NRK Meny
Normal

Tvangssamanslåtte kommunar vil ikkje reversere

Senterpartiet held reverseringsfana høgt i valkampen. Men berre ein av dei ti tvangsgifte kommunane varslar at dei vil skiljast.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og Jan Tore Sanner (H)

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum og kommunalminister Jan Tore Sanner (H) diskuterte sentralisering under Arendalsuka.

Foto: David Vojislav Krekling / NRK

Etter ein lang og oppheita debatt i Stortinget i juni vart det fleirtal for å tvinge kommunar ihop. Senterpartiet og Arbeiderpartiet lovar å reversere samanslåingane om dei får regjeringsmakt. Men ordførarane er ikkje så interessert.

– Det er opp til kommunestyret, men eg kan ikkje sjå for meg at vi vil be om det, seier Astrid Margrethe Hilde (Ap), ordførar i Søgne. Kommunen vart tvangssamanslått med Kristiansand og Songdalen, og er allereie godt i gang med prosessen.

– Å reversere no vil vere komplisert og dyrt, understrekar ho.

Ordførar: – Vi er godt i gang med samanslåinga

Stortingsfleirtalet tok i bruk tvang i til saman ti samanslåingar. NRK har vore i kontakt med ordførarane som vart råka av dette.

I berre ei tvangssamanslåing varslar ordførarane no at dei vil be om reversering. Resten har førebels ingen planar om å gjere det same.

Ein av dei er Balestrand, som Stortinget har bestemt skal danne storkommune med Leikanger og Sogndal.

– Nei, det er ikkje aktuell politikk frå mi side, svarar ordførar Harald Norvald Offerdal (Ap), på spørsmål om Balestrand vil be om å få reversert tvangsvedtaket.

– No er vi godt i gang, er einige om ein avtale og har etablert ei fellesnemnd. Så eit initiativ til reversering kjem ikkje til å komme herifrå i hvert fall.

LES OGSÅ: NRK-gjennomgang av nei-kommunene: Preges av forgubbing og fraflytting

Heller ikkje frå Leikanger ligg det an til å komme eit krav om at stortingsvedtaket må reverserast.

– Nei. Det er det korte svaret, seier ordførar Jon Håkon Odd (Ap).

– Legg vekk reverseringsspøkelset

Jan Tore Sanner og Torbjørn Røe Isaksen på Andøya

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) meiner kommunane no må få ro i samanslåingsprosessen.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Senterpartiet har igjen og igjen snakka om å reversere tvangssamanslåingar og å lytte til lokalpolitikarane. Å løyse opp tvangsvedtak der folket ynskjer det. Førebels ser det berre ut til å gjelde Bindal og Leka.

– Vi har vært tydelige på at vi er sterkt uenige i tvangsvedtaket. Vi vil stå som en egen kommune, seier Per Helge Johansen (Sp) i Leka.

LES OGSÅ: Sanner: – Dette er en historisk dag

Kommunereformen har førebels redusert antal kommunar frå 428 til 354. Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) hevdar mangel på reverseringsvilje tyder på at konkurrenten har bomma.

– Sp og Ap må legge vekk reverseringsspøkelset. Å snakke om reversering er uansvarleg og vil skape store problem i dei aktuelle kommunane, seier Sanner.

Sp: – Skal ta dette med ordførarane i ro og mak

Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum er ikkje sikker på om ordførarane eigentleg seier det dei meiner om reversering.

Senterpartileder Trygve Slagsvold Vedum

Leiar i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum

Foto: Lotte Olsen Jessa / NRK

– Dei kjenner seg forplikta til prosessen. Mange av dei er slitne av heile tvangsdiskusjonen. Hvis vi får ansvar skal vi diskutere dette i ro og mak med dei, seier Vedum.

– Men bør ikkje ordførarane få ro no til å jobbe med samanslåingane som er sett i gong?

– Får vi regjeringsmakt, vil vi spørre kvar enkelte tvangssamanslåtte kommune om dei heller vil stå åleine. Vi skal strekke ut ei hjelpande hand, seier Vedum.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger