Hopp til innhold

AFP: USA vil ikkje ta imot dei polske jagarflya

Polen er klar til å sende alle sine MIG-29 jagarfly til USAs flybase i Tyskland. Men USA vil ikkje ta dei imot.

En MIG 29 fra det serbiske flyvåpenet.

Ein MIG-29 frå det serbiske flyvåpenet. I Nato er kjent som Fulcrum.

Foto: ANDREJ ISAKOVIC / AFP

Ukraina treng desperat jagarfly i forsvaret mot den russiske invasjonen.

I går kom Polen med tilbod om å gje 28 russiskbygde MIG-29 jagarfly til USA, til bruk i Ukraina.

Polen vil sende flya til den amerikanske Ramstein-basen i Tyskland, og seier at dei er gratis og til USA sin disposisjon.

Onsdag kveld melder nyheitsbyrået AFP at USA har bestemt seg for ikkje å ta i mot dei polske jagarflya.

– Forsvarsminister Lloyd Austin har sagt til den polske kollegaen sin at han ikkje støttar overføringa av jagarfly til det ukrainske luftvåpenet akkurat no, seier Pentagons talsmann, John Kirby.

Skeptisk til tilbodet

USAs utanriksminister, Antony Blinken har tidlegare sagt at amerikanarane aktivt søkjer ein avtale med Polen for å forsyne Ukraina med flya.

I byte vil USA kunne levere F-16-fly til Polen, ifølgje amerikanske medium.

Natt til onsdag sa Kirby at USA er skeptiske til tilbodet frå Polen. Kirby meiner forslaget ikkje er forsvarleg fordi USA og Nato ikkje vil trekkjast inn i krigen.

– Vi trur ikkje Polens forslag er haldbart, sa Kirby.

Pentagon Kirby

SKEPTISK: Pentagons talsmann John Kirby.

Foto: Andrew Harnik / AP

Pentagon seier det at fly tar av frå ein Nato-base for å fly inn i luftrom som Russland bestrider, gjer «alvorlege bekymringar for hele Nato-alliansen».

Det kan verke som om meldinga frå Polen kom overraskande på amerikanarane.

– Eg trur det faktisk var et overraskingsskritt frå polakkane, sa statssekretær i det amerikanske utanriksdepartementets Victoria Nuland i Senatet, ifølge NTB.

På spørsmål om amerikanske tenestemenn visst om kunngjeringa frå Polen, svarte Nuland:

– Ikkje så vidt eg veit.

Må vere opp til Nato

MIG-29 er eit tomotors jagarfly som vart utvikla i Sovjetunionen. Dette er fly ukrainske pilotar kjenner og kan fly.

Polen står klar til å etablere vilkåra for kjøp av flya, står det i ei pressemelding frå den polske regjeringa.

Den polske regjeringa bad også andre Nato-allierte som eig MIG 29-fly, om å gjere det same. Kor flya eventuelt skal ta av frå, er framleis uklart.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) møtte tysdag statsministeren i Polen, Mateusz Morawiecki i Oslo. Der vart flytting av flya eit tema, og Morawiecki sa på pressekonferansen etterpå at Polen ikkje er ein part i denne krigen. Han seier det same om Nato.

Overføringar av offensive våpen må difor bli gjort av Nato under eitt.

– Det er difor vi er villige til å sende dei til Ramstein, men ikkje villige til å gjere det på eiga hand, sa Morawiecki.

Støre møter Polens statsminister

Polens statsminister Mateusz Morawiecki på pressekonferansen etter møte med Jonas Gahr Støre.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Flya kan ha ei betydning

– Flya kan ha ei betydning om Ukraina har eit system for å ta i mot desse flya og om dei har pilotar som er i stand til å operere dei, seier tidlegare major i luftforsvaret, Steinar Skaar.

På same tid må ukrainarane ha eit system for kommandokontroll, seier han.

Steinar Skaar

Steinar Skaar seier flya kan ha betydning for Ukraina.

Foto: Luftkrigsskolen (LKSK) / Forsvaret

Skaar har undervist på luftkrigsskulen i luftoperasjonar og luftmaktsteori, og meiner at flystyrkar kan få effekt på stilleståande mål.

– Det har jo vore mykje snakk om denne kolonnen som står nord for Kyiv, så ein kan jo tenkje seg at flystyrkar kan få ganske stor effekt på den type stilleståande mål, seier han og legg til:

– I tillegg så kan det ha den effekten at dei innfører eit nivå av uvisse i det russiske flyvåpenet fordi dei må ta omsyn til at Ukraina har kapasitetar som Russland kanskje hadde trudd at dei ikkje hadde hatt.

Mange svarlause spørsmål

Førsteamanuensis i historie ved Forsvarets høgskole, Ole Jørgen Maaø seier at MIG-29 ikkje er spesielt moderne jagarfly, og at 28 fly ikkje er så mange samanlikna med dei Russland har.

– Ein ting er om dei kan fly dei, men ein annan ting er om dei kan planlegging, og har ressursar til å sette dei inn på riktig stad, seier Maaø og legg til:

– Det er mange svarlause spørsmål som ein treng svar på før ein kan vite om Ukraina kan dra nytte av dei på ein effektiv måte.

AKTUELT NÅ