Hopp til innhold

UD om heimreise til Noreg: – Vindauget vil kome til å lukke seg snart frå mange land

Nordmann i koronakarantene i utlandet om informasjon frå norske myndigheiter: – Dei har praktisk talt vore fråverande.

yrCcAz31UtQ

STENGT: Peruansk politi held vakt utanfor den mililære flyplassen i Lima i Peru. Landet er eit av mange som har innført portforbod og strenge reiserestriksjonar den siste veka.

Foto: STRINGER / Reuters

For kvar dag som går vert det stadig vanskelegare for nordmenn som oppheld seg i utlandet å komme seg heim.

– Vindauget for retur til Noreg frå mange land vil komme til å lukke seg i relativt nær framtid, seier konsulærsjef i Utenriksdepartementet Thomas Stangeby

Reiserestriksjonar og kansellerte flygingar fører til skyhøge prisar for flybillettar.

Norske styresmakter vil ikkje ha moglegheit til å sikre at alle norske borgarar på reise umiddelbart kan returnere til Noreg, opplyser UD.

– Det er ikkje slik at ein har rett til å bli henta heim til Noreg, men vi ønsker jo sterkt å bidra til at alle nordmenn kan reise trygt heim til Noreg, seier Stangeby.

Han fortel at UD i førre veke fekk meir enn 10 000 førespurnader om situasjonen frå norske statsborgarar i utlandet og deira pårørande på både e-post og telefon.

Regjeringa har derfor inngått eit samarbeid med SAS, Norwegian og Widerøe for å få norske statsborgarar heim.

Leder for operativ leder i Utenriksdepartementet, Thomas Stangeby.

VIL HJELPE SÅ MANGE SOM RÅD: Konsulærsjef i Utenriksdepartementet Thomas Stangeby.

Foto: Thomas Stangeby

Kritiserer informasjonsarbeidet til UD

Fredrik Kaltenborn meiner norske myndigheiter ikkje har gitt dei god nok informasjon.

– Dei har praktisk talt vore fråverande, seier han.

Han og kona Inger Kristine Kaltenborn reiste til Peru 4. mars. No sit dei innestengt på flyplasshotellet i Lima på ubestemt tid.

– Då vi kom hit var ikkje korona noko tema, ti dagar seinare sat vi i karantene, seier Fredrik Kaltenborn.

Hotellet og parkeringsplassen utanfor er innegjerda. Ved inngangane står det væpna politi og soldatar, fortel Fredrik Kaltenborn.

Fredrik og Inger Kristine Kaltenborn sitter fast i Peru.

KORONAFAST: Fredrik Kaltenborn og Inger Kristine Kaltenborn sit i karantene på hovudflyplassen i Lima i Peru.

Foto: Privat

Portforbod og stengde grenser

Peru er under portforbod. Alle kommersielle flygingar inn og ut av landet er kansellert. Grensene er stengde.

– Hadde vi i det heile tatt tenkt på eller fått signal om at dette kunne skje før vi reiste, så hadde vi kutta ut heile turen, seier Fredrik Kaltenborn.

På flyplasshotellet var det tidlegare fleire personar frå mange andre land. No er det nesten berre skandinavar igjen, fortel Kaltenborn.

FOXUxvh9hyw

PORTFORBOD: Fuglar har tatt over Agua Dulce stranda i Lima, som til vanleg er full av folk.

Foto: Martin Mejia / AP

Redde for å bli sjuke

Fredrik og Inger Kristine Kaltenborn har begge helseproblem som gjer at dei er i risikogruppa for å bli alvorleg sjuke av koronavirus.

Ho går på blodfortynnande på grunn av hjarteflimmer. Han har høgt blodtrykk.

Fredrik har fått medisinane han treng frå det lokale apoteket, medan Inger Kristine Kaltenborn berre har medisinar for to veker fram i tid.

– Vi er veldig bekymra for å bli sjuke, seier Fredrik Kaltenborn.

Ambassaden jobbar med å evakuere nordmenn

Kaltenborn har vore i kontakt med den næraste norske ambassaden, som ligg i Chile.

Nyleg fekk dei beskjed gjennom e-post om at ambassaden prøvar å skaffe plass til nordmenn i landet på evakueringsflygingane som andre europeiske land har arrangert.

I e-posten skriv ambassaden at nordmenn i landet likevel må forberede seg på å bli verande i landet på ubestemt tid.

Kaltenborn understrekar at ambassaden i Chile har gjort det dei kan, men at det har kome svært lite informasjon om korleis dei kan kome seg heim.

– Eg har vanskar med å skjønne at dei ikkje klarar å informere oss på ein betre måte, seier Fredrik Kaltenborn.

Ekteparet forstår at situasjonen er krevjande for norske myndigheiter og at det er eit verdsomspennande problem, understrekar Kaltenborn.

Trude Måseide

STORT PRESS: Trude Måseide, kommunikasjonssjef i Utanriksdepartementet fortel at dei får rundt 1500 telefonar dagleg som følgje av koronaviruset.

Foto: Regjeringen.no

– Krevjande og komplisert arbeid

– Vi har stor forståing for at dette er ein krevjande situasjon for reisande i Peru, seier kommunikasjonssjef Utenriksdepartementet Trude Måseide.

Ho fortel at ambassaden i Santiago har god oversikt over nordmennene som oppheld seg i Peru, og at ambassaden sender oppdatert informasjon til de reisande så ofte det lar seg gjere.

Norske myndigheiter samarbeider med andre nordiske land og EU om å hente heim flest mogleg. Reiserestriksjonane i Peru og mange andre land gjer arbeidet krevjande.

– Det er et krevjande og komplisert arbeid som tar tid, seier ho.

  • Nordmenn på reise i utlandet kan når som helst ringe UD sitt operative senter på telefon +47 23 95 23 95 og sende e-post til 247@mfa.no.

AKTUELT NÅ