Hopp til innhold

Utanlandsreisande må tole mykje kritikk i sosiale medium

Nordmenn som reiser utanlands får hard kritikk på nettet. Der er det følelsane som styrer, seier filosof.

Stranden i Benidorm stengt for publikum

Fleire nordmenn reiste på ferie til Spania. Det fikk dei mykje kritikk for. Her, stranda i Benidorm

Foto: Philip Lote / NRK

Sosiale medium er fulle av kommentarar som angrip dei som reiser til utlandet denne sommaren.

Kommentarane gir uttrykk sinne og forakt. Folk blir kalla egoistar, og ber dei som kjem heim om å skamme seg.

Frykt

– Følelsane som kom med koronaen var frykt. Frykta kan få oss til å vere varsame, og den kan gjere oss sinte. Frykta kan få oss til å gjere ting vi elles ikkje ville ha gjort, seier filosof Einar Øverenget.

Filosof Einar Øverenget utenfor sitt hjem i Oslo, i samtale med

Sosiale medium er styrt av følelser, sier filosof Einar Øverenget.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

Frykta er ei sterk drivkraft i mennesket. Ei av dei sterkaste vi har.

– Rasjonelle argument forsvinn i nettdebatten. Det vert moralisert, og folk blir fortalde kva som er rett og gale. Det blir spelt på dumskap og skam, held Øverenget fram.

Forstår at folk vert sinte

Helseminister Bent Høie seier han forstår at mange har ofra mykje for å få kontroll på smittespreiinga i Noreg, og at pandemien har hatt ein høg pris.

– Nokre har mista sine kjære, andre har ikkje fått besøkt sine kjære på sjukeheim. Andre har mista jobben. At ein føler at nokre tek for lett på det no, det forstår eg kan gjere at ein vert sint.

Helseministeren legg til at nordmenn likevel må prøve å unngå å verte sinte på kvarandre i denne situasjonen.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie

Helseminister Bent Høie er redd dårleg samvit og skam kan gjere at folk ikkje lar seg teste for covid-19.

Foto: Terje Pedersen / Terje Pedersen

– Det er òg mogleg å gje beskjed utan å bruke ein sint tone eller hetse kvarandre, for det hjelper ikkje, seier han.

– Hjelper ingen

Høie trur det kan forverre situasjonen om dei som har reist utanlands vert påførte dårleg samvit eller skam.

– Det å ha dårleg samvit eller føle skam hjelper ingen i denne situasjonen. Tvert imot er eg uroa for at dersom vi påfører folk skam og dårleg samvit, vil det vere ein barriere mot å gjere det som er det einaste viktige, nemleg å gå i karantene og la seg teste om ein har symptom.

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad seier at dei som reiser ikkje skal ha dårleg samvit så lenge dei følgjer smittevernreglar og testar seg om dei får symptom. Dette gjeld reisande både i Noreg og i utlandet.

– Det er ein viss risiko for å verte smitta både i Noreg og i utlandet. Det viktige då er at ein isolerer seg, held seg heime og får tatt ein test. Gjer ein det skal ein ikkje ha dårleg samvit, seier Nakstad.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger