Tvangssamanslåing: Ordfører set sin lit til regjeringsskifte

Trass i nei i folkeavstemmingar og kommunestyrer må tretten kommunar belage seg på å bli tvangssamanslåtte. Ordføraren i Nærøy håpar eit regjeringsskifte vil kunne oppheve vedtaket.

På rådhuset i Rælingen ble det telt opp stemmer etter valget om kommunesammenslåing mellom Rælingen

Det har vore mange folkeavstemmingar om kommunesamanslåing dei siste par åra. Dette er frå Rælingen i april 2016. Innbyggarane her stemde nei til å slå seg saman med Skedsmo, Fet og Sørum.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Steinar Aspli

Sp-ordføraren Steinar Aspli håpar på eit regjeringsskifte ved haustens stortingsval.

Foto: Espen Sandmo/NRK

– Dette er kjempeviktige prosessar som vil ha stor betydning for både tilbod og utvikling i området, og noko ein må bli einige om lokalt. Det å få ei slik avgjersle tredd ned over hovudet er veldig negativt, seier Steinar Aspli, ordførar i Nærøy kommune, til nyheita om tretten tvangssamanslåingar.

Trass i at hans kommune har fatta positivt vedtak når det gjeld samanslåing med Vikna og Leka, er Sp-ordføraren kritisk til tvangssamanslåing.

– Ein merkeleg framgangsmåte

I Vikna synest ordførar Amund Hellesø (Ap) at det har vore det han omtaler som ein merkeleg framgangsmåte, med spelereglar som stadig blir endra.

– Det har jo vore ganske tydeleg tidlegare at der det eventuelt skulle bli brukt tvang var det i område der det var to kommunar som sa ja og ein kommune som sa nei. Slik er jo ikkje situasjonen i Ytre Namdalen, seier Hellesø.

Også han viser til haustens Stortingsval, sjølv om han ikkje vil forfekte noko klart standpunkt før han har snakka med kommunestyret. Hellesø understrekar også at han prinsipielt meiner at stortingsvedtak i utgangspunktet bør bli følgt.

Tom Myrvold, ordførar (H) i Ørland kommune, seier at han prinsipielt er imot tvangssamanslåing, men har budd seg på at dette ville kome.

Hadde sett det kome, men er likevel skuffa

Det hadde også ordførar i Leikanger, Jon Håkon Odd, men han er likevel skuffa.

– Eg er oppriktig skuffa over at vi ikkje vert høyrd, eg syns det er å halda politikarar og aller mest innbyggjarar for narr – å la oss gå gjennom alle desse prosessane med forhandlingar og informasjonsarbeid der vi engasjerer folk til å ta del i ei avgjerd, for å så berre køyre over det totalt på slutten fordi vi ikkje kom til same slutning som dei gjorde i sitt politiske prestisjeprosjekt, seier Leikanger-ordføraren som saman med Balestrand må førebu seg på ei tvangssamanslåing med regionsenteret Sogndal.

Jon Håkon Odd

Jon Håkon Odd, her med sine ordførarkollegaer i Sogn regionråd i haust.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Ordføraren i Haram, Vebjørn Krogsæter (Sp) er også skuffa over prosessen.

– Vi skulle ha ein kommunereform som skulle vere grunnlagt på lokaldemokratiske avgjerder. Så opplever vi at Venstre sel lokaldemokratiet for å få gjennomslag for ei regionreform som verkar meiningslaus, utan oppgåver og innhald.

No blir Haram slått saman med eit nytt stor-Ålesund beståande av Ålesund, Skodje, Sandøy og Ørskog.

Vil bygge ein kommune basert på gjensidig respekt

I Østfold er ikkje skuffelsen like stor. Her blir Spydeberg slått saman med Askim og Hobøl. Ordførar i Spydeberg, Petter Schou (H), seier at det har lege i korta ei stund, spesielt etter at fylkesmannen så sterkt anbefalte det. Spydeberg ligg midt mellom Askim og Hobøl som allereie samarbeider tett.

– Eg trur ikkje vi kan seie at vi blir Askim sin veslebror i ein ny kommune. Dette handlar om å bygge ein ny kommune med gjensidig respekt for kvarandre. Vi skal skaffe folk best moglege helsetenester og utnytte ressursane på best mogleg måte. Då speler det lita rolle om det er ein kommune på 6000 innbyggarar eller 16.000. Vi startar med blanke ark for å lage ein ny kommune med 40.000 innbyggarar.

Folkemøte i Spydberg

Frå eit folkemøte om kommunereform i Spydeberg. Ikkje mange nok lot seg overbevise. 67,8 % stemte for at Spydeberg skal bestå som i dag.

Foto: Lotte Olsen / NRK

I Akershus kom Fet, Skedsmo og Sørum fram til eit nei etter lange forhandlingar i fjor vår. Ordføraren i Skedsmo er forundra over nyheita om at dei no likevel kan bli slått saman. Fet-ordføraren vil ikkje kommentere det utover at dei vil innrette seg det om dette stemmer.

Mot ti regionar

I Vest-Agder vil Søgne bli tvangssamanslått med Kristiansand og Songdalen, og Lindesnes med Mandal og Marnardal. Ordførarane i begge kommunar steller seg avventande til den eventuelle tvangssamanslåing.

I Nordland ser det ut til at Evenes må vere med på ei samanslåing med Narvik, Ballangen og Tysfjord. Behovet for kunnskapssamfunnet rundt Evenes flystasjon og ønsket om ein sterk kommune i regionen kan gjere at stortingsfleirtalet vil ha med Evenes her.

Også når det gjeld regionar skal samarbeidspartia har kome til einigheit, sjølv om Frp foreløpig ikkje vil kommentere dette.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger