Hopp til innhold

Tryggingsekspertar er kritiske til rikinglister i media

Kriminelle kan få hjelp til å finne velståande gjennom offentleggjering av skattelister og lister over velståande, meiner tryggingsekspertar.

Tryggingsekspertar og NRKS rikingliste
Foto: NRK

– Skattelister tek vare på vårt behov for sladder, men gjer også dei med stor formue og inntekt sårbare, seier Jack Fischer Eriksen i Næringslivets tryggingsråd.

Onsdag 9. januar vart det offentleg kjent at kona til milliardær Tom Hagen har vore sakna sidan 31. oktober og er antatt bortført.

Anne-Elisabeth Hagen er etterlyst av politiet etter å ha vært savnet siden 31. oktober i fjor.

Anne-Elisabeth Hagen er etterlyst av politiet etter å ha vore sakna sidan 31. oktober i fjor.

Hagen har dukka opp på fleire lister i ulike medium over Noregs rikaste, og står på 172.-plass på Kapitals liste over Noregs 400 rikaste personar og fekk omtale i fleire aviser om formuen sin i haust. Sjølv er han og familien elles mediesky.

– Meir skadeleg enn nyttig

– Ein kan stille spørsmål ved om det er behov for ein slik type profilering, der ein lagar lister over topp 400 rikaste og offentleggjer skattelister, seier Anders Snortheimsmoen, rådgjevar i selskapet Sikkerhetsledelse.

Anders Snortheimsmoen

Anders Snortheimsmoen er rådgjevar i selskapet Sikkerhetsledelse.

Foto: NRK

Han har tidlegare jobba 32 år i politiets beredskapstropp.

Rådgjevaren meiner at dei som har behov for informasjon om velståande, bør registrere seg og søke i ein database, slik skattelistene er lagt opp i dag.

– Lister skaper moglegheiter for ein motpart. Ein kan seie at ein ville ha funne velståande uansett, men det er ikkje vits i å legge ut sånt. Eg har aldri sett verdien av det. Den typen informasjon er meir skadeleg enn nyttig, seier Snortheimsmoen.

Søk i skattelistene 2016
Foto: Skjermdump, NRK

Debatt om openheit

Begge tryggingsrådgjevarane har sidan bortføringssaka blei kjent blitt nedringt av folk for å få råd om eigen tryggleik.

Eriksen meiner at behovet for skattelister og rikinglister må bli vege opp mot demokratiske prinsipp.

Han trur det framover vil kome ein samfunnsdebatt om kor ope det norske samfunnet skal vere, slik kommentatorar i både VG og Aftenposten skreiv.

– Den norske måten å leve på er ikkje klar for denne typen kriminalitet, skriv Trine Eilertsen, politisk redaktør i Aftenposten.

Kommentator Anders Giæver i VG meiner at bortføringssaka vil reise alvorlege spørsmål om tryggleiken til norske borgarar framover.

– Slik sett kan Anne-Elisabeth Falkevik Hagens forsvinning også ta livet av ei norsk uskuld og føre til eit meir lukka, kontrollert og overvaka samfunn, skriv han.

– Det er viktig å ikkje styre etter frykt, men fakta og kunnskap, så vi sikrar det vi skal sikre og ikkje beskyttar oss unødig, seier Eriksen.

Forsvarar openheitsprinsippet

Norsk Redaktørforening, Norsk Presseforbund og Norsk Journalistlag ønskjer ein debatt om journalistikken rundt skattelistene velkomen, men vil forsvare prinsippet om openheit og offentlegheit i samfunnet.

Redaktør i Sunnmrsposten, Hanna Relling Berg

Hanna Relling Berg er fungerande leiar i Norsk Redaktørforening og ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten.

Foto: Charlotte Ervik / NRK

– Pengar er makt. Det å overvake korleis både pengar og skattesystemet fungerer er ei viktig verdi i samfunnet vårt, seier Hanna Relling Berg, fungerande leiar i Norsk Redaktørforening.

– Det er ikkje slik at journalistar offentleggjer skattelister for å dekke nysgjerrigheitsbehov eller fordi det er gøy, men fordi det er nødvendig for samfunnet å få informasjon om korleis samfunnet blir drive, seier Hege Iren Frantzen, leiar i Norsk Journalistlag.

Berg i Norsk Redaktørforening fortel at det tidlegare har vore ein diskusjon rundt skattelistene i samband med innbrot, men at det ikkje er komen nokon klar oversikt som viser at listene i røynda har nokon direkte effekt på kriminalitet.

– Folk som ønskjer å finne kven som har pengar, vil klare det uansett. Sjølvsagt må ein vege openheit opp mot tryggleiken, men vi kan ikkje la oss styre av at kriminelle skal få lov til å definere korleis vi vil ha samfunnet vårt, seier Berg.

Pressas faglege utval (PFU) har tidlegare handsama eit fåtal saker som er basert på informasjon frå skattelistene, men i tilfelle der utvalet har kome med kritikk mot redaksjonar, går den meir på presentasjon av sak og informasjon enn på at informasjonen er brukt.

NRK lagar færre skatteliste-saker

Også NRK har laga saker basert på skattelistene, men skriv færre slike saker no enn tidlegare, ifølgje Espen Langfeldt Olsen, redaktør i nyheitsdivisjonen i NRK.

Nyhetsledere i NRK: F v Espen Olsen Langfeldt,

Espen Olsen Langfeldt er redaktør i nyheitsdivisjonen i NRK.

Foto: Privat

– Det kan ligge mykje god journalistikk knytt til oversikter over kor mykje folk har i formue og inntekt, fordi det viser fram skilnadane på folk i dette landet, seier Olsen.

Han meiner det har ei verdi å ha eit så ope land at pressa kan vise kven som er rikast.

– Samstundes skal vi vere varsame med å dele detaljerte opplysningar om rike personar, som gateadresse og foto av husa deira.

Skattelister og kriminalitet

I 2006 opplevde Trondheims rikaste mann, Odd Reitan, eit innbrotsforsøk i huset sitt samstundes som han vart omtala i samband med skattelistene.

– Eg skal ikkje påstå at det er lista si skuld. Men timinga var underleg, sa Odd Reitan til adressa.no.

Han hadde då ikkje hatt nokon innbrotsforsøk dei 20 åra hadde budd på staden. Reitan peika også på at talet på tiggarbrev pleidde å auke etter offentleggjering av skattelistene.

I 2002 vart ei millionærfrue brutalt rana av ein ekssoldat i Bergen. Gjerningsmannen hadde funne den rike familien gjennom eigne søk i skattelistene på internett, skreiv Bergens Tidende.

Dette var før innstramminga av reglane for søk i skattelistene som kom i 2011.

– Må gjere kloke vurderingar

– Kan ein skulde på medieoppslag om velståande for at kriminelle blinkar dei ut som offer?

– Nei, det trur eg ikkje, det er å trekke det vel langt. Det finst langt fleire kjelder til opplysningar. Heldigvis lever vi framleis i eit ganske transparent samfunn, og det håper eg vi kan halde fram med, seier Olsen.

Berg i Norsk Redaktørforening vil ikkje kommentere enkeltoppslag, og peikar på at det finst både god og dårleg journalistikk.

– Men eg vil forsvare prinsippet om openheit. Eg synest vi har fått ei ordning på offentleggjeringa av skattelistene som tek vare på informasjonsbehovet. Så kan vi heile tida ha ei diskusjon om kva som er god journalistikk, seier Berg.

Frantzen i Norsk Journalistlag ønskjer ikkje å spekulere i kva som kan vere årsak til kriminelle handlingar. Ho peikar på at det er opp til kvar enkelt redaksjon kva informasjon dei skal gjere offentleg og korleis dei skal gjere det.

– Det er viktig at alle redaksjonar gjer kloke vurderingar i måten dei presenterer informasjonen på, seier ho.

Hege Iren Frantzen i Norsk Journalistlag

Hege Iren Frantzen i Norsk Journalistlag

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Rådgjevar i Norsk Presseforbund, Kristine Foss, tvilar på at det hjelper på tryggleiken å avgrense tilgangen til skattelistene.

– At nokon har mykje pengar er ofte kjent. Men det er viktig å tenke nøye gjennom det ein vil oppnå med offentleggjering, seier Foss.

– Underleg problemstilling

Trygve Hegnar er ansvarleg redaktør for Kapital, som lagar årlege topp 400-lister over Noregs rikaste.

Trygve Hegnar

Trygve Hegnar er ansvarleg redaktør i Kapital.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Det er ei underleg problemstilling å diskutere om ein i Noreg i 2019 skal offentleggjere tal som selskap er lovpålagt å rapportere om – uavhengig av kva motivet skulle vere, seier Hegnar.

– Er det noko pressa bør ha omsyn til i omtale av velståande?

– Det er truleg at pressa gjekk amok eit par år og offentleggjorde adresser og utsjånaden på hus. Men tala ligg der offentleg og kven som helst kan finne ut kva du tener. Samfunnet er best når det er ope og transparent og det er innsyn i offentleg informasjon, seier Hegnar.

Vil ikkje blande debattane

Justisminister Tor Mikkel Wara har uttala at han ikkje ønskjer å sjå bortføringssaka i samanheng med debatten om skattelistene enno.

– Debatten om skattelister og openheit kan ein gjerne ta, men eg trur det er riktig førebels å skilje ho frå denne saka og ikkje blande dei to sakene, seier justisministeren til NTB.

Han peikar på at det er for tidleg å seie kva bortføringssaka handlar om.

AKTUELT NÅ