Hopp til innhold

Utvekslingsår til USA avlyst – organisasjonen vil behalde deler av avgifta

Utvekslingseleven Helena må bli igjen i Noreg, men utvekslingsorganisasjonen EF vil likevel behalde nesten 30.000 kroner for året ho skulle vore i USA.

En gruppe avgangselever kaster hattene sine i været

HIGH SCHOOL: Norske utvekslingselevar som skulle reise med organisasjonen EF i haust får ikkje leve livet på ein amerikansk high school. For Storbritannia og Irland elevane lever framleis draumen om utveksling.

Foto: Paul Sakuma / AP

Organisasjonen EF bestemte torsdag at dei ikkje skal sende utvekslingselevar til USA. Smittesituasjonen og retningslinjer for skolane har gjort det for usikkert å sende elevane dit. Elevane har fått tilbod om å utsetje utvekslingsåret til neste år, og overføre programavgifta dei har betalt til det. Organisasjonen har enno ikkje bestemt om dei skal sende elevar til Storbritannia og Irland i august.

Helena Cats

SKUFFA: Helena Cats hadde førebudd seg lenge på eit skoleår i USA. No må ho bli heime og fullføre vidaregåande.

Foto: Privat

Helena Cats skulle ha reist til USA 15. juli, men må bli heime i Bærum neste skoleår. Ho og foreldra får refundert 75 prosent av programavgifta, men blir ståande utan 28 625 kroner.

– Det er veldig kjedeleg. Eg har brukt eit år på å førebu meg på dette, og så får eg ingenting igjen for det. Det blir på ein måte tomt, seier Cats.

– Rett på full refusjon

– Vi synest det er problematisk at dei ikkje refunderer heile beløpet. Det verkar som dei vil stå fram som venlege som gir oss 75 prosent av pengane tilbake, seier Helenas far, Raymond Cats.

Forbrukarrådet meiner at ved utvekslingsopphald vil det vere sjølve avtalen ein må ta utgangspunkt i. Slike avtalar skal vere balanserte.

Jurist i Forbrukerrådet, Caroline Skarderud

REFUSJON: Jurist i Forbrukarrådet Caroline Skarderud meiner elevane har rett på full refusjon om det ikkje blir noko av utvekslingsåret deira.

Foto: Forbrukerrådet

– Vi meiner at forbrukaren har rett på full refusjon der seljar ikkje leverer som avtalt. Eventuelle avtalevilkår som avgrensar dette kan etter vårt syn sjåast så urimelege at dei ikkje kan gjelde overfor ein forbrukar, seier Caroline Skarderud, jurist i Forbrukarrådet.

Elevane har fått alternative tilbod som pengane dei ikkje får igjen kan brukast på. Familien er usikre på om dei vil nytte tilbodet til å dra på ei anna reise med organisasjonen.

– Situasjonen i vår har vore spesiell, men kommunikasjonen frå EF heile vegen har vore svak. Vi har ikkje lengre tillit til organisasjonen, seier Raymond Cats.

Frist i september

Inga Kristoffersen frå Ballangen ventar på at EF skal bestemme seg om dei skal sende ho eller ikkje.

Utvekslingseleven Inga Kristoffersen frå Ballangen

TO SKOLEPLASSAR: Inga Kristoffersen skal etter planen reise til England 28. august. Ho har sikra seg skoleplass heime i Noreg i tilfelle ho ikkje kan reise på utveksling.

Foto: Privat

Allereie i januar i fjor begynte ho å planlegge og melde seg på utvekslingsåret til USA. I vår datt planane saman når koronaviruset kom.

– Vi fekk moglegheit til å trekke oss heilt, fortsette, byte land, utsette det eit år, eller ta eit halvt år frå januar. Å byte til neste år var ikkje eit alternativ ein gong, for da måtte eg tatt Vg3 etterpå, seier Kristoffersen.

I mai nytta ho moglegheita til å byte frå USA til England. Sjølv om Kristoffersen no skal til eit land mykje nærmare Noreg, er det likevel ikkje sikkert at ho kan dra.

– Eg trur EF framleis planlegg det, men det kan jo bli avlyst. Dei har ein frist 1. september, men vi må jo ha flybillettar før det.

Trakk seg

For Inger Marie Jynge vart det for mykje utryggleik rundt utvekslingsåret.

Inger Marie Jynge frå Oslo smiler til kamera.

TRAKK SEG: Inger Marie Jynge ville ikkje ta sjansen på at utvekslingsåret ikkje ville bli godkjent, og blir igjen i Oslo til hausten.

Foto: Privat

Ho melde seg på hos utvekslingsorganisasjonen AFS ein månad før pandemien kom til Noreg, og rakk knapt å glede seg til eit år i Argentina.

– Vi fekk ein ganske utvida frist for å seie ja eller nei, men om du sa ja var det ingen garanti for at du kunne reise til det landet du ønskte, seier Jynge.

Ho trakk seg i mai, før ho skulle betale depositum og deltakaravgift til AFS. Dei andre alternativa ho fekk var å lage ei ønskeliste over anna land, eller utsetje avreisa.

Kan måtte ta året på nytt

Forsinka avreise til Argentina, som har sommarferie frå desember til mars, ville ført til at året hennar ikkje hadde vorte godkjent i Noreg. For å sleppe å gå året om igjen blir ho igjen i Oslo til hausten.

– Det er sjølvsagt kjipt, for utveksling var noko eg hadde lyst til, men eg trivst så godt på skolen min at det ikkje er noko negativt å få eit ekstra år der. Det har ikkje vore nokre sure miner for min del, forsikrar Jynge.

En lærer med munnbind underviser foran en laptop og et tomt klasserom under koronapandemien.

DIGITAL SKOLE: Dersom skolen i utlandet har mykje nettundervisning kan utvekslingselevane måtte ta året om igjen i Noreg.

Foto: Jung Yeon-je / AFP

Nedsett undervisningstilbod i utlandet kan føre til at elevane må gå skoleåret om igjen.

Vil sikre trygg oppleving

I ein e-post til NRK seier manager ved EF sitt hovudkontor i Sveits, Trent Draper, at elevane som skulle reise hausten 2020 har moglegheit til å flytte utvekslingsåret til neste år utan ekstra kostnader. Elevane kan og velje å reise på språkskole eller kostskole gjennom EF.

– Fullstendig betalt inn beløp for deira utvekslingsår kan førast over til kva for ein av desse alternativa, forsikrar Draper.

AFS sender norske elevar til 16 land dette skoleåret. Eitt av dei er Argentina. I tillegg kjem omkring 30 AFS-deltakarar til Noreg i september.

– AFS set deltakarane si sikkerheit svært høgt, og det er viktig for oss at utvekslinga er trygg. Dette sikrar vi ved å følge UD sine reiseråd og råd frå helsestyresmaktene i alle våre partnarland. Vi jobbar tett med AFS International for å kvalitetssikre utvekslinga, seier Julie Hart, generalsekretær i AFS Noreg.

AKTUELT NÅ