Hopp til innhold

Ungdom som skal på utveksling får heilt ulike vaksinesvar

Nokre kommunar vaksinerer ungdom på 16 og 17 år fordi dei skal på utveksling. Det skaper forskjellar, i tillegg til å vere stikk i strid med dei nasjonale retningslinjene.

Isak Hunnes og Aurora Skåre øver på franske gloser før avreise til utvekslingsåret i Frankrike.

Aurora Skåre og Isak Hunnes pugger gloser på Det franske instituttet i Oslo. Dei tek forkurs før det skal flytte til Frankrike. Men berre ein av dei er vaksinert.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

– Då me ringde den 20. juli, så fekk me beskjed om at dei hadde begynt å vaksinere ungdom som skal på utveksling, noko eg synest er ein bra ting. Så me var raske, og eg fekk første dose allereie 23. juli, fortel Isak Hunnes frå Kristiansand.

17-åringen har dermed fått første dose av koronavaksinen, sjølv om han ikkje skulle hatt det. Vaksinereglane seier at det berre er nordmenn over 18 år som skal få ein slik vaksine.

Aurora Skåre skal gå akkurat det same programmet som Isak, men kjem frå ein anna kommune. Dermed er det også andre reglar som gjeld. I Skåre sin heimkommune, Ås, var det berre stengde dører.

– Mor mi sende e-post, og me fekk ganske klar beskjed om at eg ikkje kom til å få vaksine. Men i løpet av sommaren har det blitt letta litt på reglane, så då tenkte eg at me kunne prøve ein gong til. Men me fekk til svar at svaret frå mai framleis er gjeldande, fortel Skåre.

Isak Hunnes og Aurora Skåre øver på franske gloser før avreise til utvekslingsåret i Frankrike.

Det blir øvd på franske gloser, og snart skal det dei lærer settast ut i praksis. Dei to ungdommane er modige som flytter til eit framand land, utan å kjenne til språket frå før.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Kristiansand har snudd i sin praksis

Dei tek eit forkurs i fransk før dei skal reise på utveksling, og rundt halvparten av ungdommane har fått vaksine, mens den andre halvparten har fått negativt svar.

Det kan føre til at dei som ikkje er vaksinerte ikkje kan vere med på alle sosiale aktivitetar som ventar nede i Frankrike, kor det er innført koronapass.

Kristiansand kommune opplyser til NRK at vaksinen som Isak Funnes fekk var eit av veldig få unntak, og at det denne veka er gitt tydeleg beskjed om at ingen 16- og 17-åringar skal få vaksine.

Dermed følger Kristiansand no dei nasjonale retningslinjene, slik som også Ås kommune gjer. Men ein ringerunde NRK har gjort viser at andre kommunar held fast på Kristiansand sin tidlegare praksis.

Stavanger og Bergen har ikkje snudd

Stavanger og Bergen er blant kommunane som har vaksinert ungdom på 16 og 17 år som skal på utveksling.

– Det gjeld ytst få, og berre om dei har ein spesielt god grunn. Som til dømes om dei skal på utveksling til eit land dei elles ikkje ville fått innreise til, seier smittevernoverlege i Stavanger kommune, Ruth Midtgarden.

Ho understrekar at det aldri har blitt gitt vaksine til nokon under 16 år, og at det ikkje er sagt ja til å gjere unntak før vaksinasjonsprogrammet er fullført. Dermed er heller ikkje vaksinasjonsprogrammet i Stavanger påverka av dette.

Det same gjeld i Bergen, der assisterande smittevernoverlege, Kjell Haug, forsvarer at kommunar kan gjere lokale tilpassingar.

Kjell Haug, assisterande smittevernoverlege i Bergen kommune

Assisterande smittevernoverlege i Bergen, Kjell Haug, meiner kommunane må kunne gjere eigne vurderingar i slike tilfelle.

Foto: Universitetet i Bergen

– Dette dreier seg om eit lite tal på elevar i vidaregåande skule, og smittesituasjonen i landet dei skal til kan vere ganske ulik enn i Noreg. Så difor ser me det som viktig at desse er vaksinerte før dei reiser ut, seier Haug.

Han meiner Folkehelseinstituttet (FHI) bør vurdere dei nasjonale reglane på nytt, og at det bør vere mogleg for kommunar å gjere vurderingar lokalt.

– FHI kjem med nasjonale retningslinjer, og det skjønner eg er ein ganske setting enn i kommunane. Me må ta stilling til dei konkrete tilfella me møter. Og då går det av og til på tvers av dei generelle retningslinjene FHI har, seier Haug.

FHI: – Svært uheldig

Men hos FHI er dei ikkje einige, og dei meiner alle kommunar burde halde seg til det felles sett for reglar som finst.

– Det er svært uheldig at kommunane bryt dei reglane som er gitt for det nasjonale vaksinasjonsprogrammet. Me har ikkje mykje til overs for det, seier fagdirektør i FHI, Frode Forland.

Frode Forland forklarer på pressekonferanse

Fagdirektør i FHI, Frode Forland, meiner kommunane ikkje bør bryte rekkefølga i det nasjonale vaksinasjonsprogrammet.

Foto: terje pedersen

Han seier at FHI ikkje er ferdig med å rekne på ulempene og fordelane vaksinering av ungdom under 18 år vil ha. Derfor har dei ikkje bestemt endå om ungdom under 18 år skal få tilbod om vaksine.

– Det vil nok føre til at dei det gjeld føler seg urettvist behandla, og at ein bruker vaksinar på ei gruppe som ikkje er prioritert og at dei dermed kjem lengre bak i køen, seier Forland.

I Noreg er reglane at alle som fyller 18 i løpet av 2021 skal få tilbod om vaksine. Om det skal opnast for vaksinering av ungdom ned til 16 år skal vurderast på ny seinare, seier FHI.

Kan komme endringar i september

Kva reglar som skal gjelde er det til sjuande og sist politikarane som bestemmer. Men i departementet lener dei seg på FHI sine faglege vurderingar, opplyser statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Saliba Andreas Korkunc.

– Regjeringa følger anbefalinga til Folkehelseinstituttet om kven som skal få tilbod om vaksine. Me planlegg å tilby 16- og 17-åringar koronavaksine, etter at befolkninga over 18 år er fullvaksinert, skriv Korkunc i ein e-post via departementets kommunikasjonsrådgjevar.

Statssekretæren skriv også at det skal takast ei ny vurdering av reglementet i september.

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse følger opp vidaregåande elevar som skal til utlandet. I tillegg til Frankrike er det også elevar som reiser til United World College over heile verda.

– Me er i dialog med kunnskapsdepartementet, og dei er kjent med problematikken. Men verken me eller kunnskapsdepartementet har mandat eller myndigheit i denne saka, så me held oss til det helsestyresmaktene bestemmer, seier Nina Corinne Handing i direktoratet.

For dei elevane som skal til Frankrike kan det likevel løyse seg på relativt kort sikt, fordi det ser no ut til at franske helsestyresmakter kjem til å tilby også norske elevar ein vaksine.

AKTUELT NÅ