Utval i Venstre vil ha tilbake arveavgifta

Eit Venstre-utval foreslår ei ny arveavgift og auke skatten på formuar og høge inntekter. Det slår dårleg an hos regjeringspartnar Frp.

Sondre Hansmark, leder i Unge Venstre

Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark, har leia utvalet som foreslår å skattlegge arv, formuar og eigedom hardare.

Foto: David Vojislav Krekling / NRK

Fredag får programkomiteen i Venstre ei innstilling frå eit partiutval som har sett på skattepolitikken. Utvalet foreslår blant anna å innfør på nytt arveavgifta partiet var med å fjerne i arbeidet med statsbudsjettet for 2014.

I tillegg foreslår dei å auke formuesskatten og skatt på høge inntekter. Målet er å jamne ut forskjellar, seier leiar i Unge Venstre, Sondre Hansmark, som også har leia arbeidet i utvalet.

– Vi må skape eit system der det løner seg å arbeide og satse på verdiskaping, og der det ikkje løner seg å arve eller tene seg rike på renter i banken, seier han til NRK.

Også før valet i 2017 var det framme liknande forslag i Venstre, utan at det blei gjeldande politikk.

Meiner dei rike må betale meir

Arveavgifta var noko av det første Solberg-regjeringa fjerna etter Høgre og Framstegspartiet kom til makta, med støtte frå KrF og Venstre. Men sjølv om utvalet i Venstre no foreslår å snu, meiner ikkje Hansmark at skattepolitikken i regjeringa har vore feilslått.

– Tidlegare var det meir lønsamt å investere i eigedommar enn å investere i arbeidsplassar. Det var vi med å endre blant anna ved å auke skattane på sekundærbustader. Samtidig blei det meir lønsamt å investere i arbeidsplassar. No bør vi gjere nye endringar slik at større delar av skattebyrda blir lagd over på fast eigedom og arv, seier han.

Dei har ikkje landa på ein endeleg skattemodell, men det er viktig at dei som har mest, bidreg mest, seier Hansmark:

– Vi vil at vanlege folk skal sitte igjen med meir av pengane dei har tent enn dei gjer i dag. Samtidig må dei som har størst formue, flest bilar og båtar, betale litt meir enn dei gjer i dag.

Frp er skuffa

Forslaget overraskar regjeringspartnar Frp, som garanterer at arveavgifta aldri blir innført på nytt så lenge partiet sit i regjering.

– Eg må seie eg er veldig overraska over Venstre, som eg har oppfatta som eit parti som ikkje tek til orde for auka skattar og avgifter. Det verkar som om dei har kjøpt venstresida sine argument om at auka skatt er det einaste saliggjerande, seier stortingsrepresentant Sivert Bjørnstad (Frp)

Mann med dress og slips på talerstol

Stortingsrepresentant og andre nestleiar i Finanskomiteen, Sivert Bjørnstad (Frp), meiner forslaget til Venstre-utvalet er dårleg.

Foto: Stortinget

Han meiner forslaget frå Venstre-utvalet vil gå hard ut over små og mellomstore verksemder.

– Desse forslaga kjem til å treffe mange familieverksemder som må selje det dei har, og risikere arbeidsplassar, for å kunne betale avgifta.

No skal programkomiteen i Venstre ta stilling til forslaga frå utvalet. Førsteutkastet til nytt partiprogram blir sendt ut i september neste år.