Hopp til innhold

Vil anke etter frikjenning

«Dødens kjøpmann» Viktor Bout er eitt steg nærmare utlevering til USA, etter at ein thailandsk domstol tysdag avviste skuldingar om kvitvasking av pengar og svindel.

Viktor Bout på veg til rettssalen

Den terrormistenkte russaren Viktor Bout kjempar framleis mot ei utlevering til USA. Tysdag svann mykje av håpet om å få bli i Thailand.

Foto: Apichart Weerawong / Ap

Den russiske våpensmuglaren Viktor Bout, også kjend som «dødens kjøpmann», har kjempa mot utlevering sidan mars 2008, då han blei arrestert i Bangkok i ein felles amerikansk-thailandsk operasjon.

Domstolen i Bangkok avviste tysdag siktingane om pengeforfalsking og svindel, som til no har vore eit stort hinder for ei utlevering til USA. Ifølgje dommarane var det ikkje lagt fram tilstrekkeleg med bevis for å dømme Bout.

Om han vert utlevert og dømd i USA, risikerer han livstid i fengsel, der han vil verta tiltalt for terror - blant anna for å ha konspirert for å drepa amerikanske agentar,

– Oppdikta

Den tidlegare sovjetiske forsvarspiloten hevdar ifølgje Reuters at terror-skuldingane er oppdikta av USA. 43-åringen har bede den thailandske statsministeren Abhisit Vejjajiva om å bruke si makt til å nekte utlevering fordi livet hans er i fare dersom han vert sendt til USA.

Etter domsavseiinga tysdag bad Bout umiddelbart advokaten sin om å anke saka.

Ifølgje thailandsk påtalemakt ligg gangen vidare i saka i hendene til forsvararane til Bout og den thailandske regjeringa.

Bout snakkar seks språk og er kjend under åtte forskjellige alias.

Tilnamnet «dødens kjøpmann» blei først brukt av ein tidlegare britisk utanriksminister.

AKTUELT NÅ