Hopp til innhold

Utleigarar kritiserer Nav sin utleige-garanti: – Det er ingen garanti

Fleire utleigarar forsvarer at dei ikkje leiger ut til personar som har betalingsgaranti frå Nav. Dei meiner at det ikkje er diskriminering, men at garantien frå Nav er for dårleg.

Utleigar Petter Norheim i leiligheita i Ålesund.

Utleigar Petter Norheim seier han ikkje vil leiga ut til personar med Nav-garanti igjen fordi det var vanskeleg å få utbetalt manglande husleige frå Nav.

Foto: Remi Sagen / NRK

NRK har tidlegare fortalt om «Kaja» som kjende seg diskriminert på leigemarknaden på grunn av at ho får arbeidsavklaringspengar frå Nav.

Ei undersøking frå Forbrukarrådet viser også at personar med låg inntekt eller Nav-garanti blir meir diskriminerte enn andre på leigemarknaden.

Utleigar Petter Norheim meiner han ikkje diskriminerer når han skriv at han ikkje ønsker leigetakarar som brukar Nav-garantien.

– Eg har jo aktivt sjekka at dette er lov å skriva. Eg ønskjer ikkje å diskriminera eller vera støytande, seier Norheim.

Gjennom familiebedrifta leigar han ut fem bustader i Ålesund og tre i Stavanger ved sida av jobben som prosjektleiar i byggebransjen.

Skjermdump frå forskjellige annonsar på Finn.no som viser sju forskjellige måtar og seie at utleigar ikkje godtar Nav-garanti.

Fleire utleigarar skriv på Finn.no at dei ikkje godtar leigetakarar med Nav-garanti.

Foto: Skjermdump frå Finn.no

Årsaka er tidlegare erfaringar med Nav etter eit leigeforhold med ein person som nytta denne garantien.

– Det var ei ubehageleg oppleving som kravde mykje av meg over tid, og som ende veldig dårleg for leigetakar, seier Norheim.

Les svaret frå Nav lenger nede i saka.

Petter Norheim i leiligheta han leiger ut i Ålesund.

Norheim meiner Nav-garantien ikkje er ein ekte garanti for utleigar.

Foto: Remi Sagen / NRK

Teieplikt

I starten av leigeforholdet tenkte ikkje Norheim særleg over at leigetakaren nytta garantien frå Nav, ifølge han.

Han hevdar at leiga etter kvart kom inn sporadisk, ofte med feil beløp, og enkelte månader ikkje i det heile. Derfor tok han kontakt med Nav for å henta ut pengar frå garantien.

– Det var ikkje enkelt.

Petter Norheim:Hei! Eg har blitt kontakta av Nav ved eit par høve kor Nav har stadfesta at dei skal garantera for depositum og betala leige på ei leilegheit eg leiger ut. Eg blei også lova ei skriftleg stadfesting på denne avtalen på e-post. Dette har ikkje skjedd. Eg vil gjerne ha oppgitt kven som er saksbehandlar i denne saka og kontaktinfo, slik at de kan få dette i orden.

Eg har ikkje behov for munnlege garantiar frå Nav, så vil helst at de svarar meg på e-post.

Petter Norheim
Kunderådgivar Nav:Hei, Petter

Vi kan dessverre ikkje svara deg på førespurnadar som gjeld sosiale tenester i denne kanalen. Du kan sjå om du finn svar på spørsmålet ditt på:

http://www.nav.no
/sosialetjenester

Har du generelle spørsmål kan du kontakta oss på chatten vår:
http://www.nav.no/person
/kontakt-oss/chat/sosialhjelp

Du kan også ringa oss på telefon 55 55 33 33, tasteval 1.

Han fortel at dei prøvde å koma i kontakt gjentekne gonger via både telefon og ved å fysisk møta opp på Nav-kontoret.

– Då fekk me beskjed om at saksbehandlaren til denne personen har teieplikt.

Til slutt såg dei seg nøydde til å seia opp leigeavtala, og be personen flytta ut.

– Eg tenkjer at Nav verkar mot si hensikt på den måten. Dei gjer det vanskeleg for Nav-brukarar å kome inn på den private leigemarknaden.

Nav: Kan bli innfridd i etterkant

Nav-garantien er ein del av Nav si kommunale teneste. Kvar garanti skal vera i tråd med generelle retningslinjer, som Nav-kontora kan tilpassa garantien til den enkelte brukaren.

Det betyr at praksisen kan variera frå kommune til kommune.

Fungerande leiar i Nav Ålesund, Yvonne Sande, seier at dei som regel har eit godt samarbeid med utleigar.

– I enkelttilfelle kan det likevel ta tid før garantiar blir innfridd, til dømes der det er usemje mellom partane i leigeforholdet.

På spørsmål om kvifor Norheim opplevde at det var vanskeleg å koma i kontakt med Nav, svarer Sande at rettleiar i Nav har teieplikt.

Les også Bygger Norges første bydel bare for utleie

Heidi Sjerve, daglig leder i Steinar Moe Eiendom sammen med Trond Ballestad (Sp), varaordfører i Skien.

Ho seier at utleigar må fremma eit skriftleg krav etter at leigeavtalen er sagt opp.

– Garantien dekker ikkje løypande husleige i eit leigeforhold, men kan bli innfridd i etterkant.

Rettleiar i Nav kjem fram av garantidokumentet som utleigar får tilsendt.

– Kva tenker de om at utleigaren seier at ordninga som skal hjelpa folk med å koma inn på det private leigemarknaden, ender opp med å gjera det verre for dei?

– Me erfarer at mange skaffar seg ein stad å bu gjennom bruk av garanti frå Nav, og intensjonen er å vareta både utleigar og leigetakar, seier Sande.

Les meir av svaret frå lenger nede i saka.

Meiner garantien er for dårleg

Norheim meiner at det ikkje er personane som er problemet, men garantien frå Nav.

– Det er ingen garanti.

Norheim fekk tilbake den manglande månadsleiga frå Nav to månadar etter at leigetakaren hadde flytta ut.

Petter Norheim i loftsleiligheita han leiger ut i Ålesund.

Utleigar Petter Norheim seier det var vanskeleg å koma i kontakt med Nav då han leiga ut til ein person med Nav-garanti.

Foto: Remi Sagen / NRK

Fleire utleigarar NRK har snakka med fortel at dei ikkje leiger ut til personar med Nav-garanti.

Utleigarane seier at garantien Nav stiller med er dårleg:

  • Dei meiner det er vanskeleg å koma i kontakt med Nav fordi det er forskjellige saksbehandlarar.
  • Dei meiner dei får for lite informasjon om vilkåra.
  • Dei meiner garanti-avtalen ofte er for kort i forhold til leigekontrakten.
  • Nokon utleigarar hevdar også at garantien ikkje dekker erstatning for skadar på bustaden eller manglande reingjering.

Dagleg leiar i plattforma husleie.no, Kjetil Olsen, seier at deira medlem opplev mange av dei same utfordringane.

Til dømes er det ingen standard garanti. Fleire utleigarar fortel at det er vanskeleg å løysa ut garantien når det skjer ein dokumentert skade. I tillegg tar det lang tid å få pengane.

– Det er sjølvsagt ikkje slik i alle tilfelle, men uansett har dette blitt ein gjengs oppfatning blant mange utleigarar. Og det får dessverre store konsekvensar for mange leigetakarar, seier Olsen.

Han seier at uvissa rundt Nav-garantien kan føra til at leigetakarar som nyttar seg av Nav-garanti ofte kan oppleva å bli nedprioritert når dei skal finne seg ny leigebustad.

– Dette er sjølvsagt beklageleg og kunne vore unngått.

Nav: Utleigarane får det dei har krav på

NRK har sendt spørsmål rundt kritikken frå utleigarane til Nav Bergen, Nav i Oslo, Nav Trondheim og Nav Ålesund.

Kontora meiner dei gjev utleigar informasjon om kva garantien inneber, og at utleigarane får tilbake det dei har krav på.

Fleire av kontora seier at dei ikkje har fått tilbakemeldingar frå utleigarar om at det er vanskeleg å koma i kontakt med Nav.

Garantien skal ifølge Nav dekka skade på husrom og manglande reingjering ved utflytting. Det meiner Nav at utleigar får beskjed om.

Nav betalar ikkje ut meir pengar enn beløpet som er fastsett i garantien.

Årsaka til at det kan ta tid før utleigar får utbetalt kravet, er at leigetakar kan ha innvendingar til oppseiinga.

Viss det oppstår problem, kan utleigar ta saka opp i Husleigetvistutvalet.

– I dei sakene som går til Husleigetvistutvalet, så har me forståing for at huseigar kan oppleva garantien frå Nav som verdilaus, men då er ikkje Nav ein part i saka, fortel avdelingsdirektør i Nav Falkenborg Unni Valla Skevik.

På spørsmål om kva Nav tenker om at garantien ifølge utleigarane tener mot hensikt, er svara:

– Me deler ikkje vurderinga av at ordninga med depositumsgaranti frå kommunen gjer det verre for personar å komma inn på den private leigemarknaden, seier etatsdirektør for sosiale tenester i Bergen kommune Hilde Larsen.

Nav-kontora i Oslo kjenner seg ikkje igjen i problemstillinga, og meiner garantiane dekker det dei skal dekka.

Nav i Trondheim har ikkje blitt kontakta av utleigarar som er misnøgde med ordninga.

– Men me veit at nokon utleigarar i Trondheim ikkje godkjenn Nav-garanti. Me tenker også at dette handlar om at «Nav-brukarar» kan av utleigarar bli oppfatta som «problematiske» leigetakarar med ustabilt forhold til økonomi, seier Skevik i Nav Falkenborg.

AKTUELT NÅ