Hopp til innhold

Trur på norsk sommarferie – reknar med restriksjonar på utanlandsreiser

Immunologi-forskar Gunnveig Grødeland trur det er sannsynleg at reiserestriksjonane innanlands blir oppheva før sommarferien, men ho reknar ikkje med at problema vil vere over internasjonalt.

Hjørundfjorden, Ørsta

Ferie i heimlandet kan bli aktuelt for mange nordmenn denne sommaren. Her utsynet frå Urkeegga mot Hjørundfjorden i Ørsta kommune i Møre og Romsdal.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Vi er i slutten av mars, og mange nordmenn har alt bestilt sommarferieturen. Andre er i planleggingsfasen, men ingen kan seie noko sikkert om korleis situasjonen vil vere om to til tre månader. Og det er altfor tidleg for styresmaktene å gi råd om kva nordmenn skal gjere.

Gunnveig Grødeland er forskar i immunologi ved Universitetet i Oslo. På spørsmål om korleis ho trur situasjonen vil vere til sommarferien, svarar ho dette:

– Indikasjonar på effekt

Gunnveig Grødeland

Immunolog Gunnveig Grødeland reknar med at reiserestriksjonane innanlands blir oppheva i god tid før sommarferien.

Foto: Kristin Ellefsen / Kristin Ellefsen/UiO

– Det er vanskeleg å seie. Vi har indikasjonar på at tiltaka som er sette i verk i Noreg har effekt når det gjeld å avgrense smitte. Eg håper vi kan lette på tiltaka i god tid før sommaren, men det er langt fra sannsynleg at det er tilfellet internasjonalt.

Ho viser til at fleire land slit med å få kontroll over spreiinga av viruset, og at det er delar av verda der helsestyresmaktene ikkje er i stand til å kontrollere epidemien.

– I sum trur eg det blir avgrensa moglegheiter til internasjonale reiser i sommar, men eg håper det er kontroll over sjukdomen her i landet til sommaren. Og har vi kontroll, så burde det tilseie at vi kan reise som normalt innanlands, seier ho.

Når ein epidemi er under kontroll er premissen at ein koronasjuk i snitt smittar færre enn ein person, på fagspråket at R er mindre enn 1.

– Det eg trur er mest sannsynleg er at vi til sommaren kan unngå dei sterke tiltaka vi opplever no, men at det framleis vil vere restriksjonar på reiser til enkelte land, avsluttar Gunnveig Grødeland.

– Altfor tidleg

Guri Solberg, UD

– Det er altfor tidleg å seie noko om sommarferien, seier kommunikasjonsrådgjevar Guri Solberg i UD.

Foto: UD

UDs reiseråd rår frå nordmenn å gjennomføre reiser til utlandet i fram til 14. april. Kva som vil skje etter den tid er det altfor tidleg å seie noko om, seier kommunikasjonsrådgjevar Guri Solberg i UD.

UDs reiseråd frårår reiser som ikkje er heilt naudsynte til alle land, i første omgang fram til 14.april.

Påskeferien har gått fløyten for dei aller fleste. Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) sa på ein pressekonferanse torsdag ettermiddag at det ikkje er ulovleg å bestille flybillett til utlandet på flyrutene som enno er operative. Men då kan dei ikkje rekne med hjelp frå norske styresmakter når dei vil heim, sa ho blant anna.

Hovudregelen er at dei rår frå reiser som ikkje er heilt nødvendige til alle land. Dette rådet gjeld fram til 14. april, men kva som skjer etter det kan ikkje regjeringa seie noko om no.

Heller ikkje Helsedepartementet vil spekulere i kva som kan skje med restriksjonane etter 14. april.

Overlege: Derfor tror vi noen unge blir alvorlig syke

Les UDs reiseråd her

Usikkert etter 14. april

Bjarne Aani Rysstad er kommunikasjonssjef i Gjensidige skadeforsikring.

Gjensidige har 17.000 innmelde saker som gjeld reiseforsikring og korona, seier kommunikasjonssjef Bjarne Aani Ryssdal.

Foto: Mats Stordal / Mats Stordal

For dei som alt har bestilt reise til utlandet i sommarferien, er det usikkert korleis det vil stille seg med reiseforsikring. Kommunikasjonssjef for skadeforsikring i Gjensidige, Bjarne Aani Ryssdal, seier til NRK at dei erstattar billettar på alle utanlandsreiser fra til og med 14. april.

– Eg vil ikkje spekulere kva som skjer etter det. Men pr. i dag så kan ikkje kunden avbestille ein sommarferietur og få det dekt av reiseforsikringa, seier han.

– Kva med innanlandsreiser i dag? Tilrådinga er å reise minst mogleg?

– Vi erstattar ikkje innanlandsreiser i dag. Men vi får mange spørsmål om det, seier Ryssdal.

Ryssdal fortel at Gjensidige har 17.000 innmelde saker som gjeld reiseforsikring og koronasituasjonen.

Én av tre nordmenn er i risikogruppen for korona

AKTUELT NÅ