Hopp til innhold

Trump sine omstridde skattedokument publiserte: Betalte ingen skatt i 2020

Ein komite i Representanthuset har valt å offentleggjere skattedokumenta som tidlegare president Donald Trump ikkje vil at omverda skal sjå.

Trump Taxes

PUBLISERTE SKATTEINFORMASJON:

Foto: Rebecca Blackwell / AP

Tida var i ferd med å renne ut. Om få dagar kjem Republikanarane til å ta over Representanthuset, som Demokratane har kontrollert sidan Joe Biden blei president.

No er dokumenta, som syner sjølvmeldingane til Trump (76) frå 2015 til 2020, tilgjengelege for offentlegheita.

Skattemeldingane omfattar 6 000 sider, der 2 700 er individuelle dokument frå Trump og kona hans Melania, og 3 000 er frå forretningane hans.

Nokre personlege opplysingar er redigerte ut, som Trump sitt personnummer.

Dokumenta viser at ekteparet ikkje betalte meir enn 750 dollar i føderal inntektsskatt i 2016 og 2017.

Det siste året i Det kvite huset, då Trump tapte attvalet, betalte han ikkje skatt i det heile. Dette var som følge av minkande inntekt og store finansielle tap.

Tjenestepersoner ved granskingskomiteen i Representanthuset transporterer esker med dokumenter etter at komiteen hadde et møte der de diskuterte tidligere president Donald Trumps selvangivelse. Bildet er fra 20. desember.

Tenestepersonar i granskingskomiteen transporterer boksar med dokument etter eit møte om sjølvmeldingane.

Foto: JONATHAN ERNST / Reuters

Trump meldte eit pengetap på 4,8 millionar dollar dette året, og ingen inntektsskatt, medan landet blei herja av koronapandemien.

I kontrast meldte han om 24,3 millionar dollar i bruttoinntekt og betalte nesten 1 million dollar i føderal skatt to år tidlegare, i 2018.

Denne inntektsauken kom i stor grad frå sal av eigedom og investeringar for 22 millionar dollar.

Bryt med tradisjonen

Sidan Jimmy Carter si tid har det vore vanleg at amerikanske presidentar publiserer sjølvmeldingane sine frivillig. Fleire visepresidentar har valt å gjere det same.

Det finst likevel inga lov som tilseier at presidentar eller presidentkandidatar offentleggjere denne informasjonen.

Trump nekta å publisere sine, både som presidentkandidat og president, og har kjempa for at opplysingane han har levert til skattevesenet skal fortsette å vere private.

Skattemeldingane som har kome fram ser ikkje ut til å avdekke nokon kriminelle kjelder for rikdommen hans, noko fleire motstandarar har hevda.

Demonstranter står utenfor den amerikanske kongressen. Bildet er fra april 2017.

Demonstrantar står utanfor den amerikanske kongressen. Biletet er frå april 2017.

Foto: MANDEL NGAN / AFP

Sjølve kjerneverksemda har lidd store tap. Likevel har Trump hatt store inntekter frå realityshowet sitt på TV, «The Apprentice», og andre verksemder med hans merkenamn.

Han har også hatt stabil inntekt frå eit eigedoms-partnarskap.

Ein strategi han har brukt for å redusere skatten, var å overføre tap frå eitt år til det neste som frådrag.

Bakgrunnen er eit tap han meldte om på 700 millionar dollar i 2009. IRS skal vere i ferd med å undersøke om det tapet var legitimt.

Utover dette syner dokumenta ei mengde frådrag som ikkje er dokumenterte.

Blant desse er overføringar til dei tre barna som er ført opp som gåver, og millionar i frådrag på ein eigedom i ein av New York sine forstader.

Trump: – Skulle aldri ha gjort det

I ein e-post til New York Times søndag morgon lokal tid, svarte Trump at komiteen sitt val kom til å få konsekvensar.

– Demokratane skulle aldri ha gjort det, Høgsteretten skulle aldri ha godkjent det, og det kjem til å føre til forferdelege ting for så mange menneske, skreiv han.

– Den store skiljet i USA kjem no til å bli mykje verre. Dei radikale venstre-Demokratane har gjort alt til eit våpen, men hugs, det er farleg og går begge vegar!

Trump Taxes

Trump meiner han har vore i sentrum av ei politisk heksejakt sidan han kom ned heisa i Trump-tårnet.

Foto: John Minchillo / AP

Trump hevda sist veke at demokratane hadde fått tilgang på desse dokumenta på ulovleg vis, og så lekka dei til offentlegheita. Dette stemmer ikkje.

Også republikanar Kevin Brady, som også er medlem i komiteen, er kritisk til publiseringa.

Han kallar ifølge NBC publiseringa av dokumenta som ei handling «utan sidestykke», og seier det kjem til å «setje på spel retten til kvar og ein amerikanar til vern mot målretta politiske angrep frå Kongressen».

Les også Granskningskomite: Trump var del av kriminell sammensvergelse

Blei ikkje kontrollert på to år

Kampen om sjølvmeldingane har i fleire år gått føre seg i det amerikanske rettssystemet, og blei teke så langt som til Høgsteretten.

Der blei det bestemt at komiteen hadde lov å publisere dokumenta, dersom dei blei einige om det.

For ti dagar sidan publiserte komiteen to rapportar som omhandla Trump sine finansar.

Trump Taxes

Komiteen i Representanthuset har også publisert to rapportar om manglande kontrollering av den tidlegare presidenten frå IRS.

Foto: Jon Elswick / AP

Dei hadde nemleg oppdaga at Trump ikkje blei undersøkt av det amerikanske skattevesenet (IRS), slik alle amerikanske presidentar skal, dei første to åra han var president.

IRS starta heller ikkje med dette før Demokratane kravde å få tilgang på sjølvmeldingane i 2019, ifølge rapportane. Demokratane trur dette kan vere grunna ulovleg politisk påverknad.

– Resultata våre viste seg å vere enkle – IRS starta ikkje den påbodne kontrolleringa av den tidlegare presidenten før eg leverte min opphavlege førespurnad, seier representant Richard E. Neal frå Massachusetts, som leiar komiteen.

Det var altså eitt år etter at desse pengane blei kravde inn at Trump ikkje betalte noko inntektsskatt.

Komiteen i Representanthuset bekreftar at IRS held på å granske skattemeldingane hans frå før han blei president. Dette kan framleis føre til millionar av dollar i restskatt.

– Kom i grevens tid

Dersom Demokratane ikkje publiserte informasjonen no, hadde dei sannsynlegvis ikkje fått gjere det, meiner USA-ekspert Sofie Høgestøl.

– Dei fekk jo dette her i grevens tid. Hadde domstolane brukt lenger tid på å behandle dette her, så hadde dei truleg ikkje hatt fleirtalet lenger.

Sofie Høgestøl

Sofie Høgestøl, førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo og varamedlem for Venstre i Stortinget.

Foto: Kristian Elster / NRK

– Noko av problemet til Demokratane er at ein har bygd opp ei forventning om at det skulle vere noko klart han skulle skjule i desse skattemeldingane.

Noko kriminell inntektskjelde, ser dei ikkje ut til å avdekke.

Likevel seier Høgestøl at sjølvmeldingane har vore viktige for mange, om berre for å vise økonomisk transparens. For nokon, men ikkje for alle.

– Det ein såg veldig tydeleg i 2016 var at tilhengarane hans ikkje brydde seg så mykje om desse skattemeldingane. Det var hans politiske motstandarar som gjorde det.

Dette gjeld heller ikkje smotthola Trump ser ut til å ha nytta seg av for å betale mindre skatt, og no blir undersøkt for av IRS.

– Han har jo brukt ein del skattereglar her til å avskrive og verkeleg skatte mykje mindre.

– Det at ein rik mann som Trump skatte-planleggar, det trur eg ingen av hans følgarar er overraska over. Eg trur nokre vil tenke: «Han har vore ein smart businessman. Sjølvsagt har han funne måtar å skatte mindre på.»

SISTE NYTT

Siste nytt