Hopp til innhold

Tvangsreturar stoppa: Utlendingar med ulovleg opphald blir i Norge

Koronapandemien skapar store utfordringar for Politiets utlendingseining (PU). Nesten alle uttransportar er sett på vent. – Situasjonen er utruleg krevjande, seier PU-sjefen.

Arne Jørgen Olafsen, sjef for Politiets utlendingseining (PU), på desken deira på Tøyen i Oslo.

PU-sjef Arne Jørgen Olafsen på desken på Tøyen i Oslo. Han fortel at dei møter store utfordringar med land dei normalt samarbeider med. – Det er vanskeleg å få innreise, seier han.

Foto: SIMON SOLHEIM / NRK

Arne Jørgen Olafsen, sjef i PU, viser NRK rundt på desken som ligg i lokala deira på Tøyen i Oslo. Der har dei oversikt over all aktiviteten deira.

Men det er stille.

Sidan 12. mars, då landet blei korona-stengt, har det berre blitt gjennomført eit fåtal tvangsreturar. Det betyr at dei som nektar å reise blir i landet – i alle fall inntil vidare.

– Det er ein veldig vanskeleg situasjon for mange, også for Politiets utlendingseining. Men vi forsøker å gjere det beste ut av situasjonen, seier Olafsen.

Sender 90 til 100 millionar tilbake til staten

I 2020 skulle PU ha uttransportert rundt 500 personar som har fått avslag på asylsøknaden sin, men Olafsen opplyser at dei truleg berre klarer 120 til 130 i år. Det er rundt 25 prosent av målet som regjeringa har sett.

Måltalet for returar etter Dublin-forordninga er på 550. PU klarer kanskje 150 til 200 i år, opplyser PU-sjefen. I verste fall klarer dei då berre rundt 270 mot 1050 som var kravet.

– Det er utruleg krevjande å returnere og transportere ut no, både grunna strenge karantenereglar, men også fordi luftfarten ikkje fungerer som normalt, seier Olafsen.

På tvangsreturar reiser som regel politifolk frå PU saman med dei som sendast ut av landet. Sidan 12. mars har dei hovudsakleg berre reist til land i Europa som ikkje har utløyst karantene. Berre i nokre få tilfelle har PU reist til land som har gitt personellet karantene.

PU-sjefen har varsla sine overordna om at PU kjem til å levere tilbake mellom 90 og 100 millionar kroner til statskassa. Dei får ikkje brukt pengane til det dei skulle.

Vaktleiar John Olav Svartås på desken hos Politiets utlendingseining (PU) og PU-sjef Arne Jørgen Olafsen.

PU-sjef Arne Jørgen Olafsen i samtale med vaktleiar John Olav Svartås på desken til PU. Til vanleg har PU tilsette ute i verda, frå Afghanistan til Italia.

Foto: SIMON SOLHEIM / NRK

Har lagt om drifta

PU-sjefen seier dei forsøker å prioritere å sende ut dei som driv med kriminalitet, men heller ikkje det er enkelt midt i ein pandemi.

– Det er ikkje til å kome ifrå at ein del menneske som oppheld seg i Norge driv med kriminalitet og er til pest og plage for samfunnet. Vi forsøker å prioritere å transportere ut dei som er til størst byrde. Men det er også vanskeleg å returnere disse, seier Olafsen.

PU-sjef Arne Jørgen Olafsen

PU-sjef Arne Jørgen Olafsen fortel at dei har intensivert arbeidet med ID-avklaring.

Foto: SIMON SOLHEIM / NRK

Han fortel at samarbeidet med andre land også annleis enn før.

– Vi møter på store utfordringar med alle landa vi normalt samarbeider med kvar einaste dag. Det er eit kjenneteikn på situasjonen etter 12. mars, seier Olafsen.

Kva er det som går igjen?

– Det er mellom anna vanskeleg å få innreise, svarer han.

PU har måtte legge om store deler av verksemda og har no dreia den over på andre oppgåver, som bistand til politidistrikta som har grense til utlandet. I tillegg har dei fått jobba meir med å avklare identitet på personar utan lovleg opphald, og som dei kan transportere ut seinare.

Tal frå PU vise at det i starten av juli var rundt 3000 personar med ulovleg opphald, men dei trur at mange av dei har reist ut av landet utan å varsle norske styresmakter.

Hei

Takk for at du har lese heilt hit. Veit du om ei god historie som bør forteljast? Ta gjerne kontakt med meg. Alle tips blir behandla konfidensielt.

Les gjerne saka eg skreiv om dei første timane etter skredet i Gjerdrum. Sjå gjerne også Brennpunkt-dokumentaren eg laga om politiavhøyr. Trykk på knappen under for å sende meg ein e-post.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger