Hopp til innhold

Trump lover skulekutt: – Det blir som Noreg

Om ikkje lenge må amerikanarane velje sin neste president. Donald Trump seier at han vil at det amerikanske skulesystemet skal likne meir på det norske.

Faith & Freedom Coalition's Road to Majority Policy Conference Held In Washington, D.C.

SER TIL NORD: Donald Trump vil halvere utgiftene i skulesystemet, og då vil han sjå til Noreg.

Foto: SAMUEL CORUM / AFP

– Vi skal produsere elevar som kan vere rivalar med Noreg.

Den amerikanske valkampen er i gang.

Donald Trump reiser for tida rundt i USA og held lange talar til veljarane sine.

Han sjonglerer ein travel timeplan med rettslege møter og valkamp. Kva politikk han stiller til val med får vanlegvis ikkje mykje merksemd. Det gjer heller dei fire straffesakene han står midt i.

Laurdag heldt den tidlegare presidenten ein lang tale på ein konferanse i Washington, organisert av Faith and Freedom, ein koalisjon av kristenkonservative i USA.

Då bad han kristne veljarar om å stemme på han.

– Det er noko Fidel Castro-aktig over måten han kan stå og prate i timesvis. Trump-talane er ei blanding av talkshow, standup og macho-prat, seier professor i statsvitskap Hilmar Mjelde.

Valkampmøta er rein politisk underhalding for mange, seier Mjelde. Men ein ting beit det norske øyret seg merke i under laurdagens tale.

Faith & Freedom Coalition's Road to Majority Policy Conference Held In Washington, D.C.

Det er tette løp mellom dei presidentkandidatane under haustens val.

Foto: SAMUEL CORUM / AFP

– Dei har ikkje ein velferdsstat å snakke om

USA bruker for mykje pengar på skulesystemet var eit av bodskapa til 78-åringen.

– Vi er nedst når det kjem til evner per elev på nesten alle lister. Og vi bruker meir pengar per elev enn noko anna land i verda.

Derfor vil Trump, dersom han blir president, halvere utgiftene til skulesystemet.

– Kva i helvete har vi å tape, spurde Trump den jublande forsamlinga.

Hilmar Mjelde, professor i statsvitenskap ved HVL.

Hilmar Mjelde er professor i statsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.

Ifølgje Mjelde så har skulepolitikk vore viktig i nokre delstatsval, med då har tema vore den såkalla «kulturkrigen», altså om det skal bli undervist om rase og seksuelle minoritetar i skulen.

Men vanlegvis har ikkje dette vore viktig i eit presidentval, og sikkert ikkje i år heller.

– Amerikanske presidentval har tradisjonelt sett berre handla om økonomi, fordi USA ikkje har noko velferdsstat å snakke om, seier professoren.

Å halvere skuleutgiftene, trur Trump blir ei suksessoppskrift.

– Det blir vakkert. Det blir som Noreg.

– Eg vil seie at førti av statane vil gjere det mykje betre. Eg veddar på at tretti av statane blir fenomenale. Det blir vakkert. Det blir som Noreg:

– De veit, Noreg har eit flott utdanningssystem.

Danmark og Kina trekker ekspresidenten også fram som gode døme.

Ifølge dei siste tala frå OECD blei det brukt 6,8 prosent av BNP på utdanning i Noreg i 2022, då var 6,5 av dei frå det offentlege. Same året blei det brukt 6,1 prosent av BNP på utdanning i USA, og 4,2 prosent av dei var offentlege utgifter.

I 2020 brukte USA meir pengar per elev enn Noreg, viser tal frå OECD.

Så om Trump vil spare pengar, så er ikkje Noreg det rimelegaste utdanningssystemet å sjå til.

Under talen sin fortalde Trump korleis han skal sette to personar på saka og sørge for at elevane lærer seg litt engelsk og resten sunn fornuft.

– Vi skal spare ei formue og produsere utrulege elevar som kan vere rivalar med Noreg, Danmark og alle desse plassane.

Former U.S. President Trump speaks at the Faith and Freedom Coalition's 'Road to Majority' policy conference in Washington

Donald Trump viste fram Tic Tacs då han snakka om inflasjon under talen sin.

Foto: Evelyn Hockstein / Reuters

Høge prisar og kaos på Mexico-grensa

Det er under fem månadar til amerikanarane skal gå til valurnene. Sjølv om Trump brukte tid på å snakke om skulepolitikk i helga, trur ikkje Mjelde at dette blir viktig under valkampen.

– Valets viktigaste saker er høge prisar i butikkane og kaoset på Mexico-grensa. Dette er også dei sakene som veljarane har mest tillit til Trump på.

Valkampen i år minner mykje om 2016-valkampen. Trump er outsideren og lov-og-orden-kandidaten som skal få skikk på landet, seier Mjelde.

Seinare denne veka skal Donald Trump og president Joe Biden møtast i sin første direktesende debatt. Dette blir den første debatten mellom ein sittande og ein tidlegare president.

– Trump er veldig god i debattar. Det var der han trampa flat motstandarane i 2016-valet. Debattane er mest politisk underhalding.

Høyr meir om dette i Urix-podkasten:

AKTUELT NÅ