Hopp til innhold

Tyskland skal brenne kol for å takle russisk gassknipe

Russland reduserer gasseksporten og Europa må omstille seg. For å førebu seg på vinteren skal Tyskland brenne kol. – Det er bittert, seier den tyske næringsministeren.

GERMANY/ Houses are pictured in front of the coal power plant of German utility RWE Power near Niederaussem

ALVORLEG: For å kunne hamstre gass til vinteren skal Tyskland generere meir energi med kol. – Situasjonen er alvorleg, seier næringsminister Robert Habeck.

Foto: INA FASSBENDER / Reuters

Onsdag sist veke reduserte det russiske energiselskapet Gazprom gassforsyningane gjennom røyrleidninga Nord Stream med nærmare 65 prosent.

Nord Stream er ein av dei viktigaste leidningane for import av gass til Europa.

Frankrike, Tyskland, Italia, Austerrike og Slovakia har alle blitt hardt råka.

Søndag melde tyske styresmakter at dei har sette i gang naudtiltak.

– Det er bittert, men vi må ta i bruk meir kolkraftverk i ein overgangsperiode for å lagre så mykje gass som vi kan, seier næringsminister Robert Habeck til Bloomberg.

Kol blir rekna som den mest forureinande energikjelda som er i bruk.

suT0YAKB63Y

I Lubmin er det Tyskland mottar gass frå Russland gjennom leidninga Nord Stream.

Foto: HANNIBAL HANSCHKE / Reuters

Meiner Russland pressar Europa

Ifølge russiske styresmakter skuldast reduksjonen i Nord Stream tekniske utfordringar, der dei ikkje får tak i nytt utstyr grunna vestlege sanksjonar.

Tyskland på si side ser reduksjonen som politisk motivert og meiner det heng isaman med auka europeisk støtte til Ukraina.

Denne veka var statsleiarane frå Frankrike, Tyskland, Italia og Romania alle til stades i Ukraina for å gi si støtte til landet.

Samlinga var truleg det høgste profilerte besøket i Kyiv sidan Russland invaderte Ukraina.

Fredag fekk også Ukraina formell status som kandidatland til EU.

XuK7U5FlhKk

Statsleiarane frå Frankrike, Tyskland, Italia og Romania var alle på besøk hos Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj i Kyiv denne veka.

Foto: LUDOVIC MARIN / Reuters

Tærer på lager

På same tid har gassflyten gjennom Nord Stream gått kraftig ned.

Trass i at Noreg eksporterer gass til Europa i harde monn, har europeiske land denne veka måtte tære på gasslagera, ifølge Bloomberg. Det er første gong lagringsnivåa gjekk nedover sidan april i år.

Vanlegvis nyttar mange land i Europa sommarhalvåret for å hamstre inn gass for vintersesongen, fortel gassanalytikar i Rystad, Sindre Knutsson.

– Dette er ikkje normalt, seier han.

Tyske lagringsnivå var søndag på veg opp att.

3rTUzy8hE-M

Astora i Tyskland er Europas største gasslager. Her lagrar Tyskland vanlegvis store mengder gass til vinterhalvåret.

Foto: FABIAN BIMMER / Reuters

Kolmarknaden allereie pressa

Tyskland er ikkje åleine om å måtte lene seg meir på kol i lys av usikkerheita.

Frå EU sentralt og Storbritannia har det tidlegare kome meldingar om at kolkraftverk kan måtte starte opp att.

Sidan nyttår har prisen på kol auka med om lag 250 prosent.

I tillegg til konsekvensane auka kolbrenning har for klimaet, er også spørsmålet om det er nok av forsyningar av kol der ute for augeblikket.

Ettersom Europa forsøker å sikre seg meir flytande gass, såkalla LNG, har fleire land i Asia gått tilbake til kol og dermed sikra seg mykje av dei kolforsyningane som er, fortel Knutsson.

Evonik Steags kullkraftverk i Bergkamen i Tyskland må stenge fordi de ikke får tak i kull.

Fleire kolkraftverk som denne i Bergkamen i Tyskland kan bli starta opp att.

Foto: imageBROKER/Hans Blossey / imageBROKER

– Dei viktigaste tiltaka kan dermed måtte vere å senke etterspurnaden, seier han.

Det kan bety rasjonering og nedstenging av industri.

Skulle all flyt av gass gjennom Nord Stream stoppe opp, vil Europa kunne gå fullstendig tom for gass allereie i januar, ifølge finanskonsernet Wood Mackenzie, skriv Bloomberg.

– Industrien ligg tynnast an idet ein må kutte. Det vil slå direkte ut på den europeiske økonomien, seier Knutsson.

QAOjtUxOFYs

Industri er truleg dei som må stenge om Europa slit med å dekke energiforsyninga. Her frå Europas største stålverk i Duisburg i Tyskland.

Foto: INA FASSBENDER / Reuters

MDG: – Eit kjempedilemma

I Tyskland sit partiet Dei Grøne no i regjering. Leiar for systerpartiet deira i Noreg, Une Bastholm (MDG), seier til NRK at ho trur det smertar for eit grønt parti å måtte auke forbruket av kol.

Støttemarkeringer for Ukraina

MDG-leiar Une Bastholm

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Ja, det gjer det jo. Det er eit kjempedilemma, ikkje berre for grøne parti i Europa, men alle som har forplikta seg til klimakutt, seier Bastholm.

Likevel forstår ho kvifor den tyske regjeringa vel å gå drastisk til verks.

– Når man har ei energikrise i Europa, og man ikkje har klart å omstille seg i forkant av Putins aggresjon, må man auke bruken av kol mellombels, seier Bastholm.

Samstundes meiner ho at ting ikkje ser like dystert ut på lengre sikt.

– Den store forteljinga er at Russlands invasjon har sat fart på den grøne omstillinga. Til dømes har Tyskland blikket festa på ein storstilt satsing på fornybar energi og energisparing. Både for å kutte utslepp men også for å frigjere seg frå Putins energi.

Tyskland har eit mål om at landet innan 2035 berre skal bruke straum frå fornybare kjelder. Bastholm meiner det burde få større plass i den norske politiske debatten.

– Ein ting er å auke gassproduksjonen på kort sikt, noko også MDG støtter. Men på 10-20 års sikt er biletet at land ynskjer å kvitte seg med fossil energi. Dermed er ikkje krisa i dag noko argument for å leite etter nye olje- og gassfelt på norsk sokkel.

AKTUELT NÅ