NRK Meny
Normal

Tyrkia tek kontroll over syriske skip

Statsministeren i Tyrkia stadfestar at dei vil stoppe all skipstransport med våpenlast som er på veg til Syria, for å stoppe den syriske presidenten sine overgrep på sivilbefolkninga.

UN-ASSEMBLY/ Turkish Prime Minister Tayyip Erdogan addresses the 66th United Nations General Assembly at U.N. headquarters, in New York

Den tyrkiske statsministeren, Tayyip Erdogan talte i hovudforsamlinga i FN fredag.

Foto: CHIP EAST / Reuters

Eit skip med syrisk flagg er allereie blitt stoppa av tyrkiske styresmaktar, og dei vil halde fram med å hindre all våpentransport til og frå Syria. Dette sa statsministeren i Tyrkia, Tayyip Erdogan, i ein tale i FN fredag kveld.

Skipet som vart stoppa er ikkje namngjeven, men vart stoppa i Marmara-regionen i Tyrkia, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

– Me har allereie teke ei avgjersle om å hindre alle skip på veg til Syria som transporterar våpen, sa Endrogan.

Det er ikkje første gong tyrkiske styresmakter har beslaglagt syriske skip. I august tok dei kontroll over eit skip lasta med våpen som var på veg frå Iran til Syria.

Tilhøvet mellom dei to muslimske landa har tradisjonelt vore nært og stabilt. Men den siste tida har styresmaktene i Tyrkia hatt ein tøffare tone overfor Syria. Årsaka er å hindre presidenten i Syria, Bashar Assad, i overgrepa regimet hans gjer mot sivilbefolkninga.

Tyrkia er Syria sin aller viktigaste handelspartnar, og det er knytt store forventningar til om Tyrkia vil innføre sanksjonar på handelen. Styresmaktene i Tyrkia har tidlegare sagt at dei ønskjer å hindre presidenten, og ikkje det syriske folket.

Energiministeren i Tyrkia stadfesta tidlegare denne veka at landet framleis vil eksportere kraft til Syria.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger