Hopp til innhold

Selskap tilbyr ungdom sjukehusreiser til Afrika: – Helsesafari til utviklingsland

Eit dansk selskap tilbyr ufaglært skandinavisk ungdom å skugge helsepersonell på sjukehus i Afrika for å lære meir om yrket. Den norske jordmorforeininga er kritisk til opplegget.

SKJERMDUMP: Try Medics

SAFARI: Selskapet reklamerer mellom anna med at ungdommane får delta på safari, når dei ikkje er på observasjonspraksis på sjukehus. Biletet er ein skjermdump av ein promovideo som Try Medics har lagt ut på YouTube.

Foto: SKJERMDUMP / Try Medics

– I det du tar på deg ein sjukepleiaruniform så har du ein slags autoritet. Pasientane kan ikkje skilje om det er helsepersonell som kjem inn til dei, eller om det er turistar, som me vil kalle det, seier Kari Aarø, leiar i Den norske jordmorforeininga.

Ho er kritisk til konseptet der ufaglært ungdom reiser til utviklingsland for å observere korleis det er å arbeide på sjukehusa der.

No vil ho gå saman med den danske jordmorforeininga og be den internasjonale jordmororganisasjonen om hjelp til å sette ein stoppar for praksisen.

– Dei må påverke lokalt og sette fokus mot dei etiske refleksjonane rundt korleis dette tenar pasientane.

Kari Aarø

HELSESAFARI: Kari Aarø, leiar i Den norske jordmorforeininga, synest opplegget til Try Medics minner om helsesafari.

Foto: Kjetil Rydland

Det var Bistandsaktuelt som først omtalte saka.

Får observere operasjonar og fødslar

I fleire år har det danske firmaet Try Medics sendt såkalla «pre-studentar» frå Noreg, Sverige og Danmark til Zanzibar og Uganda. Dette er ungdommar som vurderer å ta utdanning innan helsefag som medisin, sjukepleie, tannlege, fysioterapi eller jordmorfaget. Gjennom programmet får dei bli med ein helsemedarbeidar på jobb og sjå korleis arbeidsdagen deira er. Dei får vere til stades under fødslar, operasjonar og andre medisinske undersøkingar. Dette er, ifølgje selskapet sjølv, for at ungdommane skal få verdifull erfaring og samstundes bli sikker i deira framtidige studieval.

For fire veker kostar det 26.750 norske kroner å delta. Inkludert i prisen er ein rekke aktivitetar som skal gje eit innblikk i afrikanske kulturar og tradisjonar, som til dømes søndagsturar i kyrkja og dyresafari.

NRK har kontakta fleire som har deltatt på programmet, men ingen ville stille til intervju. På nettsida sin reiseblogg skildrar deltakarane opplevinga som både lærerik og verdifull. Dei skriv om sterke møter med pasientar, om sjukehus med avgrensa ressursar og helsepersonalet som får det til å gå rundt, og om helgeturar til eksotiske reisemål.

– Me ser dette som helsesafari, seier Aarø.

Men ho påpeikar at det ikkje er ungdommane som burde få kritikk.

– Det er selskapet som tener pengar på sårbare menneske i andre land.

Ho får støtte frå Svein Aarseth, leiar i rådet for legeetikk.

– Opplegget skaffar nok nokre økonomiske midlar til sjukehuset, men særleg dei første dagane vil helsepersonell vere med å rettleie dei besøkande. Eg vil tru dei har meir enn nok å gjere med å ta seg av pasientar, og me må ikkje gløyme at sjukehuset er til for pasientane si skuld, seier han.

Svein Aarseth

KRITISK: Svein Aarseth, leiar i rådet for legeetikk, seier det er vanskeleg å forsvare at eit selskap kan tene pengar på sårbare menneske.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

– Ville ikkje vore lov i Noreg

Også professor i samfunnsgeografi, Jemima García-Godos, meiner slike opplegg er problematiske.

– Dette ville aldri vore lov i Noreg, så kvifor skal det vere lov i utviklingsland?

García-Godos underviser i utviklingsstudium på Universitetet i Oslo. Ho var ikkje kjend med Try Medics då NRK tok kontakt, men seier ho reagerte med vantru då ho høyrde om opplegget.

– Dei utnyttar nysgjerrigheita og idealismen hos ungdom.

Ho seier at sjølv om Try Medics kanskje ikkje har oppretta programmet med hensikt til å trenge seg i folks mest sårbare situasjonar, så meiner ho det ikkje er bygd på ein etisk forsvarleg måte.

– Helsesafari høyrest nesten for snilt ut. På safari sit ein i ein bil og observerer dyr frå avstand. Her snakkar me om situasjonar som er veldig intime, personlege og private, der ufaglærte kjem tett på for å glo på det som skjer.

Ho seier slumturisme kan vere ei passande skildring, sidan det er snakk om ein

Samfunnsgeograf

REAGERER: Professor i samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo, Jemima García-Godos, meiner konseptet ikkje er etisk forsvarleg.

Foto: UiO

opplevingstur der opplevinga er sårbare menneske i fattigare land.

Slumturisme er ikkje uvanleg, men er omdiskutert. Ein av dei som har forska på temaet, er danske Tore Elias Harsløf Holst. Han var heller ikkje kjend med opplegget til Try Medics på førehand, men meiner at kritikken mot slumturisme også kan rettast mot Try Medics, som reklamerer for opplegget som ein kombinasjon av strandferie og legepraksis.

– Dei som er kritiske ser turisme som noko som handlar om fritid og moro, basert på eit overskot av pengar i det globale Nord. Dette koplast så til alvorlege opplevingar. Desse alvorlege opplevingane blir ein leik som turistane kan reise heim frå etter enda ferie, i motsetnad til bebuarane i det globale Sør, som lever i den verkelegheita som turistane forbruker som ein leik, seier Holst.

Men han trur ikkje at ungdommane tar lett på opphaldet og det dei opplever der. Difor må kritikken heller rettast mot industrien som formidlar kontakten mellom ungdommane og sjukehuset.

Meiner kritikken byggjer på antakingar og fordommar

Oliver Andersen, grunnleggar av Try Medics, ville ikkje stille til intervju, men svarar på NRK sine spørsmål via e-post.

Han er ikkje einig i kritikken som desse aktørane rettar mot opplegget, men meiner at utsegnene er basert på antakingar og fordommar som er nedverdigande for dei tilsette ved sjukehusa i Uganda og på Zanzibar.

«Det er dyktig personale som har pasientanes ve og vel som første prioritet. Pasienten blir alltid vektlagt høgare enn praktikantprogrammet. Skulle det oppstå situasjonar det der ikkje er ønska at dei reisande er til stades, blir dette respektert. Praktikkens karakter blir ikkje skjult overfor pasientane.

Påstanden om at me misbrukar ressursar som burde bli brukt på pasientane, meiner me manglar kjennskap til sjukehusa me samarbeider med. Me samarbeider primært med private sjukehus, som er avhengige av tilfredse betalande pasientar. Økonomisk er programmet underordna i forhold til dei økonomiske fundamenta ved sjukehusa. Dersom sjukehusa meinte programmet var til hinder for at personalet kunne passe på deira daglege arbeid, ville ikkje samarbeidet fungere. Me er avhengige av at sjukehusa og personale ser eit positivt bidrag i programmet.»

Han meiner det er fleire positive ringverknader av opplegget deira. Han skriv det har skapt jobbar i Uganda og på Zanzibar. I tillegg er det ei inntektskjelde for sjukehusa og personalet som dei samarbeider med, og for dei som arbeider ved lokale turistattraksjonar.

Han skriv og at det er svært lærerikt for deltakarane, som får teoretisk undervisning i medisinske emne under opphaldet.

«Vår erfaring frå pre-studentane, som i etterkant har starta på helsefaglege utdanningar, er at dei føler seg betre budd på studieløpet og praksisen dei skal gjennom.»

Viktig erfaring

Både Aarø og Aarseth seier dei ser verdien av slike utanlandsopphald under eit studieløp, men meiner at slike opphald burde skje via utdanningsinstitusjonen som studenten er ein del av.

– Det er altfor mange uheldige faktorar ved dette opplegget. Det kan vere nyttig for ungdommane å få informasjon om at dei i andre land har det verre enn oss, men ikkje på denne måten, seier Aarø.

AKTUELT NÅ