Hopp til innhold

Ufoen som forsvann

Det amerikanske forsvaret må gjenopne UFO-prosjektet dei la ned i 1969. Det meiner ei gruppe tidlegare flygarar, militære og politikarar.

Asbjørn Dyrendal

Kor trur du til dømes at datamaskina di kom frå? Den kunne vi jo umulig ha oppfunne på eiga hand. Nei, den kom frå romskip, seier Asbjørn Dyrendal spøkefullt.

Foto: Eeg, Jon / SCANPIX

Ufoen er ikkje død.

Folk har alltid vore opptekne av det ukjende, og TV-seriar som X-Files og Roswell er med på å auke interessa for både ufoar og liv på andre planetar. Den amerikanske presidentkandidaten Dennis Kucinich stadfesta nyleg at han har sett ein ufo.

- Ja, eg såg ein ufo. Det var eit uidentifisert objekt, okei? sa Kucinich på direktesendt fjernsyn. Han forsvarte seg med at president Jimmy Carter også har sett ein UFO, men vart likevel latterleggjord i ettertid.

Men for enkelte er dette blodig alvor. Ei gruppe tidlegare flygarar, militære og politikarar ber militæret i USA om å etterforske ufo-fenomenet igjen.

Dei vil gjenopne eit "X-Files"-aktig prosjekt som vart nedlagt for 40 år sidan, sa dei på ein pressekonferanse i Washington DC denne veka.

Vil gjenopne ufo-gransking

- Hendingar som dette går ikkje vekk. Vi vil ikkje at dei amerikanske styresmaktene skal late som om at slike hendingar kan forklarast. Vi vil at USA skal gjenopne dei granskingane som vart stengde i 1969, seier Fife Symington, som er tidlegare guvernør i Arizona.

Granskingane han snakkar om det såkalla Blue Book-prosjektet, som vart drive frå kring 1950. Heile 12.618 meldingar om ufoar vart granska. Konklusjonen på prosjektet var at ingen av ufoane var frå det ytre rom.

I 1997 såg Fife Symington og hundrevis av andre ein gjenstand med enormt kraftig lys som svevde på himmelen nær Phoenix.

- Konspirasjonsteoriar

- Det har etablert seg ein tradisjon i USA for å kople uidentifiserte lysfenomen, styresmakter som opererer bak lukka dører og moglegheita for liv i det ytre rommet, seier religionsvitar på NTNU Asbjørn Dyrendal, som også sit i leiinga i foreininga Skepsis.

- Skeptikarane vil gjerne granske ukjende fenomen. Det treng jo ikkje å vere noko så far out som utanomjordisk liv. Det kan vere mange fenomen vi ikkje veit noko om der ute.

- Men førsteamanuensisen i meg, som sit og slit med tronge budsjett, lurer på om det er dette vi bør setje pengene våre på. Og det er eg ikkje så sikker på, seier Dyrendal.

Han seier at det finst svært mange ulike konspirasjonsteoriar kring ufo-fenomenet.

- På 70-talet då vi fekk Opec og oljemangel og dyrare olje, så kom teorien om at styresmaktene skjulte prinsippet om gratis energi, som ufoane hadde kome med.

- Teorien er at "dei" skjuler alt det vi føler at vi treng, som ny teknologi, som dei har fått frå ufoar. Kvar trur du til dømes at datamaskina di kom frå? Den kunne vi jo ikkje ha oppfunne på eiga hand. Nei, den kom frå romskip, seier Dyrendal spøkefullt.

- Vi såg ufo

På ein pressekonferanse i presseklubben i den amerikanske hovudstaden denne veka fortalde fleire eks-militære om nærkontakt av tredje grad:

- Då vi kom opp på sida av det trekanta skipet, var det blått og gult lys som svirra rundt utsida, som om det var ein del av overflata. Lufta var elektrisk ladd, seier James Penniston, ein pensjonert amerikansk flygar som kom over eit slags fartøy som hadde landa i Sør-England for mange år sidan.

UFO i Vinje

Ein UFO observert i Vinje fanga på foto av ein amatørfotograf.

Foto: Amatørfoto: Ivar Apeland

- Blinka intenst

- Vi var på eit Air France-fly i 1994 då vi såg ein ufo i dagslys nær Paris, seier Jean-Claude Duboc, pensjonert Air France-flygar.

- Vi kom mot objektet, som blinka med intenst raudt, grønt, oransje og blått, seier general Parviz Jafari, ein pensjonert iransk flygar som såg ein ufo over Teheran i 1976.

- Jafari flaug eit jetfly mot gjenstanden, men instrumenta hans slutta å fungere. Hendinga er godt dokumentert, men Jafari fekk aldri svar på kva han hadde sett.

- Ikkje frå andre planetar

Ronald Reagan og Jimmy Carter skal også ha sett ufoar, men Carter trur ikkje på romvesen.

- Som peanøttbonde i Florida såg eg og kring 25 andre noko på himmelen. Det skifta farge og flaug gjennom lufta. Men eg trur ikkje at det er folk frå andre planetar, sa Jimmy Carter nyleg.

John Callahan jobba for amerikanske flystyresmakter på 80-talet. Han fortel at ein japansk flykaptein såg ein ufo i 1987, men at det vart halde skjult.

Prosjektet blir ikkje opna

- Han såg ein stor ball med lys rundt, og det var fire gonger så stort som ein Boeing 747. Men i rapportane som kom, hadde dei fått kapteinen til å endre forklaring, seier John Callahan.

Men trass i at gruppa hans har sett ufoar og ynskjer etterforsking, nektar det amerikanske militæret å gjenopne det gamle Blue Book-prosjektet.

AKTUELT NÅ