Hopp til innhold

Unesco fryktar museumsdød på grunn av korona

Kvart åttande museum i verda kan kome til å stenge for godt på grunn av koronapandemien. Det viser undersøkingar Unesco har gjort.

Rijksmuseum i Amsterdam

STENGDE DØRER: Turistane må snu i døra på Rijksmuseum i Amsterdam. Museet har halde stengt på grunn av koronapandemien. Ifølge Unesco taper museet opp mot 25 millionar kroner i månaden på stenginga.

Foto: PIROSCHKA VAN DE WOUW / Reuters

Tysdag kom meldinga om at Noregs nest største kunstmuseum, Kode i Bergen, er i akutt pengenaud på grunn av Covid-19-tiltaka til styresmaktene. Dei står i fare for å gå konkurs i oktober om dei ikkje får tilført pengar.

Men kunstmuseet i Bergen er langt frå aleine om å ha problem.

Undersøkingar Unesco og den internasjonale museumsorganisasjonen Icom har gjennomført, viser at 90 prosent av musea i verda, rundt 85.000 institusjonar, har stengt midlertidig å grunn av pandemien.

Samtidig viser tala at kvart åttande museum står i fare for å måtte stenge permanent.

– Dette er urovekkande opplysningar, seier assisterande generaldirektør for kultur i Unesco, Ernesto Ottone Ramirez, til nyheitsbyrået Associated Press (AP).

Ernesto Ottone Ramirez

Assisterande generaldirektør for kultur i Unesco, Ernesto Ottone Ramirez, er uroa for framtida til mange museum i verda.

Foto: MARTIAL TREZZINI / EPA

Store museum tapar stort

Ifølge Unesco rammar krisa Latin-Amerika særleg hardt. Her er 99,4 prosent av musea stengde.

– Det vil seie at vi har eit heilt kontinent som er stengt. Det er første gong i historia, og det vil vere vanskeleg å kome seg gjennom denne krisa for desse institusjonane, seier Ottone.

Dei store institusjonane i byar som Paris, Amsterdam og Wien har tapt opp mot 80 prosent av inntektene sine dei siste vekene, ifølge kartlegginga. Det vil seie millionar av kroner i veka.

KODE 1 i Bergen

Kunstmuseet Kode i Bergen kan gå konkurs i oktober om dei ikkje får pengar frå staten. Museet har hamna utanfor krisepakkane til regjeringa fordi dei har meir enn 60 prosent offentleg finansiering.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Musea er avhengige av tilføring av nye pengar for å kunne overleve seier Icom-president Suay Aksoy i ei pressemelding.

– Vi er sikre på at profesjonelle museum er i stand til å møte utfordringane Covid-19-pandemien gir. Men museumssektoren klarer ikkje å overleve utan støtte frå offentlege og private aktørar.

Opningar gir håp

Med reiserestriksjonar i fleire land, kjem ikkje dei store turiststraumane mange stader denne sommaren. Samtidig gir ei gradvis opning av fleire turistattraksjonar i Europa eit håp om lysare tider.

Fire museum som opna i Berlin i førre veke hadde 10.000 besøkande. Det er rundt 43 prosent av fjorårsnivået den same veka. Publikum måtte kjøpe billettar til bestemte tidspunkt for å avgrense kor mange som var inne samtidig.

Turister på Akropolis etter gjenåpning i mai.

Turistane er tilbake på Akropolis i Athen etter at Hellas har opna fleire av dei historiske stadene i landet.

Foto: ALKIS KONSTANTINIDIS / Reuters

I Italia har enkelte mindre museum og galleri opna. Det er foreløpig uvisst når dei større turistattraksjonane i Firenze, Roma og Vatikanet kan opne igjen.

Også i Frankrike ventar dei med å opne museum som Louvre og Pompidou-senteret.

Hellas har opna fleire kulturminne som Akropolis. Det er venta at fleire greske museum skal opne seinare i sommmar.

AKTUELT NÅ