Hopp til innhold

UNN: Åtte uønskte hendingar på eitt døgn med ambulanseflymangel

I løpet av eitt døgn har Universitetssjukehuset Nord-Noreg (UNN) i Tromsø loggført åtte uønskte hendingar som følgje av at det for tida manglar ambulansefly.

Ambulansefly satt på bakken. Babcock sitt fly.

Ambulanseflytenesta i Nord-Noreg blei nesten halvert då fem av elleve fly blei sett på bakken i helga på grunn av tekniske feil.

Foto: BSAA

Ifølgje Nordlys, som gir att ei oversikt over alle hendingane, ønsker ikkje Helse Nord å kommentere situasjonen. Det einaste fagdirektør Geir Tollåli vil seie er at alle pasienttransportar er utført på alternativt vis.

Han vil ikkje kommentere kva ressursar som er brukte eller dei medisinske konsekvensane den alternative transporten har fått.

Oversikta til Nordlys viser åtte uønskte hendingar på grunn av ambulanseflymangel. I fleire tilfelle er det på grunn av vêret ikkje aktuelt å bruke helikopter, men sidan det ikkje er ambulansefly tilgjengeleg, endar det med bilambulanse og store forseinkingar.

Set inn ekstratiltak

Helseminister Bent Høie (H) seier til NRK at situasjonen i helga var utfordrande, men han meiner problema blei godt løyst. No vil han ha ein gjennomgang for å finne ut kva som var grunnane til at dei åtte tilfella kunne oppstå.

– Dette er ein situasjon vi ikkje ønskte å vere i, også om vi no har sett inn ekstra tiltak for å hindre at dette går ut over pasientane, seier han.

Bent Høie

Helseminister Bent Høie (H) seier han forstår at folk i nord er uroa for situasjonen. Samtidig meiner han beredskapen har blitt betre etter at regjeringa har sett inn ekstratiltak.

Foto: Lill Christin Ludvigsen / NRK

Han lovar at regjeringa skal ta grep så lenge Babcock ikkje klarer å levere etter den kontrakten dei har. Og meiner at forholda no er betre enn det dei har vore tidlegare.

– Før desse flya blei sett på bakken i helga, hadde vi ein beredskap i Troms og Finnmark på over 100 prosent på grunn av dei ekstra tiltaka regjeringa har sett inn. Og det gjer vi så lenge leverandøren ikkje leverer etter kontrakten. Og når dei klarer å levere, tek vi ned desse ekstra tiltaka, seier Høie.

Vil kalle inn statsministeren

SV meiner utviklinga er «alarmerande» og har sendt brev til helseministeren der dei ber om ei forklaring for situasjonen. Partiet vil i tillegg kalle Høie inn på teppet ved møteslutt i Stortinget måndag.

Men no seier nestleiar i SV, Kirsti Bergstø, at situasjonen er så alvorleg at dei meiner statsminister Erna Solberg (H) må møte i Stortinget i staden.

– Vi har tidlegare varsla at vi har ønskt helseministeren inn på teppet i Stortinget for at han skulle gjere greie for situasjonen, men han har verka veldig passiv til det. Difor fann vi ut at vi måtte kalle inn statsministeren for at nokon skal ta ansvar for situasjonen.

Kirsti Bergstø, SV

Nestleiar i SV, Kirsti Bergstø, meiner situasjonen i luftambulansen i Nord-Noreg er så alvorleg at statsministeren må svare for det som skjer.

Foto: Trond Reidar Teigen / Trond Reidar Teigen

Ho meiner dette er ei varsla krise i luftambulansen i nord.

– Det har mangla personell, det har mangla utstyr og fly sidan anbodet blei sett i gang.

Men det kjem neppe ei utgreiing for Stortinget om saka måndag, seier Høie.

– Dersom SV forlanger at eg eller statsministeren skal gjere greie for dette i dag, vil det seie at menneske som skal bruke arbeidstida si på å handtere situasjonen, må bruke tida si på å gjere klar ei orientering til SV. Det meiner eg er ei feil prioritering.

Men han seier han i staden vil kome til Stortinget på eit meir eigna tidspunkt og i ei betre eigna form.

For dårleg beredskap

Klinikkoverlege Mads Gilbert ved UNN seier til VG at det er svært alvorleg å bruke mykje ekstra tid, når tid kan vere heilt avgjerande for utfallet for pasienten. I det eine tilfellet tok det 28 timar og 49 minutt frå AMK blei varsla til pasienten kom til sjukehuset i Tromsø. Det kallar Gilbert som «heilt uakseptabelt og uansvarleg».

Han seier også at lista berre inneheld akutte pasientar.

– Beredskapen til den samla nasjonale luftambulansetenesta er ikkje til å kjenne igjen. Kapasiteten er kritisk svekt. Vi merkar det kvar einaste time, seier han.

Helseminister Bent Høie møter det akuttmedisinske miljøet ved UNN, Universitetssykehuset Nord-Norge, for å få informasjon om luftambulansetjenesten.

Klinikkoverlege Mads Gilberg (t.h.) meiner situasjonen i luftambulansen i Nord-Noreg er alvorleg, og fryktar liv skal gå tapt. Her er han saman med helseministeren då han fekk ei orientering om akuttberedskapen i fjor sommar.

Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB scanpix

Bergstø meiner dette viser at beredskapen ikkje er så god som det helseministeren vil ha det til.

– Vi er lei av å høyre Bent Høie prøve å forsikre oss om at beredskapen i nord er god.

Grunnen til at Høie kjem til Stortinget måndag er ein debatt om helsebudsjettet. Arbeidarpartiet seier dei har fleire ubesvarte spørsmål i saka, som dei gjerne skulle hatt svar på. Blant anna om beredskapen i Nord-Noreg, seier helsepolitisk talsperson Ingvild Kjerkol (Ap).

– Det er ikkje slik Bent Høie seier at det har vore full beredskap i november. Då reknar han med alle ekstraordinære tiltak. Det Babcock har kontrakt på, har vore nede i 80 prosent.

Vil ha tidlegare operatør

På Stortinget i dag skal dei også behandle forslaget frå Raudt om å setje inn ambulanseflya som blei brukt av den førre operatøren. Det er eit forslag som får støtte frå Kjerkol, som meiner staten allereie er inne med så mange ekstratiltak, at dei i realiteten har teke over drifta.

– Det er mogleg å leige inn tilleggstenester frå andre operatørar. Her er det pasientane som er det viktigaste.

Ingvild Kjerkol i Arbeiderpartiet

Helsepolitisk talsperson Ingvild Kjerkol (Ap) støttar forslaget om å setje inn ambulanseflya til operatøren som hadde oppdraget tidlegare.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Helseminister Høie utelukkar ikkje at dei kan kome til å vurdere å kjøpe tenester frå tidlegare operatørar.

– Vi vurderer alle tilgjengelege ressursar. Og når vi snakkar om beredskapen, snakkar vi om den samla beredskapen, inkludert ekstraressursane. Det er det som er avgjerande for pasientane.

Han viser at til Babcock har lova at to nye fly skal vere klare til å bli sett inn i teneste i løpet av måndagen, slik at ein er oppe i ni operative fly.

Babcock beklagar

Seint søndag var fire av elleve fly i luftambulansefly-flåten framleis sett på bakken etter at pilotane har opplevd ein vriding på flya. Babcock veit ikkje når feilen vil vere løyst.

– Vi beklagar det faktumet at vi står her i dag og har sett tenesta i ein ny og vanskeleg situasjon, sa driftsleiar Hilde Sjurelv i Babcock på ein pressekonferanse søndag ettermiddag.

Pressekonferanse Babcock

Driftssjef Hilde Sjurelv (t.h.) beklaga på ein pressekonferanse at mange fly er ute av drift.

Foto: Rune Stoltz Bertinussen

Babcock opplyste søndag at selskapet vil setje inn to ekstra ambulansefly frå Sverige i tenesta i Noreg frå måndag formiddag, i tillegg til to andre fly frå Sverige som blei kalla inn i helga. Det eine kan lande på kortbanar utan restriksjonar. Det andre tar oppdrag på langbane og vil dermed kunne avlaste resten av dei kortbaneflya for slike oppdrag.

AKTUELT NÅ