Ulykka skjedde langs fylkesveg 465 nær Åmot fredag kveld. Politiet vart varsla om ulykka ved 22.45-tida.
Nokre timar seinare kom meldinga om at mannen var død.
– Det vi veit førebels er at han har køyrt frå Kvinesdal sentrum. I ein sving rett før Åmotsbrua har han mista kontrollen og køyrt av vegen, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Ingrid Mæhre til NRK.
Skal gjere fleire avhøyr
Det er førebels ikkje noko som tyder på at andre køyretøy har vore blanda inn i ulykka.
– Han har vore aleine, seier Mæhre.
Laurdag held politiet fram etterforsking for å prøve å finne årsaka til at mannen køyrde av vegen.
– Vi skal avhøyre personar som han var saman med før hendinga og eventuelle vitne som har gjort observasjonar, seier operasjonsleiaren.
Opnar menighetshus
Kriminalteknikarar og teknikarar frå Statens vegvesen har undersøkt ulykkesstaden.
– No gjenstår det å undersøke ATV-en nærare. Den er taua inn og sett i forvaring hos oss for å gjere nærare undersøking av den, seier Mæhre.
Menighetshuset i Kvinesdal er opna etter ulykka, og kommunen sitt kriseteam er varsla.
– Rutinemessig når vi har hendingar som dette på ein liten stad, så varslar vi kommunen sitt kriseteam. Her er Kvinesdal kommune veldig gode. Dei vil stille opp med personell for å vareta personar som kan ha behov for samtale eller støtte, seier Mæhre.