Hopp til innhold

Utelukkar ikkje korrupsjon

På eitt år har Stortinget brote lova om offentlege innkjøp 179 gonger, syner ein intern rapport. Riksrevisjonen utelukkar ikkje korrupsjon.

Stortinget
Foto: Erik Engen / NRK

Lovbrota dreier seg om innkjøp for minst 19 millionar kroner, men beløpet er truleg langt høgare, skriv VG.

Jørgen Kosmo
Foto: Falch, Knut / SCANPIX

- Stortinget har ikkje hatt kontroll over innkjøpa, seier riksrevisor Jørgen Kosmo.

Kontrollar både i 2003, då Kosmo sjølv var stortingspresident, og i 2007 syner at Stortinget har brote lova på fleire punkt.

I eit brev frå Riksrevisjonen i 2004 heiter det at kontrollen har synt vesentlege svakleikar og manglar knytt til dokumentasjon av innkjøpsprosessar.

- Vi kan ikkje utelukke at det kan ha førekome korrupsjon i samband med innkjøpa til Stortinget, rett og slett fordi det har vore store manglar ved dokumentasjonen, seier Kosmo.

Stortingsdirektør Hans Brattestå vedgår feil, men meiner talet på lovbrot ikkje er fullt så høgt som den interne rapporten legg til grunn.

- Det synte seg at alt var i orden med fleire av innkjøpa, det var berre protokollar som ikkje låg der dei skulle. Men det er rett at vi ikkje har greid å følgje reglane for offentlege innkjøp i alle saker. Ambisjonen vår er at vi skal få dette raskt i orden, seier Brattestå.

AKTUELT NÅ