Hopp til innhold

Utmerkar seg ikkje på skule

Høgre vil satse på skule. Men Høgre-kommunar kan ikkje skryte av å gje mest til grunnskulen.

Høyre-logo
Foto: Fotomontasje: NRK / Scanpix

Kommunar som er styrte av dei raud-grøne partia gir nemleg litt meir pengar til grunnskulesektoren enn kommunar med borgarleg fleirtal.

Det viser statistikk frå 54 samanliknbare kommunar som NRK har henta ut frå SSB.

Tala avslører at det ikkje er store politiske skilnader når det gjeld prioritering av skule. Men kommunane der regjeringspartia har makta gir i snitt litt meir til grunnskule-sektoren, om lag 4000 kroner meir per elev.

- Det er viktig kven du stemmer på lokalt, meiner Lillehammer-ordførar Synnøve Brenden Klemetrud (Ap). Lillehammer har vore ein raud kommune i mange år, og statistikken viser at kommunen brukar meir på skule enn mange andre kommunar.

- Her på Lillehammer har vi bevist at det har veldig mykje å seie kven du stemmer på, seier Klemetrud til NRK.

 

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger