Hopp til innhold

Trygdeskandalen: Solberg vil ikkje vurdere eigen innsats

Erna Solberg skyver granskingsutvalet framfor seg og svarar ikkje på regjeringa sitt ansvar for trygdeskandalen, meiner SV-leiar Audun Lysbakken. Solberg meiner det er for tidleg å kome med ei eigenvurdering av regjeringa sin innsats.

Muntlig spørretime i Stortinget
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

I spørretimen på Stortinget i dag kravde SV-leiar Audun Lysbakken svar på kvifor ikkje regjeringa slo alarm om trygdeskandalen tidlegere.

Det var første gongen statsminister Erna Solberg måtte svare i Stortinget om det som har skjedd.

Burde slått alarm

– Meiner statsministeren at regjeringa ikkje kunne og burde slått alarm før? ville SV-leiar Audun Lysbakken vite.

Statsministerens hovudsvar var at hovudfokuset no er å rydde opp.

– Eg meiner vi skal vere opne for det som kjem fram, alle steinar skal snuast, sa Solberg.

– Men det viktigaste vi gjer no er å rydde opp, slik at folk som ikkje har fått rettar dei skulle ha og er blitt dømde, skal få oppreisning.

– Vi har alle gjort feil

Lysbakken kritiserte at arbeids- og sosialdepartementet venta to veker frå dei fekk eit brev frå Nav 30. august i år om alvoret i saka. Han lurte på om statsministeren var fornøgd med at det tok så lang tid.

Muntlig spørretime i Stortinget

SV-leiar Audun Lysbakken meiner regjeringa må svare på kva som er gjort i trygdeskandalen sjølv om det er ei offentleg gransking på gang.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Eg kjem ikkje til å seie meg nøgd med enkelttiltak, dette er ein del av granskinga. Vi bør alle i denne salen og i det offentlege Noreg vere audmjuke i denne saka. Vi har gjort feil. EØS-reglane har ikkje vore implementert på ein god nok måte, men mitt hovudfokus er å rydde i det som har skjedd, svarte Solberg i stortingssalen.

På fleire av spørsmåla ho fekk i stortingssalen valde Solberg å vise til at det er ei gransking på gang.

Saknar svar

– Regjeringa må kunne svare på spørsmål om si eiga handtering sjølv om det skal vere gransking, insisterte Lysbakken.

Til NRK utdjupar han:

– Dette er ein defensiv statsminister som skyver granskingsutvalet framfor seg. Det er ingenting i den granskinga som hindrar henne frå å gje ei vurdering av korleis regjeringa har jobba med Nav-skandalen. Mykje av det vi får vite no tyder på at alarmen burde gått tidlegare i regjeringa.

Det er fortsatt over eit halvt år til det regjeringsoppnemnde granskingsutvalet skal levere sin rapport 1. juni 2020.

– Har du ikkje tenkt å svare på nokon ting om korleis regjeringa har handtert Nav-skandalen før granskingsutvalet har levert sin rapport til sommaren, Solberg?

– Jau. Vi kjem til å gje Stortinget all den informasjonen dei treng knytta til behandlinga i kontroll- og konstitusjonskomiteen, seier statsministeren til NRK. – Men å gje vurderingar av kva eg synest om dei ulike etappene synest eg er vanskeleg før eg har sett eit heilskapleg bilete av ein granskingskommisjon. Eg trur ikkje det er riktig å gjere.

SV-leiaren meiner det er ei merkeleg haldning frå statsministeren.

– Kva er følgjen av at statsministeren ikkje svarar?

– Viss ho prøvar å unngå å svare på spørsmål frå Stortinget, så skyver ho heile prosessen ut i tid. Vi kan ikkje utsette alle dei viktige debattane til 1. juni neste år.

Krev fleire svar

Stortinget har ulikt arbeid på gang for å få vite korleis feil regeltolking kunne oppstå i Nav og kva som blir gjort for å rydde opp.

I går sendte også Stortingets kontroll- og konstitusjonskomite eit brev med fem konkrete spørsmål dei vil ha svar på til arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.

Det viktigaste komiteen vil vite er kva regjeringa gjer for å rydde opp for dei Nav-brukarane som har fått urettmessige fengselsstraffer eller tilbakebetalingskrav.

AKTUELT NÅ