NRK Meny
Normal

Tvangsreturavtale med Somalia innan rekkevidde

Etter det NRK erfarer er den norske regjeringa i ferd med å sluttføre ein returavtale med Somalia. Den vil opne for tvangsutsending av rundt 500 somaliarar som har fått avslag på opphald i Norge.

Utanriksminister Børge i samtale med den somaliske utanriksministeren Abdusalam Omer

Utanriksminister Børge i samtale med den somaliske utanriksministeren Abdusalam Omer. Norge er i ferd med å sluttføre ein tvangsreturavtale med den afrikanske republikken.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

I fleire år har norske styresmakter jobba for å få på plass ein returavtale med Somalia. I dag føregår det samtalar mellom fleire ministrar for å få på plass ein tvangsreturavtale med den afrikanske republikken i Oslo.

Ifølgje Justis- og beredskapsdepartementet har det vore fleire politiske møter med ein delegasjon med ministrar frå Somalia i dag. Dei skal ha diskutert migrasjon og retur med norske styresmakter, men også andre samarbeidsområde. Det opplyser kommunikasjonsavdelinga i departementet i ein epost til NRK.

Utover dette skriv departementet at dette er ein pågåande prosess og at det ikkje er aktuelt å kommentere innhaldet i no. Ifølgje departementet kjenner ikkje dei til andre land som har ein liknande avtale med Somalia.

Åtvarer mot tvangsretur

Bashe Musse

Leiar i Somalisk nettverk, Bashe Musse åtvarer mot tvangsretur til Somalia.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Meldingane om at norske styresmakter vil tvangsreturnere folk til Somalia tar vi i mot med sjokk og vantru, seier Bashe Musse.

Han er leiar i Somalisk nettverk og bystyrerepresentant for Arbeidarpartiet i Oslo kommune. Han meiner dette vil bli vanskeleg for dei det gjeld.

– Det er folk som er integrert. Det er folk som har blitt ein del av det norske samfunnet, og dei aller fleste har anka sakene sine, seier Musse.

Dei har fått avslag, er det ikkje då rett og rimeleg at dei reiser tilbake?

– Særleg i den sørlege delen av Somalia er det ikkje trygt. Vi veit at i nokon fylke er 60-70 prosent kontrollert av terrorgruppa Al Shabaab. Difor snakkar vi om at tryggleiken for den enkelte blir avgjerande når ein skal returnere til Somalia, meiner Musse.

På Utanriksdepartementet sine eigne sider for reiseråd åtvarar dei mot reiser til Somalia:

«Utenriksdepartementet fraråder alle reiser til eller opphold i sør-, sentral- og nordøst-Somalia, og oppfordrer de som allerede er i disse områder til å forlate området. Utenriksdepartementet fraråder reise eller opphold som ikke er strengt nødvendig til Somaliland.»

Utanriksdepartementet

Utanriksministerane møttes

Utanriksminister Børge Brende møtte den somaliske utanriksministeren Abdusalam Omer under det nordisk-afrikanske utanriksministermøtet i dag. Dette er eit årleg møte mellom utanriksministrane for å diskutere tema som er relevant for både Norden og Afrika.

Utanriksminister Børge i samtale med den somaliske utanriksministeren Abdusalam Omer

Utanriksminister Børge i samtale med den somaliske utanriksministeren Abdusalam Omer.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Etter det NRK erfarer var det den norske regjeringa som tok initiativ til dei politiske samtalane som føregår i dag.

Fleire returavtalar

I januar signerte Norge ein ny avtale om tvangutsending med Etiopia. No kjem truleg nabolandet på Afrikas horn etter. I 2015 søkte 561 personar frå Somalia om asyl i Norge. Det viser tal frå UDI. Så langt i år har det kome 78 asylsøkjarar frå landet.

Regjeringa har også jobba for ein returavtale med Eritrea. På denne tid i fjor var både dåverande statssekretær Jøran Kallmyr og observatørar i landet for å få på plass ein returavtale.

Også den raud-grøne regjeringa jobba for å få på plass ein returavtale med Somalia, men etter det NRK erfarer er det no snakk om ein tvangsreturavtale.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger