Hopp til innhold

Slik skjer tvangsreturen av ulovlege asylsøkjarar

Utlendingar som får avslag på asylsøknaden sin og ikke reiser ut av Noreg av fri vilje, blir tvangsreturnerte etter faste prosedyrar.

Politiets utlendingsinternat ved Gardermoen

Asylsøkjarar som ikkje får opphald i Noreg og bryt utreiseplikta, vert tvangsreturnerte med charter- eller rutefly frå Gardermoen flyplass.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Maria Amelie (25) har budd ulovleg i Noreg dei siste åtte åra, og vil om kort tid verta tvangsreturnert til opphavslandet Russland.

I Noreg er det Politiets utlendingseining (PU) som har ansvar for å gjennomføra alle tvangsreturar av utlendingar som ikkje har lovleg opphald i Noreg. Ansvaret for frivillige returar er overført til UDI.

PU vil ikkje uttala seg om detaljar kring tvangsdeportasjonen av Amelie, men har visse generelle prosedyrar som gjeld.

1. Identitet

Etter at ein person som oppheld seg ulovleg i Noreg er pågripen, er første steget å få avklart personen sin identitet.

I 2009 hadde færre enn fire prosent av asylsøkjarane pass då dei blei registrerte av PU. Dette skapar store utfordringar i politiet sitt arbeid med uttransportering.

Før norske styresmakter kan gjennomføra deportasjonen, må det aktuelle landet stadfesta at vedkommande er ein borgar der.

Heimlandet må i tillegg godta tvangsretur.

2. «Asylfengsel»

Medan identitet og andre formelle opplysningar vert klarerte, blir personen plassert på Trandum Utlendingsinternat, som er det einaste «asylfengselet» i Noreg.

Trandum ligg praktisk til, like ved Gardermoen Lufthamn der uttransporteringa skjer frå.

Meir enn 80 prosent av dei 3340 personane som blei tvangsreturnerte i 2009, var innlosjerte på Trandum.

Gjennomsnittleg interneringstid er på 3-4 dagar, og transittmottaket har ein reell kapasitet på 60-70 fangar.

Regjeringa tek no sikte på å utvida kapasiteten på Trandum med 50 ekstra plasser.

Politiets utlendingsinternat på Trandum

Politiets Utlendingsinternat på Trandum ved Gardermoen.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

3. Flyturen

Personen som vert tvangsreturnert, reiser åleine eller med følgje på eit charter - eller rutefly.

Ifølgje informasjonssjef Roar Hanssen i PU er det særleg to ting som avgjer om ein har eskorte med eller ikkje.

– Det kan vera av sikkerheitsomsyn, eller dersom personen må mellomlanda og byta fly på reisa til heimlandet sitt, opplyser han.

Ved ei mellomlanding skal ein representant for norske styresmakter følgja med og forvissa seg om at personen går om bord i neste fly.

4. Landing

Den tvangsreturnerte vert vanlegvis ikkje møtt av nokon representant for utlendingsstyresmakter i heimlandet sitt, fortel Hanssen i PU.

– Då er ein heime, og utanfor Noreg sitt ansvarsområde og system.

Stadfestinga på at personen faktisk er komen fram, får PU gjennom den ordinære registreringa av reisande som vert utført i passkontrollen.

Deretter står personen på eigne bein.

5. Gjeld

Om ein vert returnert med tvang, pliktar vedkommande å betala tilbake kostnadene ved uttransporten.

Personen må dekkja både eigne - og politiet sine utgifter i samband med reisa.

Manglande tilbakebetaling kan føra til at ein ikkje får innpass i Noreg dersom ein på eit seinare tidspunkt forsøker å ta seg inn i landet att.

Frivillig retur med organisasjonen International Organization for Migration (IOM) er gratis.

AKTUELT NÅ