersom det er ein kostbar prosess, samstundes som offentlege styresmakter vil redusera salet og bruken til eit minimum. No har internasjonale krefter gått saman for å finna ei løysing på problemet.

Foto: Elise Holdal / NRK

Overlege Martin Steinbakk

Dei eksisterande forretningsmodellane for utvikling av ny antibiotika fungerer ikkje, fortel overlege Martin Steinbakk i FHI.

Foto: Folkehelseinstituttet

Å utvikla nye typar antibiotika er noko av det viktigaste me kan gjera for å handtera den alarmerande auken av antibiotikaresistens i Noreg og i resten av verda, ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI).

I løpet av dei siste 30 åra har nærmare null nye antibiotikatypar kome ut på marknaden.

– Det er teknisk vanskeleg og dyrt å utvikla nye legemiddel. Legemiddelindustrien vil selja så mange dosar og tena så mykje som mogleg, medan offentlege styresmakter har som mål å redusera bruken til der det er høgst nødvendig, fortel overlege Martin Steinbakk i FHI.

– Privatindustri som er avhengig av incentiv

Karianne Johansen i Legemiddelindustriforeningen

- Det er ein marknadssvikt på antibiotikaområdet og som privatindustri er me avhengige av incentivmekanismar, seier seniorrådgjevar ved LMI Karianne Johansen.

Foto: LMI

Legemiddelindustriforeininga (LMI) i Noreg meiner at biletet er meir nyansert enn som så.

– Me har eit felles mål om å motkjempa antibiotikaresistens. Me tek vår del av ansvaret, men det er ein marknadssvikt på området. Som privatindustri er me avhengige av incentivmekanismar, seier seniorrådgjevar ved LMI, Karianne Johansen.

I tillegg til at industrien manglar økonomiske incentiv, er det risikabelt å satsa milliardsummar på å framstilla eit nytt antibiotikum som kanskje vil få svært kort levetid.

– Me ser at resistensutviklinga går raskare og raskare. Resistens kan spreia seg frå ein bakterietype til ein annan, opplyser Steinbakk i FHI.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Graf: antibiotikaresistens blant nordmenn» i nytt vindu

Norsk bidrag til «New drugs for bad bugs»

Overforbruk er ein av hovudårsakene til at det blir stadig vanskelegare å ta knekken på livsfarlege bakteriar og at behovet for nye antibiotika aukar.

I Noreg har resistensen auka aller mest hos tarmbakteriar som E. Coli – ei tidobling i løpet av ti år, ifølgje NORM (sjå grafen over).

Heilsvart er det likevel ikkje.

Nyleg vedtok WHO med full støtte frå alle land ein global handlingsplan mot antibiotikaresistens, som blant anna fokuserer på utvikling av nye typar antibiotika.

Noreg engasjerer seg også i internasjonale program som «New drugs for bad bugs» (sjå faktaboks), som blant anna ser på ulike samarbeidsmodellar mellom det offentlege og legemiddelindustrien.

Tanken er at det offentlege i større grad må ta over finansieringa av antibiotikainnovasjon, og enten få eksklusiv råderett over det ferdigutvikla medikamentet eller kunne stilla klare krav til kor stort volum produsentane skal få lov til å selja.

– Gledeleg nytenking

John-Arne Røttingen byline

John-Arne Røttingen er divisjonsdirektør i FHI og har det faglege ansvaret for smittevern i Noreg.

– Dette er gledeleg nytenking i legemiddelsamanheng og svært viktig i eit folkehelseperspektiv. Som fagleg ansvarleg for smittevern i Noreg ønskjer eg at me skal ha tilgang til ny, effektiv antibiotika, men ikkje eit høgt sal, seier divisjonsdirektøren for smittevern ved FHI, John-Arne Røttingen.

Også Legemiddelindustriforeininga (LMI) er positive til ein samarbeidsmodell.

– 11 av våre medlemsfirma er involverte i prosjektet. Det er svært viktig å få på plass incentivordningar som koplar innteninga frå salsvolumet, seier Johansen i LMI.

Ein ny forretningsmodell kan vera plass om 3–5 år, deretter kjem tida det tek å utvikla eit nytt antibiotika, som ifølgje FHI er på 10–15 år.

AKTUELT NÅ