– Trist å bli stempla som menneskeverd-fiendtlege

Borgarlege ungdomsparti avviser KrFs skulding om at dei degraderer menneskeverdet.

Christine Hartvigsen på Frps landsmøte 2018

ABORTSTRID: Christine Elise Hartvigsen i sentralstyret i Framstegspartiets Ungdom reagerer på KrFs menneskeverd-kritikk.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

KrF-leiar Knut Arild Hareide skuldar fleire ungdomsparti for å setje menneskeverdet i fare når dei foreslår å utvide abortgrensa og innføre aktiv dødshjelp.

No slår ungdomspartia tilbake.

– Det verkar som om KrF trur at menneskeverd er det som til ei kvar tid står i deira partiprogram, seier Ola Svenneby, 2. nestleiar i Unge Høgre.

Abort og dødshjelp

KrFs nestleiar og helsetalskvinne, Olaug Bollestad, er bekymra for dei politiske signala ungdomspartia har komme med i det siste:

  • Fri abort fram til 24. svangerskapsveke, foreslår Unge Venstres leiar.
  • Utvid abortgrensa frå 12. til 18. veke, seier AUF og Framstegspartiets Ungdom (FpU).
  • Opne for aktiv dødshjelp, oppmodar Unge Venstre, FpU, Unge Høgre og ti fylkeslag i AUF.

– Det som bekymrar meg er at ungdomspartia, framtidas politiske leiarar, har eit syn på menneske der ein degraderer livet i mors mage og gjer det meir ubeskytta, seier Bollestad.

Det er Christine Elise Hartvigsen, sentralstyremedlem i FpU, ueinig i.

– Det er trist at kvar gong nokon er usamde med KrF, blir vi stempla som menneskeverd-fiendtlege. Det er altså ikkje tilfelle, seier Hartvigsen.

– Kontroll over eige liv

Unge Høgres 2. nestleiar, Ola Svenneby stemmer i.

– Ein stor del av menneskeverdet, etter mitt skjønn, er at ein har størst mogleg kontroll over sitt eige liv. Det inneber også at ein i særskilde tilfelle, når ein er døyande og har store smerter – må ein sjølv kunne avslutte livet, seier Svenneby.

Bestemme over eigen kropp

Hartvigsen i FpU meiner det er eit godt menneskesyn å ville utvide abortgrensa.

– Vi vil fjerne byråkratisk og tung prosess som gjer valet om abort litt enklare. Vi vil ta vare på fridomen til kvinner i ein sårbar situasjon. Dette handlar om å la kvinner bestemme om sin eigen kropp, seier ho.

Hartvigsen peikar på at eit foster på 18 veker ikkje er levedyktige. Helsedirektoratet antek at friske fostre er levedyktige etter 21 veker og seks dagar.

Unge Høgre er ikkje samd i å utvide abortgrensa, fordi dei meiner at dagens lovverk fungerer godt.

– Abortlova er eit døme på eit politisk kompromiss i ei etisk vanskeleg sak, seier Svenneby.

KrF ønskjer verken å utvide abortgrensa eller innføre aktiv dødshjelp.

– Ein set sårbare menneske på slutten av livet i ein situasjon der det ikkje er plass for dei. Ein skaper mindre rettsvern for barn i mors liv. Kor blir menneskets verdi av i framtida i norsk politikk, spør Bollestad.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger