Hopp til innhold

Utsatt for ID-tjuveri: – Dei kjøpte ein Audi til 600.000

Det som viste seg å bli eit ID-mareritt for Marthe Lunde starta med eit uventa SIM-kort i postkassa og enda med mange inkassokrav og ein rådyr Audi.

MartheLunde

REDD: Marthe Lunde blei redd då det dukka opp inkassokrav og bestillingar ho ikkje kjende att.

Foto: Eirin Aardal / NRK

– Eg fekk ein telefon frå politiet. Eg måtte kome og hente bilen min. Der står det ein Audi A5 på mitt namn. Då får ein jo ganske sjokk, seier Lunde.

For ho hadde aldri kjøpt ein Audi A5. Ho hadde heller aldri bestilt SIM-kortet og det nye telefonnummeret ho fann i postkassa dagen før. Dei fem-seks breva om kredittsjekkar forstod ho heller ikkje kvar kom frå.

– Det var starten på eit ganske stort mareritt.

Ho prøvde å ringe det nye nummeret. Ein mann som presenterte seg med same etternamn som henne tok telefonen. Men så svarte han aldri igjen. Det kom ein ny telefon frå politiet. Tilsette i ein butikk hadde fatta mistanke då ei dame prøvde å kjøpe elektronikkvarer for 50.000 kroner.

– Nokon lagde forfalska lønnslippar på bedrifta mi. Og brukte eit forfalska bankkort.

– Mental blåveis

Over 150.000 nordmenn har opplevd ID-tjuveri dei siste to åra, viser ei ny undersøking frå Norsk senter for informasjonssikring.

– Offeret får ofte ein mental blåveis. Ikkje berre som følge av tap, men også fordi offera må bevise at dei ikkje sjølve er involverte, fortel Kjell- Ola Kleiven, sikkerheitsansvarleg hos Risk Information Group.

Kjell Ola Kleiven

Kjell-Ola Kleiven i Risk Information Group trur ikkje det blir færre ID-tjuveri.

Foto: Vegard Giskehaug

Han seier ID-tjuveri er eit samansurium av ulike former for kriminalitet, og ressurskrevjande for politiet å etterforske.

– Enkelttilfeller kan vere stort for den det gjeld, men kanskje ikkje stort nok til at politiet kan prioritere det.

– Ekkelt

Marthe Lunde politimelde saka. Den er under etterforsking. Ho har ikkje hatt økonomiske tap etter ID-tjuveriet, men fortel at det har tatt mange krefter og mykje tid. Mellom 15 og 20 inkassokrav har ramla ned i postkassa det siste året.

– Det har vore veldig ubehageleg å ha namnet sitt sverta på den måten.

Ho veit ikkje korleis tjuvane fekk tak i informasjonen om henne, men trur dei har rota i postkassa hennar, eller skimma bankkortet.

– Det å ikkje vite korleis dei valde meg har gjort at eg har gått rundt og bekymra meg litt. Eg var nysgjerrig på kvifor dei hadde vald meg som offer.

– For det er jo noko som kan skje alle?

– Ja, det er det. Så eg rådar folk til å ha lås på postkassa.

AKTUELT NÅ