Usikker framtid for pengesluk

TV 2 har tapt fleire hundre millionar kroner på å driva Kanal 24.

Håkon Bjercke
Foto: Roald, Berit / SCANPIX

For TV 2, som eig radiokanalen fullt og heilt, er Kanal 24 eit pengesluk.

Ikkje vedtak

Den nye TV 2-sjefen Alf Hildrum vil gjerne sleppa å tapa pengar på radiodrift år etter år. Sal av Kanal 24 og nærmare integrering i TV 2 har vore nemnt som alternativ.

I dag var Kanal 24 tema på styremøtet i TV 2.

- Styret gjorde ikkje noko vedtak, seier konserndirektør Rune Indrøy til nrk.no.

Han seier målet er å trekka ein konklusjon på Kanal 24-spørsmålet innan året er omme.

Kven skal formidla

TV 2-styret drøfta i dag også spørsmålet om kven som skal formidla TV 2, TV 2s filmkanal og TV 2s nyhetskanal på satellitt.

Canal Digital har i dag ein eksklusiv avtale med TV 2 som gjer at berre dette selskapet kan formidla TV 2-kanalane. Denne avtalen går ut 8. oktober i år. Viasat har også lagt inn bod på formidling av TV 2-kanalane.

- Mykje arbeid gjenstår. Men tett før avtalen med Canal Digital går ut 8. oktober, må ein ny avtale vera på plass, seier direktør Indrøy.

SISTE NYTT

Siste meldinger