Ved kaien på Utøya ligg MS Thorbjørn, som både frakta gjerningsmannen ut til øya og blei fluktbåt for mange AUFarar 22. juli 2011.
Dugnadsarbeid på Utøya i forkant av toårsmarkeringa.
Hovudhuset har fått ny kledning, ny kvitmaling og friske blomar.
Mange av dei som ikkje kom frå massakren i live, gøymde seg i vasskanten bak Pumpehuset på vestsida av øya.
AUF-veteran Ulf Berg er ein av 30 AUF-veteranar som har bidrege i dugnadsarbeidet på Utøya i forkant av toårsmarkeringa.
Dugnadsarbeid og førebuing til toårsmarkering på Utøya. Frå venstre: prosjektleiaren i styringsgruppa for 'Nye Utøya' Jørgen Frydnes og AUF-veteranane Bernt Oremo og Ulf Berg.
Store delar av glasverandaen til Hovudhuset var róten og har blitt restaurert av eit byggfirma som gav 600 arbeidstimar i gåve til 'Nye Utøya'.
Utøya kai og Hovudhuset.
Hovudhuset på Utøya står fram i ny, kvitmåla drakt når øya opnar for besøk av dei terror-råka 20-22. juli i år.
Minnemarkeringa på Utøya førstkomande måndag skal skje i kaiområdet. Statsministeren vil vera tils tades under kransenedlegginga.
AUF ønskjer å riva Kafébygget på Utøya, der 13 personar vart skotne og drepne.
Inngangen til Kafébygget.
Utanfor Kafébygget ligg leirplassen, ei av mange grøne sletter på Utøya som treng hyppig vedlikehald.
Kjærleiksstien på Utøya har blitt sikra med nye gjerde før toårsmarkeringa.
Kjærleiksstien på Utøya.
Etter ønske frå etterlatne er det ikkje sett opp nytt gjerde på ein kort strekning langs Kjærleiksstien.
Nytt gjerde langs Kjærleiksstien på Utøya.
Låven og Stabburet på Utøya.
Pumpehuset på Utøya er også blant bygga som AUF ønskjer å riva.
47 ungdomar overlevde ved å gøyma seg i Skolestua.
Inngangspartiet til Skolestua.
MS Thorbjørn blir under toårsmarkeringa erstatta av elvebåten MS Tyra, med plass til 70 passasjerar.
MS Thorbjørn fraktar dugnadsarbeidarar til Utøya.
Frivillige bidreg i vedlikehaldsarbeidet på Hovudhuset på Utøya.
Anders Behring Breivik blei arrestert i skogholtet bak Skolestua.
Kioskluka på framsida av Kafébygget på Utøya.
Låven på Utøya.